ÅRSSKRIFT 2015 – Agder Tidend 1954

ÅRSSKRIFT 2015 – Agder Tidend 1954

Ivelands knuseverk i Øvrebø leverer 150 tonn grus om dagen.

Ein har planta skog der ein har teke bort eit 5 meters lag med aur.

«Å greve dei ette,-» sa han, mannen som kom forbi Stallemo i Øvrebø og fekk sjå dei store innhogg i utgamal aur og stein.

Ja, det er visseleg ikkje gull ein grev etter her, sjølv om det er ei lita gullgruve for seg, knuseverket til Ivelands på Stallemo. Det er Georg og Gunnar Iveland som har funne sin måte å utnytte eigedomen på, og ikkje mindre enn 17.000 kubikkmeter grus og singel er køyrt ut frå denne staden, berre på to år. Men meir skal det bli. Kvar dag køyrer 4 lastebilar sine 9 vendingar inn til byen med 3,5 tonn grus. På den måten kan ein levere opp til 150 kubikkmeter om dagen.

Sjeldan ser ein at arbeidet går meir rasjonelt enn her på Stallemo. Sjølve knuseverket er plassert i kanten av feltet. I ei lita hytte står ein mann og styrer heile maskineriet med spaker og styregreier. Når sjølve råstoffet skal inn er det berre å strykke på ein knapp og så legg slepeskuffa i veg ut på banen. Ho liknar ein liten flygande tallerken denne slepeskuffa. Ute på feltet grev ho seg ned i auren og glir inn mot valsene med fullt lass.

Denne slepeskuffa er noko av det beste med heile «butikken#, meiner Iveland. Det er den som sparer ein for det meste arbeidet. Sjølve lessinga på bilen går av seg sjølv, så å seie. Ein køyrer bilen under siloen, dreg i eit handtak og lasset er på plass på under eit minutt.

Det er synd å seia at det pyntar opp i terrenget med desse uvanleg svære holene i jorda. Kring 5 meter grev ein seg ned, og når dette breier seg ut over ei høveleg vidde, vert der att ein liten innsjø, meiningslaus som sådan utan vatn.

Men dette kan rettast på seier Iveland. Ein kan plante skog på denne botnen, og då vil det verta furumo ein gong. Iveland har ein nabo inntil feltet sitt, ein nabo som han berre er så passeleg godt nøgd med. Det kan vi godt forstå, for det er sjølve staten som har slege seg ned der. Og staten tykkjer vel om desse monane, likar dei heile så godt at han vil ha noko av det. Det er tydeleg for godt for privatmannen. Vel, det er ikkje å undrast på at ikkje Iveland godvillig går med på slikt. Men staten var like huga og nytta i neste utspel trumfen som heiter ekspropriasjonIveland er spent på korleis dette vil enda. Det er med han som med oss alle, han likar best å ha med slike å gjera som held seg på eigne trakter.

Annonse:

IVELANDS KUSEVERK Telefon 8029 Leverer: Singel – Grus – Sand – Støypesand

Lars