ÅRSSKRIFT 2013 – Agder Tidend: Åsgårdsreia

ÅRSSKRIFT 2013 – Agder Tidend: Åsgårdsreia

Som vi har skrevet tidligere skapte Oskereia (Åsgårdsreie) problemer for folk på Homme rundt juletider. Her kan du lese mer generelt om plagene som dette fenomenet førte med seg slik en opplevde det i vårt dalføre – Setesdal. (Agder Tidende desember 1950)

Oskoreia og juleskikkar i det gamle Setesdal

Då tjørekrossar vart sette opp over kvar stabbursdør og kornband hengde over til vern mot vonde vette. Ein er komen inn i julemånaden. Kjem ikkje utanom, og i gamledagar vart tida og festen meir førebudd enn i være dagar. Det var så mange omsyn å ta til bade gode og vonde vetter den gong. Alt skulle takast varsel av, og ovtruene fekk makt. Julemånaden var den viktigaste i året for slike ting. Då var underjordiske på ferde, og då måtte ein stagas varsamt fram, for ikkje å uroa fredlause sjeler. Grunnen kan ein kanskje finna gøymd i dei store drikkelaga, og synene som mange då inbilla seg å hava. Nok er det, at synmerke frå denne tida enno lever og rår om enn i mykje mindre mun, og til dels i andre formar enn då. Kornbandet som vart sett opp skal vera ei leivning frå desse tider. Kornet var heilag, og verna huset og garden frå vonde vetter. Først og fremst var det maten som laut takast vare på. Difor var kornbandet oppsett på buret, der forråda vart lagra. Heilt visst er ikkje fuglebandet, eller kornbandet meint på fuglane frå fyrst av. Skikken har halde seg og no er det eit vakkert og visst merke at jula er der når husfaren set opp kornbandet på garden. Dei fleste unner fuglane og ein godbit i jula, nett som Garborg seier det i Småspurven. Villast er likevel sogene om Oskorei. I Setesdal og Telemark er dette mykje utbreitt, og ved å lesa «Gamalt or Setesdal» får ein eit levande inntrykk for denne redsla. Ofte høyrer ein om folk som vart førde bort frå Setesdal og til Telemark, og omvendt.«Oskoreie reiser adskillige ganger i julen, og især når store drikkelag er i nærheden«, heiter det i gamle skrifter om desse ting. – «Det er ånder som ei har gjort så meget godt, at de fortjener himlen, og ikke så meget ondt, at de kan idømmes helvede, da de består av drukkenbolte, slagskæmper, visekvedere og finere bedragere, og derfor blir deres straf at ride til verdens ende. Forridderen er Guroryssa-rova, så kaldt av sin lange hale, Hvorpå man skiller henne da på de øvrige i ridtet. De rider over vand som land, og deres riden forårsager en så græsselig alarm av jernbidslets ringelen, at man kan høre dem langt borte. Hvor de kaster salen på øket, der må et menneske dø på øyeblikket, og hvor de fornemmer at et mord skal skje i et drikkelag der kommer de inn og setter sig på hyllen over døren for at betrakte. De er helt rolige, så lenge intet er på færde, og rasler overmåte med deres jernstenger når mordet begåes -.» Ikkje underleg at Oskoreia sette støkk i menneskesinna og at dei freista halda seg unna med alle dei rådgjerder som fanst mot henne. I vernet her kjem fyrst og fremst tjørekrossane inn, som enno i dag finst leivningar etter. Her også for største delen på buret der maten var gøymd. Men og finn ein fleire døme på tjørkrossar og trekrossar oppsette på dei underlegaste stader som ein trudde Oskoreia ville koma. Lenge attende tykkest denne tida no skine. Enno folk som lever no, kan minnast tjørekrossane oppsette, og ved å sjå på gamle stabbur som enno har dei i mengder over døra må ein undre seg. – Tenk at det er same folket, og at vi ville gjort det same for ikkje lenge sidan. No er det andre ting å tru på og taka varsel på, om det i heiletaket nokon stad vert gjort…….. P.V.

Lars