ÅRSSKRIFT 2012: Vegen Mosby- Moisund

ÅRSSKRIFT 2012: Vegen Mosby- Moisund

Agder Tidend 25/2-1952: Kommunikasjonsforholdene var var ikke gode, og allerede før Setesdalsbanen ble lagt ned ble det klaget på forholdene på Setesdalsveien gjennom Øvrebø.

Vegen Mosby – Moisund må utbetrast. Berre eit tidsspørsmål når ei ulukke vil hende her.

Frå tid til anna vert det klaga over at Setesdalsvegen gjenom Øvrebø og vidare i Hægeland ikkje er slik han burde og skulle med den aukande bilferdsla ein har nå. Etter det politifullmektig Foss ved Kristiansand politikammer fortel til Agder Tidend i dag, har politiet sendt eit brev til Vest-Agder Fylkesvegkontor, og gjort merksam på at denne vegen bør det gjerast eitkvart med så snøgt råd er.

Politiet peikar i skrivet på at det er stroket Mosby -Moisund ein har fest seg serleg ved. Vegen er i det heile svært dårleg her, og reint ille er det ved Stemmen i Øvrebø. Her er det så mange svingar og krokar at det er reine korkedragaren, og fælande smal er han og. Ved Tverrbakken i Øvrebø er det heller ikkje bra, med di dei høge skjeringane stengjer for utsynet, så ein kan berre sjå nokre meter framfor bilen. Likeeins treng vegen til å verte utbetra nord for Kiledalen i Hægeland, der det er så smalt at det er mest umogleg for to bilar å kome forbi kvarandre.

Politiet strekar til slutt under at det så vidt ein veit har det ikkje kome til samanstøytar som har kravd menneskeliv endå, men slik som vegen er,er et berre eit tidsspursmål når ei ulukke vil hende.

Og at det har hendt uhell på den dårlige veien forteller de neste to stykkene om. A.T. 1. april 1952:

Ordføraren i Øvrebø i kollisjon.  Ordføraren i Øvrebø, Torjus Eikeland, møtte ikkje fram då fylkestinget tok til att i går føremiddag. Årsaka var at han kolliderte ved Homstean i Øvrebø med ein lastebil då han var på veg til byen. Eikeland fortel at det var det glatte føret som var årsaka til uhellet. Han bremsa opp i god tid før han møtte lastebilen, men hjula skleid fleire meter og det vart samanstøyt. Bilen til Eikeland, ein Opel, vart ein del skadd, m.a. sprang eit dekk og ein skjerm vart bulka. Lastebilen fekk ikkje anna skade enn at støytfangaren vart litt øydelagd. Eikeland hadde ein mann med seg i bilen, men ingen av dei fekk noko skade. «Der gjekk finansdebatten, det var det fyrste eg tenkte etter samanstøyten», seier Eikeland. Og slik gjekk det og, da det tok ei tid før lensmannen, som vart tilkalla, var ferdig med oppmålingane.

Og svingen i Tverrbakken leste vi var lei ……. A.T. 4. juli 1952.

Biluhell i Øvrebø.  Sjåføren vart blenda av sola og bussen velta. Litt før klokka halv seks i dag tidleg velta ein buss rundt på vegen frå Øvrebø Landhandel til Homstean i svingen ved Tverrbakken. Sjæføren, Engedal, som kjøyrde bilen, fortel at han vart blenda av den sterke sola, og miste styringa over bilen. Heppe nok kom Engedal, som var åleine i bilen, ikkje til skade. Bilen var ikkje verre faren enn at ein kunne køyra han til verkstaden til Føreland, då han kom på rett kant att i 8-tida.

I Fædrelandsvennen 22. april 1960 kunne en lese at det ble alvor av tanken om ny vei.

Hatten av for det nyttige vegarbeidet som i desse dagar går for seg fra toppen av Høyebakken til Homstean i Øvrebø. Dette vegpartiet har lenge vore noko av ein skrekk for alle bilførarar, og mang ein turist med bil har sagt at det var noko av ei skam med så dårleg veg så nær Kristiansand. Med moderne maskinar og drevne vegarbeidarar blir det andre bollar til vegbane når dette stykket blir gjor ferdig. Store fjellskjæringar blir skotne vekk, og heretter skal det bli brei og slett riksveg.

   

Lars