ÅRSSKRIFT 2011 – Ulovleg boikott av gardbrukarane i Øvrebø

ÅRSSKRIFT 2011 – Ulovleg boikott av gardbrukarane i Øvrebø

I årsskrift for 2002 skrev Alf Eikaas om streik og arbeidsopprør i Øvrebø i 1936. Her kan du lese hva avisen Agder Tidend skrev om opprøret sett med øynene til bøndene.

Arbeidarane ved Agder Meieri vil ikkje taka i mot mjølk fraa dei som ikkje «ordnar seg» med «Skog og Land». Og «Næringsmiddelgruppen» slær fælgje.                                                                                                                   I Øvrebø har det vore tinga om hogstpris m.v. mellom bøndene og «Skog og Land», men dei hev ikkje vorte samde. Og so vert det open strid fordi det hev vorte reist einsympatiaksjon i byen.Soleis hev arbeidarane ved Agder Meieri vedteke, fortel Sørlandet i gaar, at dei ikkje vil ha noko med mjølki fraa gardbrukarane i Øvrebø aa gjere. Me høyrer på meieriet at dei der i gaar kveld vart levert ei liste med kring 20 mann som skal boikottast. Og i gaar hadde «Næringsmiddelgruppen» møte for aa drøfte saki. Etter det me fær upplyst stillar arbeidarane som kjem inn under denne gruppa seg solidarisk, men karakteristisk nok fær me paa vårt spursmaal det svar at det ikkje er organisasjonen som hev gjort dette vedtaket. For dei veit vel at denne aksjonen er ulovleg. Arbeidarane ved Agder Kjøpelag skal elles i sin kontrakt ha med at dei ikkje vil ha noko aa gjere med varor til eller fraa slike som er i konflikt, so dei hev altso rett til aa fylgje sine avtalor aa vera med paa boikott i dette tilfellet.

Noen dager senere skriver avisen:

Arbeidarane ved Agder Meieri tek ikkje i mot Øvrebø-mjølki i dag. Ei meierske laut vega mjølki inn. Arbeidarane ved Agder Meieri som var mobilisert med tilføre av konflikten i Øvrebø, sette fram som ultimatum at ordna ikkje bøndene i Øvrebø seg med «Skog og Land» innan maandag kveld, vilde dei ikkje taka i mot mjølki fraa bøndene i Øvrebø. I dag hev meieriet teke imot mjølki. Det var etter det me høyrer ei meierske som vog mjølki inn. Som nemnt annan stad i bladet vert det kravt mekling i konflikten i Øvrebø. Ein skulle daa tru at denne saki vilde late seg ordna, slik at det vert «vaapenstilstand» i allefal til ein saag resultatet av meklingi.

Dagen etter melder avisen:

Konflikten i Øvrebø. Mekling i ettermiddag.       Bøndene og «Skog og Land» i Øvrebø hev som meldt vedteke aa krevje mekling i konflikten og riksmeglingsmannen hev no gjenge med paa at det vert offentleg mekling ved krinsmeklingsmannen. Paartane er innkalla til møte i ettermiddag kl. 4. For bøndene møter det to mann som forhandlarar. 

En ukes tid senere kan en lese:      

Konflikten i Øvrebø løyst. Arbeidarane fekk den betaling dei kravde, men kravi elles maatte dei fire paa. Svar fraa partane i konflikten i Øvrebø vart gjeve i gaarkveld. Baae partane hev vedteke framlegget fraa meklingsmannen. Dagløni vert etter dette kr. 5,50, det same som vart kravd. Det same gjeld hogstprisen for ved, kr. 6,00 for maalet. For vrang sti vart det kravd eit tillegg paa 15 prosent. Dette tillegget vart noko mindre. For last blir hogstprisen 5 kronor tylfti for 7 tumars og 6 kronor for 8 tumars last. «Skog og Land» hev kravt at tenestegutar ikkje skulde kunne nyttast t.d. til skogkulturarbeid og anna som vert utført med offentlege tilskot. Dette fell burt. Vidare har dei kravt at tenestegutar ikkje skulle faa lov aa hogga utan det vart betalt den vanlege hogstbetaling. Det vert slik at tenestegut ikkje kan hogge meir enn halvparten av det vedkomande driv til sal. Endeleg kravde dei at tariffen skulde gaa ut 1. april, altsaa like før vaarvinna og floting. Dette er fraafalle slik at det vert eitt aars tariff.                                       

Lars