ÅRSSKRIFT 2010 -Boka om Lovisenlund

ÅRSSKRIFT 2010 -Boka om Lovisenlund

Av Ådne Fardal Klev: Lovisenlund var en sentral institusjon i Øvrebø- Som følgje av omorganisering og nye krav i behandlinga, blei denne institusjonen lagt ned tidlegare dette året. I dette høvet meinte sykehusleiinga det hadde vore på sin plass med ei skriftleg framstilling av historia til institusjonen, og samstundes noko om tilhøva for dei psykisk sjuke i Øvrebø også før institusjonen Lovisenlund blei etablert. Det er målsettinga at boka skal kome ut før jul i 2011.

I tidlegare tider var det lite skilje mellom ulike diagnosar. Dei aller fleste som fall utanom den vanlege «friske» folkemengda, blei som oftastkalla fattige. «Fattige» kunne såleis bety både gamle, fysisk juke, psykisk sjuke, psykisk utviklingshemma, foreldrelause born, ugifte mødre osb. Fattige blei såleis eit meir okonomisk omgrep – altså dei i bygda som på ein eller annan måte ikkje klarte å brødfø seg sjølve. Ofte er det derfor noko umogleg å definera dei somhadde psykiske lidingar, eller sinnsjuke, som var omgrepet før midten av 1900-talet.

Bygdeboka for Øvrebø (bind III) nemner ein sinnsjuk gut, Tomas, i Indregarden på Stallemo. Det var mor hans, Inger Jorane, som i 1839 klaga til fattigkassa over at ho bare hadde fått 1 tønne korn og 1 tønne poteter til seg, Tomas og ei anna dotter, Tone. Tomas var då 20 år, men kunne ikkje arbeida då han var sjuk. Svaret på klagemålet fra denne enka var kort og godt at fattigkommisjonen tok stønaden frå henne!

Dei kloke kom like fullt med gode råd om kva som burde gjerast. Kommisjonen meinte at Inger Jorane kunne gjera meir ut av plassen ho budde på. Tone burde ut i teneste og Tomas burde gå på legd over heile sokna. Men Inger Jorane var nok ikkje den som gav seg med det første. Ho klaga til amtet (fylket) og bad om at sonen måtte bli sett bort til bare 3 eller 4 då det gav betre høve for han til å lære noko. Langt på veg fekk ho medhald frå overfattigkommisjonen. Dei meinte det var mykje betre at Tomas blei sett ut i pleie og ikkje gjekk rundt på legd. Men den kommunale fattigkommisjonen måtte tenka på budsjettet. Og forfattaren av bygdebok, Jon Åsen, legg til: «Det kan stå kaldgufs stundom der pengar råder for avgjerda.»

Pleia til sinnsjuke var lenge kommunane sitt eigeansvar, men seinare kom det tilei økonomisk deling der kommunane betalte 1/5 og amtet (eller staten) 4/5. Det blei då ofte noko tautrekking om kor sjuke paientane eigentleg var. Kommunen ville ha dei mest mogleg sjuke, då slapp dei billegare, men for amtet var det motsette tilfellet. Om så ein pasient måtte pleiast i heimkommunen, blei vedkomande ofte utsett på såkalla lisitasjon – eit anbod, ein slags motsett auksjon. Dette blei i røynda slik at dei som baud minst mogleg for å ha pasienten i pleie, fekk tilslaget.

Det kan sjølvsagt verka som situasjonen var dyster for dei fleste, og det var han sikkert også for mange på 1800-talet og starten på 1900-talet. Men det er og døme frå nokre kommunar at dei folkevalde tykte pleia enkelte stader var så dårleg at dei meinte pasientar måtte flyttast til andre og meir humane pleiefolk. Slik utsetting av psykisk sjuke gjekk føre seg til langt ut på 1900-talet,ja, some stader til langt etter andre verdskrigen. Etter at Eg asyl blei tatt i bruk i 1881, blei fleire og fleire overførte dit. Tek ein føre seg eit tilfeldig valt år, 1883, for Øvrebø sokn, var her ein pasient som fekk pleie på Eg asyl. Det vanlege var at familien også måtte vera med å yta økonomisk om dei kunne. Men om denne 26-årige, ugifte jenta heiter det at «hverken hun selv eller hendes forsørgelsespligtige Slæktninger have Evne til at bidrage noget til hendes Forsørgelse.»

Det er viktig å ikkje sjå på fortida gjennom notida sine brilleglas Tidene har endra seg på dei fleste felt, og ein får tru at dei som stelte med sjuke folk gjennom tidene gjorde det beste dei visste ut frå sine føresetnader. I siste halvdel av 1800-talet blei nok tilhøva betra mykje, sett i høve til tidlegare. I boka «Syges Behandling og Pleie» frå 1881 står det mellom anna: «Ligetil Enden af det forrige Aarhundrede var de Sindsyges Lod overordentlig sørgelig. Man lod enten de ulykkelige streife omkring som Tiggere og Landstrygere, udsatte for raa Spot og Haan, eller man sperrede dem ind i Rum, som var slettere end Fængsler, lagde dem i Lenker og gav dem til Pris for Sult og alskens Elendighed. Nu har man i alle civiliserede Lande store, vel indrettede Sindsygeasyler, hvor der sørges for deres legemlige og aandelige Fornødenheder, hvor der sørges for deres legemlige og aandelige Fornødenheder, hvor de har regelmæssige Gudstjenester, passende Beskjeftigelse og Underholdning.»

Eg asyl i Kristiansand blei som nemnt tatt i bruk i 1881.Tidlegare hadde pasientane i hovudsak blitt sende til Gaustad asyl (i Kristiania), det eldste i Noreg, eller Møllendalens asyl (i Bergen). Men langt dei fleste blei likevel verande i heimbygda eller i grannekommunane i privat pleie. Lister og Mandals amt hadde i 1891 heile 78.714 innbyggarar, og året etter var det 303 sinnsjuke som fekk statsbidrag til si pleie. I heile landet hadde 1,90 promille diagnosen sinnsjukdom, og her i amtet var talet 3,62 (4,39 for byane og 3,38 for landdistrikta.)

Det vil her føra for langt å koma for mykje inn på Eg asyl si historie, men det høyrer med at det var på Eg at han som seinare dreiv Lovisenlund, Torje Håverstad, starta som pleiar. Kona Lovise arbeidde der også i mange år, og dei gifta seg i 1933. Same året starta dei med å ta imot ein del pasientar på gården Lykkedrange i Høvåg.

Grunnen til at Torje Håverstad starta for sewg sjølv, var at han ikkje likte det lukka systemet som den gong rådde på Eg. Pasientane blei utlåst og attlåst mest heile døgnet, fridomen deira var liten og ein del av behandlinga verka umenneskeleg. Håverstad hadde fleire forslag til forbetringar, og resultatet blei altså at han og kona starta ein institusjon for seg sjølve. Filosofien var mellom anna at pasientane skulle gå rundt fritt og dei skulle ha mindre sovesalar enn på Eg. Torje Håverstad la også vekt på at pasientane skulle ta del i alle daglege gjeremål såvel ute som inne.

Etter at dei hadde drive gardsbruket på Lykkedrange, dreiv dei ei tid med pasientar i pleie på Øvrebø prestegard i tida 1934 til 1946. Dei flytta så til garden Nordhagen, like nordforbi prestegarden, og seinare blei namnet endra til Livisenlund. Denne institusjonen vidareutvikla dei og dreiv fram. Sonen Åsulv Håverstad og kona, Brit Håverstad, dreiv seinare staden vidare. Heile tida har institusjonen vore privateigd,men blei dei siste åra leigd av Vest-Agder fylkeskommune – og no til sist Sørlandert sykehus HF.

Nordhagen var ei tid den største garden i Vest-Agder. I 1970-åra var det mellom 80 og 90 kyr på båsen, og på det meste var her 8 hestar. Mykje av arbeidet gjekk føre seg med hest, både sommar og vinter. Pasientane deltok i arbeidet så langt dei kunne. På det meste var her 50 pasientar. Mange har også hatt sitt arbeid ved Lovisenlund gjennom åra i ulike funksjonar.

Det er først og fremst soga til Lovisenlund psykiatriske sjukeheim som skal bli festa på papiret. Både tilhøva til pasientar og tilsette er naudsynt å få med, men også innblikk i gardslivet er interessant. Viktig er det også å få med glimt frå dagleglivet. Likeeins skal ein prøve å få med dei endringane som har vore innan psykiatrisk helsearbeid gjennom alle desse åra.

(Skulle det vera nokon som les denne artikkelen som sit inne med bilde eller opplysningar om Lovisenlund eller anna av interesse for psykiatrien i Øvrebø gjennom tidene, hadde det vore gildt om de tok kontakt. Det er sett ned ein komite som arbeider med boka, og der er mellom anna to medlemmer frå styret i Øvrebø historielag med: Odd R. Loland og Lars Asbj. Ilebekk. Også desse kan bli kontakta dersom nokon av dykk har bilde, informasjon, dokumentasjon eller andre innspel.)

Lars