ÅRSSKRIFT 2009 – Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland – del 1

ÅRSSKRIFT 2009 – Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland –…

Vi har tidligere referert Jon Åsen`s skriv om den tida da Vennesla. Hægeland og Øvrebø var en kommune. Vennesla trivdes ikke med denne unionen, og ønsket å bli egen kommune, og fra 1861 og i 35 år framover var Hægeland og Øvrebø sammen som en kommune. Her gjengir vi det Jon Åsen skrev om denne perioden:

Kilde: Vest-Agder fylke – Til 100-ærss jubileet for formannskapslovene 1837 – 1937.

Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland

  1. Juni 1861 – juli 1896: Møtestaden førebels lagt til Neset, seinare Reiersdal. Etter utskiljinga frå Vennesla blei det vedteke å dele Vegkassa og Heradskassa, gjevne løyvingar og tilskot frå Amtskasse – etter matrikkelskylda.
  2. Skyss: Det var tri skyss-skifte då: Homsmoen, Reiersdal og Hægeland. Skyssar siste året: Frå Homsmoen 49, frå Reiersdal 54, frå Hægeland 52. Av desse gjaldt 10 personar i offentlege ærend. Heradstyret rår til at skyss-skifta her vert lagt heilt ned. I minsto berre skyssplikt til slike som reiser offentleg.
  3. Såfræ: – var det smått med etter dei to uåra (1859 og 1860). Berre fire gardbrukarar hade nok og brukande korn. Fatig- og heradskassa hadde ei samla skuld på 1200 spd. Heradstyret meiner likevel at alt må gjerast for å skaffa såfræ. Kvar av soknene stiller seg som kausjonist for 100 tønner såkorn kvar.
  4. Utgiftene til herads- og vegkassa var 288 spd.
  5. Ølskatt. Bår Vigstøl gjer framleggh um at dei som sel øl til misbruk skal betale ein skatt på 40 spd. Vedteke 20 spd. Fire gjestgjevarar langs hovudvegen var under observasjon og blei hekta.
  6. Hovudveg og trafikk (1864): Det er prosjektert umlegg av hvoudvegen. Lensmann A.O.Lie tek upp framlegg at vegen vert umlagt fra Geitevadstea um Vehus til Løebakken ovanfor Homme. Fire men på vegne av heradet hadde røkt etter og funne ei onnor line betre, gjenom Helvedesdalen til Skarpenglandsmyra. Denne lina finn dei langt betre enn dei andre prosjekt og bed um å få ho undersøkt. (Red. anm.: Usikkert hvor denne traseen var – er det noen som har opplysninger om dette?) Heradstyret ber fram for amtet aei sterk grunngjeving kor naudsynt umlegget er. Det var serleg Skottedalskleiva som måtte burt. Men amtet vert også mint um både Vassåsdalen og Kiledalskleiva. Trafikken er veldig. Sume tider kliv 100 – 150 hestar med lass dagleg Skottedalskleiva. Etter «paalidelig kilde» vert det ført upptil 300 tønner kornvarer dagleg til Kile i «sesongane». Privat var teikna 852 spd. til vegbygget – frå 107 personar.
  7. Otra. Fløyting og eimbåt. I 1866 var eit storarbeid i emning med elvereinsking og bygging av skjermar mellom Kile og Vigelandsfossen. Det trongst mange pengar. .Ved kongeleg resolusjon blei påbode ei avgift: 4 sk. pr. spd. av uppgjorte merkesetlar. Dertil skulle reisast eit lån på 10.000 spd. Departementet melde at «laanet antagelig kan erholdes af Kongsberg Sølvverks droftfonds midler». Bygdene frå Vennesla til Bykle skulde garantere lånet, utlikna etter matrikkelskylda. På Øvrebø prestegjeld blei vel garantien 700 – 888 spd. Saka var føre i fem form. og repr.møte, nokre saman med Vennesla. A.A.Benestvedt representerte Øvrebø prestegjeld i finansnemda.
  8. «Bjoren». Våren 1867 blei eimbåten Bjoren setr i fart i Kilefjorden. Båten skulle ha tid til å slepe last, utanum vanleg rutetrafikk.Etter styrevedtak i 1879 skulde «Bjoren» ha 1 spd. 36 sk. pr. time for «Buxeringsarbeide med trelast i Kilefjorden». («Dølen» i Byglandsfjorden skulde ha 2 spd. pr. time). Øvrebø og Hægeland teikna 2 luter à 20 spd. i båtlaget.
  9. Jordbruksskulen. Same året kravde amtet uttale frå herada om jordbruksskulen. Heradstyret rår samrøystes til å leggje ned skulen. «Man har liden nytte sporet her i herredet af de udgaaendes elevers virksomhed. Vel kommer disse hjem med forhøiede teoretiske kundskaber, men uden videre praktisk erfaring». Ørdføraren røysta og i mot kjøp av gard til jordbruksskule på umframt amtsting i 1888.
  10. Hovedvegen. Fyrst i 1870-åra kom det fleire søknader til amtet og departementet um å få Setesdalsvegen umlagt frå Homme Ø – til Kile. Amtet nektar i 1873 mot 1/2 røyst – O.A.Egeland. (Fyre 1879 hadde ordføraren frå eit formannskapsdistrikt som ikkje var heilt prestegjeld, berre 1/2 røyst i amttinget. Likeeins frå herad med under 50 røysteføre). Snøbrøyting på Hovedvegen kompå 93 spd. vinteren 1866-67.
  11. Eikeland – Kile. (1882). To liner: 1: Hægelandslina, 2: Surtedalslina (frå Eikelandsvatnet gjenom Surtedalen til KIle). Den siste var 917 m kortare, men 10.000 kr. dyrare. Rittmeister Lund kravde denne, og amtstinget tilrådde.

Lars