ÅRSSKRIFT 2005 – LIV I LEIREN

ÅRSSKRIFT 2005 – LIV I LEIREN

Helga Bjerland Kristiansen, datter av lensmann Bjerland, forteller om sin oppvekst i Leiren.

Liv i  ”Leiren” på 1940 talet. 

 Den våren eg fylte 6 år, blei det fred i landet. Eg minnes den varme, fine vår dagen. Eg hadde fått lov å rulle ned strømpene og gjekk med låge sko. Det låg glede i lufta. Sverre P. Ilebekk henta flagget og heiste det midt i Homstean sentrum. Far kom over frå sitt kontor hos Birgit og Syvert Sandtveit. Saman stod vi vaksne og barn og så at flagget folda seg ut i vinden. Eg kan ikkje minnes at vi song eller ropte hurra, men gleda var der i alle fall og dagen står lysande i minnet.

Vi hadde flytta frå Reiersdal og inn på ”hytta” innanfor leiren på Homme hausten 1944. Denne hytta var bygt i 1941/42 av ein byggmeister frå Kristiansand til eige bruk. Men dei fekk lite glede av den fordi det passa godt som overnattings stad for tyske offiserar. I 1944 trekte dei seg tilbake og far kjøpte hytta av byggmeisteren. Det var litt skummelt med tyskarane som framleis helt til i leiren, så eg gjekk aldri der aleine. Olav, bror min, gjekk på skulen og måtte passere gjennom porten ut mot Setesdals vegen annankvar dag. Heile leir området var innegjerda med ein dobbel brei, stor port. Det var vakt ved porten og eiga vaktbrakke for soldatane som hadde vaktteneste.

Denne brakka blei kjøpt av Tordis og Leif Grindland etter krigens slutt og brukt til privat bustad. Det er blitt ein staseleg einebustad og er i bruk den dag i dag. Tordis og Leif Grindland hadde døtrene Else, Karin og Kirsten. Då eg var i 10 års alderen, hadde eg vore hos frisør i byen (Kristiansand). Då eg kom heim skulle eg klyppe ”ponnilugg” på søstrene Grindland. Under tvil, fekk eg lov til det. Seinare møtte eg Karin som kollega i Søgne og Greipstad Sparebank. Ho har aldri gløymt sitt første møte med den nye sveisen: ”ponnilugg”. Det hadde dei aldri høyrt om før og ho kunne minnes at mora var svært skeptisk til eksperimentet.

Der det nå står 2 tomannsbustader, låg kjøkkenbrakka. I austre delen, inn mot leirområdet blei det seinare kontor for Rokoengen då han dreiv sagbruk i leiren. Mot sør/aust var det ei leilighet som Tordis og Beint Abelseth budde i nokre år. Dei hadde barna Bjørg, Gerd Inger og Birger. Det blei opna badstue i denne brakka rett etter krigen. Vi hadde ikkje bad heime. Det var opent ein dag i veka for kvinner og ein dag for menn. Då samla vi oss, kvinner i alle aldrar. Det blei nesten som ein ”treffsstad”. Vi dusja før vi gjekk inn i den glo varme badstua. Eg minnes som omnen freste når vi skvetta vann på for å få meir damp. For meg ble det i varmaste laget, så eg har i grunnen aldri oppsøkt badstue  .

seinare. Men den sosiale sida, sette eg pris på.I sør/vest enden av brakka blei eit stort rom gjort om til bruk for framhaldsskolen. Det blei og plass til skolekjøkken og sløyd sal.  Det er nok mange som har sterke minner frå året der med lærer Torkjell Mindrebø og husstell- og handarbeidslærer Gunda Mæsel. Magnus Abelseth var sløydlærar. Dessverre brann denne brakka ned til grunnen  på 50-tallet. Det var ved denne brakka det blei reist tribune, pynta med bjørkelauv og flagg og dansa til langt på natt i mai 1945.Nedanfor kjøkkenbrakka låg ”badehuset” som soldatane brukte til bad. Denne blei kjøpt av Magnus Abelseth og kona og brukt til privatbustad etter krigens slutt  Dei hadde barna Bjørn, Jan og Turid. Då familien Abelseth flytta, budde Klara og Niels-Otto Hægeland der med barna  Solveig, Berit, Ragnhild og Svein Otto. Eg var ofte innom der. Niels-Otto var tilsett i Tollvesenet og hadde lange vakter. Då overnatta han i byen. Av og til overnatta eg hos Klara. Eg likte godt å passe borna og leike med dei. I dag er dette ”badehuset” ein flott einebustad  med kvist og karnapp.

”Duehuset” utgjorde slutten på utstrekninga av leirområdet. Her heldt tyskarane brevduer som var ein del av kommunikasjonssystemet deira. Dette huset blei kjøpt av Torny og Salve Espetveit. Barn Asbjørn og Torbjørg. Nå er det Torbjørg og mannen hennar som bur der. Asbjørn omkom i ei tragisk drukningsulukke i 1955. Torny og Salve dreiv gard med nokre mjølkekyr ved sida av at Salve tok anna arbeid. Fjøset stod der det nå ligg ei bu på motsatt side av saga.

Det største underet var likevel den store mannskapsbrakka som låg nærast og parallelt med Setesdals vegen. Der budde soldatane.

Bildet: Leiren på 1960-tallet. Nederst til høyre skimter en den store stallen, og ovenfor den „Duehuset“ hvor Espetveit bygde om til bolig. Helt til venstre vaktstua,  hvor Grindland bodde, nå Ole Trygve og Ragnhild Almedal. Dette bildet er tatt etter at kjøkkenbrakka brant ned og en ser det store lageret til  Øvrebø Sagbruk og Høvleri i stedet. Alle bygningene midt på bildet tilhører sagbruket som startet opp rundt 1950 og en kan tydelig se at bord- og plankestabler dominerer området. Kommunebrakka skimtes så vidt ved siden av den gamle Setesdalsveien. I bakgrunnen gården Skora/Bergemoen hvor Oluf Reed Olsen hadde sin radiostasjon og sendte meldinger til England.

Denne blei overtatt av Øvrebø kommune og brukt som kommune-hus. Det vil seie at inn mot leirområdet blei det plass til ei familie leilighet med stove, kjøkken og eitt soverom. Der flytta Magda og Tomas L. Greibesland inn med sine barn, Gerd Lilly og etter kvart Magnhild og Signy. I tillegg blei det ei mindre leilighet til småskulelærarinne Hilda Loland. I roma mot Setesdals vegen blei det plass til liknings- og kommunekasserarkontor der Tomas L. Greibesland var sjef. Eldbjørg Øvrebø, seinare gift Kirkehei, var kontordame. Romet ved sida av var  kontor for folkeregister og trygdekasse, eller sykekasse som vi sa. Der regjerte Inger Ilebekk. Deretter eit rom som min far, Trygve Bjerland brukte til lensmannskontor og til slutt eit rom for småskulen. I kjellaren var det fleire vann-klosett, arkiv rom og rom for oppbevaring av mat og reiskap.  Dette kommunehuset er seinare overtatt av ein familie, slik at det nå fungerer som einebustad.

Utanfor var det ein stor plass/veg der vi kunne hoppe paradis, slå ball, gjete sugga, jeppe pinne osv. Her lekte vi i friminuttane i småskolen og elles blei det ein samlingsplass for både born og vaksne om ettermiddagar og helger. Av og til, serleg om søndagar, hente det at vaksne var med oss og slo ball. Det var ubeskriveleg stas. Eg minnes spesielt at Tomas var flink til dette. Eg minnes og at Gerd Lilly stelte til hage under trappa til kommunehuset og sådde blomkarse, slik at det blei eit flott fargeflor heile sommaren. Då var ho i åtte års alderen. Sjølve plassen har merkeleg nok krympa ca. to tredeler i åranes løp, eller er det berre auga som ser..

I ein overgang blei leiren brukt til innlosjering av russarar før dei reiste tilbake til Russland i løpet av 1945. Då var gjerdet tatt ned og dei kunne ferdast fritt i området. Olav blei ven med ein av dei og fekk ein utskåren fugl i gåve. Det hendte ei tragisk ulukke ved at ein russar drukna i Støssvannet og blei gravlagt ved Øvrebø kyrkje. Det var veldig trist og gjorde eit sterkt inntrykk på oss alle.

 I den nordligaste delen av området var det 2 hestestallar. Den eine står framleis. Det er ein heilt uvanleg bygning og eg oppfordrar Øvrebø historielag til å arbeide for å ta vare på den for ettertida. I starten av krigen tok den tyske hæren seg fram ved hjelp av hestar. Dei kom i lange karavanar med vogner, mest som prærie vogner. Dei trengte ein overnattings stad mellom Kristiansand og leiren på Evje. Derfor blei denne leiren på Homme bygget, opprinneleg som transitt leir etter det Olav fortel. Det måtte då også vere kvilestad for hestane.

Gerd Lilly fortel at det var ei stor utstilling av husflid- og handverks -arbeid i hestestallen etter krigen.  Olav og fleire stod også  der og spikra kasser  i etterkrigsåra. Ved sida av hestestallen blei det opparbeida skytebane for Øvrebø skyttarlag. Den var i bruk i mange år.

I ettertid er eg imponert over alt og alle det blei plass til i det nedlagte leirområdet. Mine foreldre, Olav og eg var av dei som hadde mest plass. Endå det var ei hytte, var det peisestove, stort kjøkken, spisskammers, gang og 3 soverom. Vi brukte forresten det eine til dagleg rom, slik at stova kunne stå på stas. Det var elles vanleg hos alle, sjølv om dei då bare hadde kjøkkenet til dagleg rom. Det var mange born i leiren og eg har inntrykk av at vi lekte saman og gjekk inn og ut hjå kvarandre som om vi var heime. Samhaldet var sterkt og det gav gode oppvekstvilkår, slik eg hugsar det.

Hytta vår blei selt i 1956 til KFUK speiderane i Kristiansand og kaldt Solknatten. Den er forresten nå kjøpt tilbake i familien av datter til Olav, Gunn Alice Bjerland Vinvand.

Homstean sentrum.

Tilbake til Birgit og Syvert Sandtveit og eigedommen deira på Homstean. Som sagt hadde far kontor der inntil han flytta inn i kommunebrakka. Syvert var kreatturhandler og slaktar. Uthuset blei brukt som slakteri og  kjøttvarene blei selt vidare frå eit utsal i fløyen.  Fru Sandtveit laget leverpostei, sylte og rull og ekspederte i utsalet. Dottera Olga hjelpte til.

Både hos O. S. Ilebekk og Olav Lian var det assortert landhandel med alt vi trengte av sko og sysaker, mat, reiskap og såvarer. I tillegg leverte kona til O. S., Inga Ilebekk vakre kransar til gravferder.

Olav Lian dreiv landhandelen frå 1. etasje hos Sverre P. Ilebekk. Innanfor butikken var det bibliotek. Butikkdame Tordis Fjermeros fungerte også som bibliotekar.

(Bildet (se Bildearkivet): Olav Lians butikk i huset til Sverre P. Ilebekk – tatt en vinter det virkelig var mye snø.)

I andre etasje hos O. S. var det kontor for forsyningsnemnda. Alt var jo rasjonert og vi fekk månadlege rasjoneringskort etter kor stor husstanden var. Det var Lillemor (Anlaug?) Andersen frå byen som styrte dette kontoret. Ho måtte vere glad i barn. I alle fall blei Torveig og Anne Berit Ilebekk og eg så godt kjent med henne at vi var ein heil dag i Kristiansand på besøk hos henne og faren.  Eg hadde lenge ønsket meg ei søster. ”Alle” hadde jo søstrer! Eg fantaserte mykje om alt eg skulle lære henne og hjelpe henne med, i det heile kor gildt vi skulle få det. Derfor oppsøkte eg Lillemor på kontoret og fekk ordna med ei anvising på ei lita jente. Anvisinga var gyldig eit år frå juli 1946. Eg veit ikkje kva mine foreldre meinte om initiativet, men dei tok vare på anvisinga, så eg har ho framleis. Eg blei ikkje med i tildelinga.

På bedehuset var det søndagsskole og barneforeining, juletrefestar og kveldsmøte. Kvar vår var det avslutningsfest for elevane i framhaldskolen med T. Mindrebø som primus motor. Det var mest som ein lokal revy og veldig lærerikt for elevane å få prøve seg i å opptre. Det året Olav gjekk, skulle nokre elev lese Terje Vigen, som skolejente, lærarinne osb. Olav messa som prest og hausta stor applaus. Ein dag i månaden kom Karl Skogstad og Alf Ropstad med bankskrinet og sette opp ein lettvegg med luke i lille – salen. Då kunne vi få utført banktenester der.

Skihoppere i Donebakken: Bak: Bjarne Røysland, Alf Eikaas, Olav Bjerland. Foran: John Skuland, ukjent, Oddleiv Almedal, Bjørn Abelseth – se Bildarkivet

I lia ved sida av huset til Torgunn og Lars Asbjørn Ilebekk, låg det ein stor hoppbakke, Donebakken. Her blei det arrangert renn mest kvar helg om vinteren. Det var både eit stort og eit lite hopp, slik at både barn og vaksne kunne vere med. Det var deltakarar frå heile Sørlandet på renna og stor stemning. Olav hadde hoppski og deltok i konkurranse, men eg rann berre underrennet etter at konkurransen var over. Lars Asbjørn fortel at han kan minnes at Torleif Scheldrup ein gong var til stades.  Han uttalte at det var den finaste hoppbakken han hadde sett for rekruttar å trene i. Det inspirerte småguttane til større innsats!