ÅRSSKRIFT 2013 – frå Agder Tidend 1950

ÅRSSKRIFT 2013 – frå Agder Tidend 1950

Øvrebø samvirkelag har hatt ein god start

Omsetjinga opp i over 17400 kr. Øvrebø samvirkelag hadde årsmøte 4. mars i Mølla skulehus. Frammøtet var særs godt. Formannen ynskte folket velkomen til møtet. Til dirigent vart vald formannen og til sekretær T. Eikeland. Valnemnd var Jon Bjørnshei, Svein Bøe og Jakob Ubostad.

Av årsmeldinga gjekk det fram at omsetninga hadde auka jamt og sikkert frå starten 9. februar og ut heile året. Første månaden var omsetninga ca. 7000 kroner og siste månaden i året ca. 25000. Heile omsetninga i året var kr. 174 484,61. Endå forretninga vaar nystarta og hadde drive snaue 11 månader og hadde startingskostnader frå før opninga på nesten 2 500 kroner, blei det eit overskot på 353 kroner. Medlemene var med god grunn godt nøgde med resultatet og årsmeldinga og reknskap blei samrøystes godkjente uten merknader. Val:                                                                                                                                   A. Føreland blei vald att til formann og til styre blei vald opp at Otto Hægeland og Trygve Greibesland. Ordførar T. Eikeland bad seg fri då han var så sterkt opptatt på andre hold, og Augund Faremo blei innvald i hans stad. Til revisjonsutval ble G. Føreland vald oppatt. Nokre av kvinnene i laget hadde lagt ned eit stort arbeide for å få det så festleg som mogleg. Lokalet var pynta og bordene pent duka. Det vart servert kaffi og smørbrød og gode kaker frå Samvirkebakeriet. Og alle let seg maten smake. Å. Reiersdal fortalde stubbar og Otto Hægeland las or eigne verker og på humøret var der inkje å klaga. Styraren, Rafoss, fekk velfortent ros for det arbeidet han hadde gjort i året og for det gode resultatet. Etter ein gjettekonkurranse mellom kvinner og menn der kvinnene sigra stort, slutta den gilde festen i 23-tida.

17. mai på bygdene: Øvrebø

I Øvrebø vart dagen høgtida som vanleg. Først var det gudsteneste i kyrkja der pastor Elle tala. Etterpå var det barnetog og idrottsleikar. Seinare på ettermiddagen var det humoristiske tevlingar mellom ymse lag. Det var såleis dragkamp mellom heradstyret og idrottslaget, ølstafett mellom Blå Kors og det kristelege ungdomslaget og potetstafett mellom hjelpekorpset og ungdomslaget. Om kvelden var det fest i Homstean bedehus med tale for dagen av lærar Ljosland og ordførar Ubostad. Det var også song av eit blanda kor, og musikk av eit musikklag. Mykje folk var møtt fram.

Guteskirenn i Øvrebø

I går vart det skipa til guteskirenn i Donebakken i Øvrebø. Det var 99 deltakarar. Dei beste resultat:

Kl. 9 – 11 år: 1: Kåre Moseid, Torridal 142,3 2: Kåre Drange, Øvrebø 141,9 3: Jens Skov-Skov, Torridal 136,5 4: Finn Ole Haukedal, do 131,0 5: Bjarne Elle, Øvrebø 129,2 6: Øyvind Frustøl, Greipstad 123,8 7: Helge Lunde, Vindbjart 118,6 8: Are Hovstad, Fagen 32 117,3 9: Bjørgulv Svenningsen, Oddersjå 106,5 9: Svein Erik Aslaksen, do 106,5

Kl. 11 – 13 år: 1: Arne Omdal, Vindbjart 141,9 2: Erik Siljan, do 134,6 3: Bjørger Mushom, Øvrebø 133,7 4: Egil Fjellestad, do 133,4 5: Ole Magne Lunde, Vindbjart 125,7 6: Karl Johan Kravlen, Øvrebø 125,6 6: Harald Langeland, Hægeland 125,6 8: Ivar Johansen, Fagen 32 124,5 9: Ivar Bakstad, Torridal 121,9 10: Bjarne Iveland, Øvrebø 121,5

Kl. 13 – 15 år: 1: Villy Moseid, Torridal 136,0 2: Olav Iveland, Øvrebø 132,1 3: Jan Skisland, Torridal 130,6

Lars