ÅRSSKRIFT 2011 -Boklansering i Øvrebø
Torsdag 24. november 2011 skjedde det noe uvanlig og historisk i Øvrebø kirke/prestegård. Helse Sør lanserte Ådne Fardal Klevs bok: «Haaverstads sinnsjukekoloni på Nordhagen». Historielaget har vært engasjert i innsamling av stoff til boka og har sikret seg et antall bøker som en kan få kjøpt ved å henvende seg til noen i styret i historielaget. Vi håper også å kunne legge boka ut for salg i +Bank på Skarpengland over nyttår. Prisen på boka er kr. 300,-. Nedenfor følger en omtale av boka:
Ekteparet Torje og Lovise Haaverstad hadde en visjon om å gje psykiatriske pasientar eit betre liv i fridom utanfor institusjon. Allereie i 1930-åra tok de fatt på dette arbeidet, og det er inga overdriving å seie at dette ble livsgjerninga deira. Boka følgjer Haaverstad-folka gjennom ulike koloniar på Sandrib i Øvrebø, seinare Lykkedrange i Randesund, Prestegarden i Øvrebø og til sist Nordhagen i Øvrebø – institusjonen som seinare fekk namnet Lovisenlund psykiatriske sjukeheim. Me følgjer to generasjonar Hasaverstad med privat pleie før fylket og seinare staten tek over. Institusjonen ble lagt ned i 2010.
Soga om Haaverstads sinnsjukekoloni er også ei soge om korleis tilhøva var for psykiatriske pasientar i etterkrigstida i Agder. Boka tek føre seg endringane innan psykiatrisk pleie fra 1800-talet og fram til i dag, heile spekteret fra behandling i institusjon til omsorg i nærleiken av heimstaden. Vilkåra gjennom tidene blir grundig omtalt i boka, og ei mengd av kjelder og bilete gjev glimt frå levd liv berre dei færraste har sett eller høyrt om.
På ein levande måte får ein innblikk i dei utfordringane både pasientar, tilsette og pårørande har vore nøydd til å takla. Soga om menneske med psykiske lidingar er for mange ukjend, og derfor er det viktig at ho ikkje blir gløymt. Boka vil vekke interesse hos alle som vil veta meir om helsehistorie og lokalsoge.