ÅRSSKRIFT 2014 – eit merkeår i noregssoga – kva gjekk føre seg i Øvrebø våren 1814? – av Ådne Fardal Klev

ÅRSSKRIFT 2014 – eit merkeår i noregssoga – kva…

I år er det 200 år sidan eit politisk drama utspelte seg i Noreg. Kor mykje av dette som opptok den vanlege øredøl, er ikkje godt å ha noko klårt bilete av, men straumdraga frå den store verda nådde sikkert ein og annan også her i soknet. Noko har folket her i bugda sjølvsagt visst, men om dei storpolitiske hendingane gjorde serleg inntrykk på dagleglivet er vel heller tvilsamt. Kvar kyrkjelyd skulle velja valmenn som så i sin tur skulle velja representantar til ei riksforsamling på Eidsvoll. Også Øvrebø valte sine to menn, kvinner var ikkje aktuelt å velja den gongen, og dei hadde heller ikkje røysterett. For samanhengen skal me sjå noko stutt på hendingane som førte til vala i Øvrebø kyrkje på vårparten 1814. 

Kielfreden blei underskreven 14. januar 1814. I hovudsak gjekk han ut på at Danmark skulle avstå Noreg til Sverige sidan svenskane hadde delteke på «rett» side og Danmark på «gal» side under Napoleonskrigane. Allereie året før hadde danskekongen sendt syskenbornet sitt, Christian Fredrik, som statthaldar til Noreg, og han blei kjent med Kielfreden 24. januar. Frå då av hadde han ikkje noko formell makt. Like fullt nytta han tida godt for å førebu grunnen til ei sjølstendereising i Noreg.

Han fekk kalla saman til stormannsmøte på Eidsvoll og her proklamerte han seg sjøl som regen – ikkje konge – den 16. februar. I tillegg blei det bestemt at det over heile landet skulle veljast representantar til ei riksforsamling på Eidsvoll. Både dei som skulle velja og dei som blei valte måtte avleggja «folkeeden» – at dei ville arbeida for Noregs sjølvstende.

19. februar sende Christian Fredrik ut eit skriv til biskopane, som skulle formidla dette vidare til sokneprestane. Også i Øvrebø blei vala organiserte etter føresegnene i brevet frå regenten. Vala skulle foregå i kvar kyrkje ved ein ekstraordinær bededag. Bønder, brukseigarar, embetsmenn og borgarar over 25 år hadde røysterett. No var det få av dei tre siste kategoriane i Øvrebø sokn, her var det nok berre ulike lag frå bondestanden som gjorde seg gjeldande – utanom presten sjølvsagt.

Når kyrkjelyden var samla, skulle det fyrst haldast «en kort, men kraftfuld» innleiingstale. Deretter skulle brevet frå danskekongen og regenten sitt brev bli lesne opp før eiden måtte avleggjast: «Sværge I, at hævde Norges Selvstendighed, og at vove Liv og Blod for det elskede Fædreland?« Med oppløfta fingre skulle ein då svara: «Det sværge vi, saa sandt hjelpe os Gud og hans hellige Ord».

Presten skulle så «oplæse den af Biskopen ham meddelte anbefalede Bøn, og nedbede Himmelens Velsignelse over det Norske Folk, thi denne høitidelige Handling skal foretaget til Guds Ære». Vidare skulle soknepresten halde «en passende Prediken» over Salme 62, 8-9.

Til slutt skriv regenten i brevet sitt: «Jeg stoler ved denne, som ved alle Leiligheder, paa Presteskabets gavnlige Indflydelse paa Almuen, til at opflamme dens varme Følelse for Fædrenelandets den gode Sag». Etter valet måtte presten og eventuelt andre embetsmenn skriva under saman med 12 av dei «agtværdigste Mænd» i kyrkjelyden. Det var føresegner om at mellom dei som blei valte i landdistriktane, måtte den eine vere frå bondestanden.

Dei to som blei valde frå Øvrebø sokn var Kristen Osmundsen Rollestad og Aanon Johnsen Greibesland. Kristen Rollestad var skoleholder i 1801, og far hans var lensmann det året. Seinare i 1801 blei Kristen sjølv lensmann, fram til 1805, og frå 1812 att til iallfall 1814. Aanon Greibesland var i 1804 blitt gift med Kristen si syster, Ingeborg Osmundsdotter Rollestad. og tok over som lensmann etter svogeren, i 1805 til 1811, og frå kring 1814 att og til han døydde i 1832. Det ser ut til at gamlelensmannen Osmund Rollestad heller ville ha svigersonen til lensmann, då han sine eigne søner var fæle til å drikka, heitte det seg. I alle fall var altså dei to valmennene frå Øvrebø svograr, og her fann me det øvre sjiktet i bondestanden.

Valbrevet er underteikna av presten Bærent Smith og Anders Johnsen Røstad, «forsanger ved Øvrebøe«. Det var naturleg at presten skulle leia valet i kyrkja, og det er nok også han som har skrive brevet om kven som er valt. Brevet er ikkje dagsett, men det må truleg ha vore i mars månad. I 1805 blei Øvrebø eige prestegjeld, men fyrst i 1814 blei den fyrste soknepresten tilsett, næmleg Bærent Gjertsen Smith. Han var prest her fram til 1836. I den tida hadde bøndene framleis plikt til å skyssa presten, og han brukte å seia frå preikestolen kven som skulle skyssa neste preikesøndag. «Møt med velskodd hest og ingen fruentimmer«, sa han. Ein gong hadde nemleg ein møtt med ein dårleg skodd hest, og ein annan gong hadde det møtt fram ei jente. Smith var visstnok ingen talar, men skulle vere desto betre til å messa.

Dei tolv aktverdige menn (her i Øvrebø ser det ut til å vera 13) som også underteikna brevet, var Nils Nilsen Reiersdal, Nils Nilsen Reiersdal (far og son), Gulov Olsen Eikeland, Torjus Larsen Reiersdal, Gunder Olsen Homme, Anders Andersen Stubsstad, Lars Olsen Ilebakk, Knud Olsen Tobstaad, Sjur Andersen Hægeland, Halvor Berntsen Sangesland, Baard Olsen Loland, Ansten Tollisen Li og Aanon Johnsen Greibesland (han blei også valt til valmann).

Seinare i mars månad møtte Kristen Rollestad og Aanon Greibesland dei andre utsendingane på Lunde i Søgne, to frå kavar kyrkjelyd i amtet. På Lunde valte dei tre bønder til å representera Mandals amt på Eidsvoll: Osmund Andersen Lømsland frå Tveit, Erik Haagensen Jaabæk fra Halse (Mandal) og Syvert Amundsen Eeg frå Søgne.

Osmund Lømsland voks opp på Mosby og hadde seinare budd i Vennesla før han i 1806 kjøpte eit bruk på Lømsland. Farfaren hans, Osmund Larsen, budde på Stupstad i Øvrebø. Erik Jaabæk var komen frå Usland i Øyslebø, men hadde 1802 kjøpt eit bruk på Jåbekk. Farmora hans, Maren Jonsdotter, hadde budd på Eikeland i Øvrebø. Syvert Eeg budde på austre Eig i Søgne, og der var han også født.

Desse tre reiste så til Eidsvoll der det var møte i Riksforsamlinga fra 10. april til 20. mai, og sjølve grunnlova ble vedteken som me alle veit den 17. mai. Bøndene frå Mandal amt gjorde lite og ingenting av seg i Riksforsamlinga, og Henrik Wergeland meinte dei høyrte til blant «nullene» på Eidsvoll. Kva som gjekk føre seg under forhandlingane på Eidsvoll kunne ein skrive mykje om, men det høyrer ikkje med i denne artikkelen. Her skulle me berre sjå litt nærare på kva den alminnelege øredøl fekk sjå og oppleva i heimbygda. Men ganske sikkert fekk dei høyra nytt frå Eidsvoll utover sommaren 1814.

Kjelder: Fure, Eli: Eidsvoll 1814, Dreyers forlag , 1989. Kopi av originaldokumenta fra val 1814, internett, Eidsvoll 1814. Repstad, Laurits: Om Lømsland, Eeg og Jaabech i Årsskrift for Agder Historielag nr. 412, 1962-1963. Teis Lundegaard og slekta hans, 1979 Åsen Jon: Øvrebø-boka III, kultursoga, Kristiansand 1967.

Lars