ÅRSKRIFT 2014 – Kravlefossen (forfatter ukjent.)

ÅRSKRIFT 2014 – Kravlefossen (forfatter ukjent.)

Når en kjører ned veien fra Åsen til Underåsen har nok mange merket seg den dype dalen som ligger på nedsiden av veien, eller Juvet som mange kaller det. Det er vanskelig å forestille seg at det har vært mulig å fløte tommer der, og heller ikke bekken som renner gjennom Stallemodalen imponerer med sin størrelse. Som du kan lese her har det imidlertid vært en viktig fløtningsvei tilbake i tid, og det er et imponerende arbeid som er gjort for å utvide elva og legge til rette for at tømmeret skulle komme trygt ned i dalen nedenfor.

Kravlefossen. Greie flotningselvar har hatt umåteleg stor verd for skogeigarar og lastehandlarar gjennom mange hundre år. Fossar og elvar med leie stryk stengde derimot ofte flotinga heilt. Slik var det med Kravlefossen, elva mellom Åsen i Øvrebø og Underåsen i Greipstad. Det er fossar, hølar og stryk i ei lengd på ein kilometer- Sjølve fossen hadde eit loddfall på 13 alen, (ca. 8 meter), etter gamal rekning. Den fyrste som prøvde seg med å støyte last i Kravlefossen var Sivert Svenkeson Hægeland. Det måtte vera sist i 1600-talet eller kring 1700. Han hadde berre motbør og tap med heile prøvedrifta. Lasta blei ståande i fossen og rotne. Slik er det fortalt på Vårtinget i Høllen i 1739. Bykjøpmann, sagbrukseigar og lastekjøpar Samuel Muule hadde priviligie på bordskur på Rosseland Sag i Greipstad. Han kjøpte last av bøndene på gardane langsmed Songeelva både i Øvrebø, Finsland og Hægeland, frå Kravlefossen og opp til Sognevatnet i Hægeland.

Minebor og krutt. Sommareen 1735 tok Muule til med «minering og rødning» i Kravlefossen. Det var naudsynt om han skullle kunne flota lasta her. På Vårtinget i 1739 har han stemt inn mange karar til vitne om dette storarbeidet.. Mellom dei var Kristen O. Rollestad, Lars M. Heivoll og Ole J. Åsen som saman med Bjørn Grinneland la eid. Muule spurde om dei alle, saman med Ole minemeister og Muule, noko føre Jonsok 1935 var nede i elva «hvor Rollestadelven løber i Songdalselven». Dei skulle granske om det var mogleg «at de fjeld og store stene der av naturen var til forhindring således at aldri noen tilforn har kunnet flåde saugtimmer eller anden trelast, kunne ved mining og rødning gjøres så bekvem at han kunde flåde saugtimmeret til den til han tilhørende Rosseland saug fornødne  allernådigst bevilgede kvantum bords skur.»

Vitna minnest dette godt, korleis dei måtte hale seg med line og krype mellom fjell og steinar. Vitna såg det heilt rådlaust. Det ville bli så «utålelige omkostninger» at Muule kunne arme seg ut på det, og likevel ikkje få det i stand at han kunne flote tømmer der. Ole minemeister hadde sagt at han skulle gjere sitt beste, når Muule ville ta kostnaden med pengear, krutt, stål, jern, arbeidsfolk og anna han trong.

Muule tok då straks etter fatt med 4 – 6 mann som heldt på lenge den sommaren. Og arbeidet heldt på dei tri neste somrane med. Ole Åsen og Kristen Rollestad hadde vore med på arbeidet dei åra. Og i lag med fleire har dei flota skurtømmer her, som Muule hadde kjøpt i distriktet ovanfor. Det er desse karane som fortalde om den misslykka flotinga til Sivert Hageland «for omkring 40 år sidan». Trass i storarbeidet, er endå løpet så trongt at det kan ikkje flotast lenger last enn 10 – 12 fot. Endå blei det dyrare drift enn i andre elvar.

Etter mineringa har Muule kjøpt last på desse gardane: Grinneland, Øvland, Heivoll, Leibesland, Hønemyr, Spikkeland, Greibesland og Øvrebø. Før mininga kunne ingen av desse drive tømmer denne vegen. Skogane deira har godt som ikkje vore til nytte før Muule tok til, seier vitna. Bøndene er takksame mot Muule. Det har vore til stor signing for bygdene her, meddi så mange får arbeid med hogst og floting. Bjørn K. Grinneland vitna at han hadde kontrakt med Muule om 1/2 rdl. tylfta for floting frå dei øvre nemnde gardane og til saga på Rosseland, mindre for gardane under ei halv mil ovanfor fossen. Rosselandsbøndene hadde 12 skilling tylfta for kjøring frå elva til saga, 3 ort pr. 100 bord for skjeringa. 1 1/2 ort pr. 100 for å fløte bord frå saga til Høllen og landsetje dei der.

Hausten 1754 var det granskingsrett ved «Stallemo saugsted«. Byborgar Hans Jacobsen Lund og oppsitjarane på Stallemo hadde søkt om «et saugsted i Stallemobekken», datert 14. okt. 1753. Oppsitjarane var Tharald, Vrål, Ole, Christen og Torgjus. Nå har Samuel Muule stemt desse! Han meiner han kan stenge denne saga dei søkjer om avdi han kjøper last ovanfor, og har kostå på mykje på Kravlefossen. Det vart kontrastemning ved prokurator Faye, på vegne av Lund. Samuel Muule kravde sine vitne fyrst fram. Han hadde med seg prokurator David Rap. Vitna: Lars M. Heivoll, Jørgen K. Grinneland, Ole J. Grinneland, Børu Rollestad, Siver Hægeland og Ole T. Liiene la eid.

Granskinga tok så til ved «Stallemobekken, hvor det omstevnte saugsted finnes at være begynt til bebyggelse av tvende brokar». Staden ligger 2 miler ovenfor Rosseland sag, og et par muskettskot «nær den liden elv hvorigjennom tømmeret flødes» til Rosselandssagafra alle gardane langsmed elva opp til Haugland. Muule tok flokken med nedover og synte det storarbeidet som var utført i elva. Det har kosta 200 rdl., seier han. Det protesterar Faye på «som ubevislig». Bjørn Grinneland vitnar at han var med på arbeidet dei to siste somrane, og meiner dei arbeidde en månad kvar sommar. Fyrste sommaren varde arbeidet meir enn to månader. Han seier og at Muule har betalt skattane for bøndene han har kjøpt last av der oppe. Det kjem og fram at Muule også har fått last frå Hægeland, Mushom, Halland Topstad, Ilebekk, Øvrebø og Opsal. Prokurator Faye spør om ikkje bøndene fråå desse gardane slutta å selje til Mule då Ilebekk sag og Øvrebø sag blei bygde. Bjørn Grinneland og Sivert Hægeland saa at det var så, men Muule hadde sia kjøpt tømmer frå 14 oppsitjarar på Stallemo, Lian, Knollen, Rollestad og Stupstad. Retten spurde om ikkje Muule ville miste desse gardane i fall Stallemo sag blei bygd. Faye protesterte mot svar på slike spørsmål «da det ville være umulig for vidnene å avlegge vidnesbyrd om andres tanker og forsæt». Vitna sa likevel at dei gardane hadde laglegast levering til Stallemo. Dei ble spurt om andre sagbruk i nærleiken. Siver Hægeland og Andreas Greipesland svara på det: Fidje sag ligg omlag 3 fjerding herfrå, i anna bygdelag og anna vassfar. Ilebekk (eller Berge) sag ligg i Øvrebø, men i anna vassfar. Øvrebø sag 5 fjerding herfrå ligg og i anna vassfar. Desse tre sagbruka er «uleilige, men de har for nøds skyld brukt dem». Lasta for dei nemnde gardane i Finsland kan lettvint drivast til Stallemo. Sume av desse har «i nød og til skatter» skore ved Mæsel sag, opptil 1 1/2 miler unna. Muule trudde det var nok fråsegn dette, men Faye spurde om vitna veit at Siver Hægeland minte bor i fossen før Muule tok fatt? Det blei vitna at det vart sett minehol i fjellet der før Muule starta, og det blei sagt at «Siver Hægeland sette sin velfærd til derpå». Sonesonen, Siver Hægeland, vitna at dette var sant. Både fut og rentekammer er varsla. Dei hevdar at det blir bygt på saga her utan løyve, og at reisinga av taket alt har teke til. Elva ovanfor Greipesland er berre som ein bekk, blir det sagt. I flaum kan det flotast ein halv dag, stundom ein dag. Då må det vera 12 – 16 fløytarar. Dei gardane frå Finsland og Hægeland som har selt til Muule, er nemnde her med skyld og oppsitjarar: Haugland 3 huder 3 bønder sel årleg 10 – 12 tylfter kvar Steinsland 1 1/2 hud 2 » » » 1 – 2 » » Grindland 2 1/2 » 2 » » » 12 – 16 » » Heivollen 1 » 1 6 – 10 » » Leipsland 2 » 1 » » 6 – 10 » » Eftestad 2 » 3 » » » 10 – 12 » » Dybesland 1 » 1 » » 7 – 8 » » Øvland 3 » 4 » » » 13 – 14 » » Hønemyr 1 1/4 » 2 » » » 2 » » Heggland 1 1/4 » 2 » » » 2 » » Spikkeland 4 » 4 » » » 18 – 20 » » Dette blei alt kring 200 tylfter. Sume av desse har og sendt last til Mæsel sag.«

Skogane i Stallemodalen kan årleg åverke 100 tylfter: Greipesland med 4 oppsitj. 40 tylfter godt tømmer til saman. Før har dei sendt det meste til Mæsel sag, resten til Øvrebø sag. Rollestad med 2 oppsitj. 15 tylfter til saman. Før til Mæsel og Øvrebø sag. Knollen og Liene med 2 oppsitj. 4 tylfter til saman. Hægeland med 2 oppsitj. 16 tylfter til saman. Før til Ilebekk og Fidje sager. Topstad med 2 oppsitj. 4 tylfter til saman. Før til Ilebekk sag. Stallemo med 6 oppsitj. 14 tylfter til saman. Det meste til Ilebekk og Fidje. Kravlen og Åsen med 4 oppsitj. 5 – 6 tylfter til saman.

Det var O. H. Greipesland, Sivert og Anders Hægeland som vitna dette, og seier at sag på Stallemo er laglegast for desse. Kvifor har dei då slutta å handle med Muule? Siver H. seier at han har handla med Muule i 19 år, men vil slutte av di det løner seg betre å skjere last til bord. Den lange tida han har handla med Muule har han ikkje «bekommet nogen skilling«. Falker Øvland, O. Grindland, Ole Liene og Anders Hægeland hadde same grunngjevinga: Stod seg betre på å skjere til bord, og dei fekk aldri reie pengar av Muule. Desse vitna seier at om Stallemo sag får eit kvantum på 1500 bord, er det endå fullnok til Rosseland sag. Vitna kjem og inn på at Mæsel sag får nok tømmer frå sitt eige bygdelag, dermed har stundom tømmeret frå Stallemodalen blitt liggand og rotne ved Mæsel sag. Fekk dei saga på Stallemo, kunne bøndene få vragebord dei trong til vøling og bygging.

Lars Heivoll og Falkor Øvland var fløytarar for Muule, og vitna at dei årleg fløytte 100 tylfter eller noko meir for han. Lars fortalde at i sommar læg det på land omlag 120 tylfter av Muules last ovanfrå og til Leipsland bru. Og Ole Greipesland sa at det låg 80 tylfter «av dette års last» mellom Leipsland og Rollestad. Frå Rollestad til Stallemo låg det 13 tylfter. «Og dette var foruden det andet tømmer der lå i elven av Muules last som formedels mengden ikke kunne telles». Kor lang tid dei trudde sia det var sag på Stallemo? Sag har det stade frå gamal tid. Gamle folk kan endå minnast då saga blei brukt, var svaret. Kvifor blei saga lagt ned? Sivert Hægeland svarte: «Bispeenka fru Jersin skal ha ått saga. Då ho døydde, veit eg ikkje korleis saga blei kassert, men bøndene på garden var ringe leiglendingar og har sia alltid vore fattige». (Bispen Jacob Jersin var fyrste bispen i Kristiansand, han døydde 1694.)

Lars