ÅRSSKRIFT 2009 – Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland – del 2

ÅRSSKRIFT 2009 – Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland –…

Setesdalsbana: 1886 blei Jon Gaaseflaa vald på vegne av heradet å vere med i dryftingane av «den paatenkte jernbane Kr.sand – Byglandsfjord«. 29.des 1890 gjer Hægeland soknestyre samrøystes vedtak um løyving. Approbert 29. juli 1891.

(Osmund Hægeland forteller en artig historie om denne turen til Oslo da de folkevalgte skulle inn og påvirke de styrende om viktigheten av en jernbane i Setesdal: Den gangen var det ikke noen annen rask måte å komme til hovedstaden på enn å bruke båt fra Kristiansand. De folkevalgte fikk dårlig vær på turen og mannen fra Hægeland måtte ut på dekket for å trekke frisk luft. Da ser han to setesdøler som henger over rekka på båten og spyr om kapp. og er helt elendige av sjøsyke. «Aj, aj, gjev eg hadde vore heime hos ho Gyro no», sier den ene. Etter en stund kommer det fra den andre, som tydelig ser mørkt på situasjonen de er kommet i: «Å nei, dit kjem du nok alli meir!»)

Umframt amtsting halde 18. – 19. mars 1891 til ordning av distriktstilskota til bana. Distriktet skulde reide ut kostnaden til grunn, gjerde o.a., dertil eit like stort kontant-tilskot. Av kontantsummen fall på Hægeland ca. kr. 9000, og av andre utgifter truleg kring 5-6000 kr. Etter utlikning fall det um lagtridjeparten på Øvrebø. Men dei nekta alle tilskot. Av deira lut fall det meste på Kr.sand, 8,4%, Hægeland 4,4%, Vennesla og amtet resten.

Tala som gjeld løyvinga fra Haægeland hev eg ikkje klart for meg. (Heradsprotokollen er burte). Men det ser ut som Hægeland hev løyvt noko over 18.000 kr – altså noko meir enn pålagt. Allvisst var det stor interesse for bana her. Det er uklårt dette med «gjerdehaldsutgifter». Frå fyrst heiter det at «Stortinget samtykker paa betingelse af at vedkommende distrikter udreder alle udgifter ved grundafstaaelser og gjærdehold«. Men stort.vedt. av 27. juni 1884 segjer: «De bidragsytende distrikters forpligtelse til gjærdehold er overtat af jernbanen selv, mod en godtgjørelse en gang for alle afkr. 1000 pr. km. for den ovrige del af banen» Jernbanelina gjenom Hægeland er 25,6 km. Etter siste vedtaaket måtte Hægeland ut med 25.600 kr. i gjerdeplikt. Så mykje hev dei vel ikkje betalt. Truleg ble det private avtaler med sume av uppsitjarane. Men sist i året heiter det: «Hægeland sognestyre faar approbert beslutningen om at laane kr. 10.000 til dækning af udgifter til grunderhvervelse og gjærdeplikt.»

Dei kontante tilskota kunde betalast på tre vilkår: 1: kontant, mot rentegodtgjersle. 2: På 10 år, utan renteutlegg. 3: På 20 år, med renteutlegg. Hægeland valde åbetale på 20 år med halårlege terminar på kr. 230,79.

Nokre jernbanebruer i Hægeland kosta: Langåna – Røyknes: kr. 14.097, Beinestveitkilen: kr. 8.982, Øvre Gåseflå bru: kr. 1.032, Kilebruene, 2 stk.: kr. 26.678, Kiledalsbekken bru: kr. 3.250.

Beste grustaket til bana var Kilegropa.

Bana vart høgtideleg opna 25. nov. 1896 av statsminister Hagerup. Heradstyret var invitert og var med. Middag og talar på Byglandsfjord av m.a. statsråd Liestøl. «Det vart ei våt opning«, segjer ein som var med. «Kr.sand samlag hadde god væte

Vegen Røyknes – Reiersdal laut kome nå, og vart bygd samstundes med bana, ferdig 1896. Til denne vegen ytte jernbana 3/4 med 9.000 kr., amtet 1.500 kr., Kr.sand samlag 500 kr., Øvrebø og Hægeland 1.000 kr., i alt 12.000 kr.

Vegen Reiersdal – Tjomsås: søknad, kalkulert til7.300 kr.

Fattigstellet: Soga um dei fatige er sår og tung. Verre før enn nå. Dei sosiale tilhøve var slik at dei fann det naturleg å dele bygdesamfunnet i ei velstands- og ei fatigmannsklasse. Midt inne i det vesle bondesamfunnet var rang-stigen ein realitet. (Tenk berre på stoldelinga i kyrkja.) Fatigkona strevde halve mila og meir sokgvegs og i ulende etter mjøl- og kornposen. Legdekallesn sleit seg fram ein tung veg frå hus til hus. Heimlaus! Borna til slike fylgde skulen som «fatigborn», hjå framande som hjuring eller i onnor teneste.

Men dei menn som bygda hadde sett til vern kring dei fattige tok visseleg oppgåva med ålvor. Dei ytte hjelp in natura (mjøl, korn osb.) og i pengar. Det var fast legd, omgangslegd og burtsetjing. «Korleis hadde dei fattige det?» spurde eg ein 92-åring, som hadde havt mykje med dette å gjere. «Æ veid kje ko æ ska seie. Dei som stræva og ville greie seg sjæl, hadde de vondt! Men det va nok some som holt sæ framme.» Me les mykje i det svaret. Det minner um ei tid då viljen til sjølberging prega samfundet.

Nokre data frå Øvrebø fatigprotokoll vil truleg gjeve eit tolleg rett bilete kring dette, også for Hægeland:

1865: – Ei 40 år gamal sjuk og tomset kvinne burtsett i 14 månader for 9 1/2 tønne mjøl og 3 1/2 spesiedalar. – Fatiglem Torborg Godåsen døyr det året. Ho hadde budd på «pladset» Godåsen sidan 1814. Fatigstyret hadde heile tida betalt leigaa med i alt 200 spd. – Dottera Ingeborg hadde ofra seg heilt for å passe mor si, og heradet gjer vedtak førbils å reida ut leiga ogso for henne, som ei påskyning «for dette sjeldne træk af barnlig kjærlighed og ufortrøden opofrelse». – Ingeborg skal også få ha eignelutene etter mor si, endå fatigstyret hadde rett til dei. Slike «effekter» etter avlidne fatiglemer blei elles selde på auksjonar.

Fatigstyret kjøpte inn «uld, hør o.l.» og let fatige som trong hjelp for ei høveleg løn for å spinne, veve og sy klæde som skulde delast ut.

Mjølet vart rekna etter 10 bismerpund (60 kg) pr. tønne. Dei kunne yte poteter i staden for mjøl når #yder og modtager» var samde um det. Då skulde 2 t. poteter svare til 1 t. mjøl.

Budsjettet det året var: 94 t. mjøl a 2 1/2 spd. = 235 spd. I reide pengar 314 spd. Til skulegong for fatigborn 60 spd. Til saman 609 spd. Fatigborna skulde få frå 2 til 8 veker skule kvar. 57 personar trong fatighjelp.

Idè frå Eilert Sundt blei dryfta saman med Hægeland. Det galdt skiping av ein «arbeidsanstalt for fatiglemmer«. «Uagtet fatigondet her som andre steder synes at tiltage» våger dei seg ikkje på dette.

1875: 70 t. mjøl à 14 mark pr. t.=196 spd. I reide pengar 417 spd. 30 personar trong hjelp

1885:n1885 kg. mjøl à kr. 0,19 = kr. 358. I reide pengar kr. 2620. 3 år seinare var det slutt med ytingar i korn og mjøl.

1900: Utlikna kr. 2500 til 19 personar.

1910: Utlikna kr. 3400 til 17 personar.

Skulen:

Lars