ÅRSSKRIFT 2005 TYSKERE PÅ STALLEMO

ÅRSSKRIFT 2005 TYSKERE PÅ STALLEMO

Då tyskarane kom til Stallemo.

Etter snart 60 år er ein del gløymt, men ting som gjorde ekstra inntrykk står klart for meg.  Eg var i 12 års alderen.  Inne ved vannsaga på Hægeland på Stallemo var far og ein mann i arbeid med å skjære stav eller bord til fiskekassar.  Eg var truleg med som ”sjauar” og bar ut ved og avfall etter dei som skar.

Då kom der ei rekke tyskarar etter vegen.  Det var bilar og to kjempestore hestar førespent ei prærieliknande kjerre. Eg kan ikkje minnast at dei vaksne hadde tala om att dei skulle komme.  Ei kone på Homstean sa det var vel til at dei fekk tyskarar på Stallemo også.  Ho var så lei dei som var i Hommeleiren.  Dei trengte ikkje ha det betre på Stallemo enn dei hadde det på Homstean.

På Stallemo  skulle dei slå leir mellom elva og vegkrysset i Teren.  Den tid var det furumo ut til Krossan der det i dag er det tatt ut grus.

Neste minne er frå tunet heime på Stallemo. 

Det kom ein bil med ein stor, kraftig mann i tysk uniform saman med ei norsk dame som var tolk. Dette var sjefen sjølv, dei budde i skulehuset. Var han den første sambuaren i Stallemodalen, forut for vår tid ?

Dei skulle etablere ein leir og han ville kjøpe tømmer av bestefar. Dei skulle grave seg ned i grusen og legge tømmer med torv over som tak.  Dei kunne ikkje hogge der leiren skulle være fordi det då vart synleg frå fly i lufta.  Eg fylgde med i forhandlingane. Bestefar ville ikkje selge då det var så lite skog til garden. Tyskaren virka trugande. Det var fyrste gongen eg kjende uhygge for tyskarane då han for avstad. 

Men alle tyskarar var ikkje like. Olga Mushom fortalde om husundersøking etter radio. Dei budde på Mushom.  Radioen var gøymd i uthusa, og dei fann den ikkje. Ho hadde eit lite barn som låg i ei lita seng i stova, den eine tyskaren stod og såg på barnet.  Då sa han til Olga at sånn ein hadde han heime i Tyskland, medan tårane rann.

Etter kvart sette dei opp to meter høgt piggtrådgjerde rundt leiren. Dei hadde og vaktpost.  Frametter sumaren var det eit vanleg syn at ein tyskar med 10 -12 russiske fangar og Mauser gjekk tur rundt Stallemogardane. Eg minnest ein gong dei kom forbi heime. Vi hadde ein stor gulrotåker der vi dreiv og tynna vekk små gulrøter der dei stod for tett.  Far spurde då vakta om han kunne gje dei små til russarane. Ja, det kunne han dersom det ikkje var salgsvare. Då knaska dei på gulrøter.

I Monane spreidde dei seg rundt omkring og plukka blåbær. Dei hadde alltid berre ein tyskar med som vakt. Vaktene kunne litt norsk og ville gjerne prate. 

Eit minne står like klart for meg i dag som då det hendte. Dei kom forbi heime og skulle opp på Lillehei. Ein offiser var med som vakt. Eg trur han heitte Løhmann. Han fortalde at han hadde ein såpefabrikk i Berlin før krigen kom, men nå var Tyskland kaputt. Han hadde ikkje lyst til å reise tilbake til Tyskland fordi han meinte ikkje det var nokon framtid der meir. Han håpte at amerikanarane eller engelskmennene kom først til Berlin. Blei det russarane var det ikkje håp. Så klappa han fleire gonger på pistolen. Det var like tydeleg som tale. 

Eg såg likevel aldri at russarane vart dårleg behandla. Dei hadde heller ikkje så dårlege klede at eg minnest noko om det. 

Ein haustdag kom naboen innom, nå var det så nære på at han hadde blitt skoten av ein tyskar, for han høyrde kula kvein.  Det var tyskarane som jakta på røy med Mauser i Monane. Og kula kvein etter å ha treft ein kvist. 

Utpå hausten rømte to russiske fangar. Om kvelden høyrde vi tyskarane rundt husa. Då det banka på var det Løhmann. Han orsaka seg, men var nøytt til å fylgje ordre om husundersøking etter russere. Det var tydeleg med uvilje. Då han hadde sett innom alle romma hadde han god tid. Eg minnest at han var dårleg til å leite. 

Ein kveld kom han og sa at det var blendingskontroll. Han gav seg tid til å prate, sette seg ned og demonterte maskinpistolen, sette han saman og forklarte virkemåten. Dette er det siste minnet eg har om tyskarane heime under krigen.

Anders og Johan Stallemo leigde garden som Kjell Anders Greibesland har nå. Rett over elva for leiren. Johan fortalde at ein del av tyskarane var bønder i det sivile. Dei hadde og ei ku i leiren. Han meiner russarane sat ved same bord og fekk same mat som tyskarane. Dei var og ofte nede ved elva og fiska utan at han såg det var vakt med. 

Dei hadde telefon på garden. Diebel sat kvar dag telefonvakt i tilfellet det skulle komme noko melding til leiren. Då dei to russarane rømte vart det strengare. Gestapo med hund kom frå byen. Ein av dei snakka norsk. Han kom inn på garden og sa at nå skulle dei sleppe hundane.  Dersom det viste seg at rømlingane hadde vore innom garden og fått hjelp vart det rettssak og dei ville bli skoten. Men hundane fann ikkje spor. Eg veit ikkje om russarane blei tatt. 

Snart sette haustregnet inn. Grunnvatnet steig slik at dei fekk vatn inn i bunkersane. Då reiste dei. 

Det må ha vore eit visst samband mellom russarane og bygdefolk for det finns ennå ting i bygda som fangane har laga.

 

Stallemo, november 2004.

Gunnar Iveland

kristoffer