ÅRSSKRIFT 2012: Årsmøte i Bondelaga i Øvrebø

ÅRSSKRIFT 2012: Årsmøte i Bondelaga i Øvrebø

Som vi kunne lese tidligere hadde Bondelaget, Skoglaget og Skogeierlaget også årsmøte på samme tid og sted som Bondekvinnelaget, og vi gjør ikke forskjell, men tar med referatet fra årsmøtene i disse lagene også. A.T. 18. januar 1952

Årsmøte i Bondelaga i Øvrebø: Skogeigarlaget har planar om å få til ein skogkulturgjeng: Øvrebø bondelag hadde årsmøte på Stallemo skule 16. ds. Av årsmeldinga gjekk det fram at det var halde 4 styremøte og vald jaktråd på 5 medl. Saman med Bondekvinnelaget hadde det vore tur til Flekkefjord. Av rekneskapen gjekk det fram at laget hadde ei eige på 2003 kr. Radiogavefondet hadde fått kr. 25 for 1951, men framlegg om å løyve same sum for 1952 fekk ikkje røyster nok. Til styre vart vald: Søren Stredet, Ånen Reiersdal og Tellef Lie. Frå før står Anders Stallemo og Oskar Skeie. Forslag til representantskap i Agder Meieri: Ola Stredet. Som utsending til V.A. landbruksselskaps årsmøte vart vald Olas Stredet. Formannen og varaformannen vart vald til å møte på årsmøtet for fylkeslaget. Aksjonsutvalet vart oppattvald. Krinsmenn: Tor Grødal, Otto Hægeland, Lars Kleveland, Nils Engeland, Gunnar Skogstad og Olav Loland.

Etterpå heldt Skoglaget møte: Formannen, Oskar Skeie, refererte årsmelding og reknskap. Den seine våren gjorde sitt til at det berre var tinga 10.200 skogplanter gjennom laget. Laget har ei eige av 1.607 kr. Til formann vart attvald Oskar Skeie. Utsending til årsmøte i Vest-Agder Skogselskap: Oskar Skeie og Ola Skarpengland. Varamenn: Jakob Ubostad og Jørgen Kravlen.

Så var det årsmøte i Skogeigarlaget, der Trygve Greibesland er formann. Det hadde i 1951 vore demonstrasjon av felling av tre med motorsag, og elles vore arbeidt med å få til ein skogkulturgjeng. Eiga til laget var kr. 1.307. Trygve Greibesland vart attvald til formann, og Ingvald Åsen til nestformann. Revisor: Torvald Haugenes.

Då årsmøta var slutt, vart det å sessa seg kring eit velduka kaffebord med lefser, beste slag smørbrød og kaker, og nokre småting vart lodda ut. Etterpå heldt lærar Solberg eit lunt og koseleg foredrag om «Smilets verdi» og hausta mykje fagning. Som aller siste post på programmet var ei utgreiing av likningssekretær Tomas Greibesland og den fekk «smilet» bort hjå dei fleste. Skogeigarane fekk høyra at etter påbod frå riks- og fylkesskattestyret, vart verdet av tilveksten på skogen auka frå kr. 10,30 til kr. 18,30 for kbm. Han nemde såleis at skatteverdet på ein av skogane i Stallemodalen gjekk opp med ca. kr. 50.000. Bøndene kunne heller ikkje få trekke frå som utlegg meir enn etter fastsett tariff, sjølv om dei har betalt opp mot det dobbelte for hogst og køyring.

Lars