ÅRSSKRIFT 2011 – Få ungdomen med

ÅRSSKRIFT 2011 – Få ungdomen med

Utgivelsen av bok om Håverstads sinnsykekoloni på Nordhagen har fått stor oppmerksomhet denne høsten, mendet er også interessant å se at familien Håverstad også engasjerte seg i det sosiale liv i Øvrebø. Se bare hva som ble skrevet som leder i Agder Tidend:

Få ungdomen med: Det var eit godt tiltak av hr. Haaverstad i Øvrebø å skipa til ein storstila fest, etter at årsmøti i jordbruks. og skoglaget var ferdig.Dei mange som var møtt fram var sikkert ogso samde om at det var ein hugnadsam kveld som gjev kveik i arbeidet framover.

Bøndene treng ogso å festa litt sume tider. Det friskar opp i alt slitet og strevet. Og dette med kunstnarar frå byen, som sume er redd for ikkje høver for bøndene, er nett rette vegen. Er det kunstnarar i byen som ikkje har noko å varte opp med, so ut på bygdene med dei. Lat byane i dette høvet koma til bygdene. Det som er verdfullt skal me taka i mot.

Ein kan også nemna det verd det er for fremjing av praktiske saker det har og skipa til slike festar. På festen om kvelden i Øvrebø var det vel samla om lag 150 menneske, unge og eldre, kvinnor og menn. Dei fleste av dei unge var sikkert møtt fram serleg for den kunstneriske underhaldningi, men samstundes fekk dei ogso høyra to sers aktuelle foredrag av disponent Grieg og lærar Mæsel. Til årsmøti var det berre møtt fram om lag 15 interesserte jord- og skogbruksfolk. Det var fyrst meiningi at Grieg skulde halda foredraget sitt her, og han var ogso om lag ferdig med det, då formannen i festnemndi kom og varsla om at disponenten var sett upp som hovedtalar på festen. Grieg slutta foredraget sitt her. Og då han ein time seinare kunde halde det for einåhøyrarflokk som var minst 10 gonger så stor, so var han sikkert ikkje led for at han hadde vorte avbroten fyrste gongen. Det verkar ikkje serleg inspirerande på ein tala når det berre sit nokre få menneske på dei fremste benkane.

Det er so mykje tale om å få ungdomen med i Norges Bondelag og bondereisingi, og det er ogso aktuelt. Men for å vekkja interessa so må det ogso skapast fest og hugnad til tider. Elles vert arbeidet lett for turt og keisamt. Men får ungdomen ogso høve til å skipa moro ein gong i mellom, so tek han ogso gjerne på seg praktiske arbeidsoppgåver. Det er rette vegen.

Til bondelag, jordbrukslag og skoglag i andre bygder vil me segja: Gjer som Øvrebø! Skip til fest og huggje på årsmøti! Få ungdom med!

Lars