ÅRSSKRIFT 2010 – Jon Åsen: Øvrebø
Jon Åsen fra Røyknes i Hægeland har etterlatt etter seg en enorm skatt av ufattelige mengder historiske publikasjoner. I tillegg til å ha samlet en ufattelig mengde notater som ble til Øvrebøboka, bind I. Gard og ætt, og bind III Kultursoga, har han også skrevet en rekke artikler, bl.a. om Øvrebø i forskjellige publikasjoner. I 1957 kom Norges bebyggelse ut, et monumentalt verk med bilder og beskrivelse av de fleste hus i bl.a. Vest-Agder, og også Øvrebø. Også der har Jon Åsen skrevet om Øvrebø, og her kan du lese om Øvrebø for 50 år siden.
Flatevidda i Øvreebø herad er 108,98 kvadratkilometer. Mot vest grensar det til
, mot nord til Hægeland, mot aust til Vennesla og Oddernes og mot sør til Oddernes, Greipstad og Øyslebø herad. Fra 1838 til 1861 var Øvrebø saman med Vennesla og Hægeland som «formandskabsdistrikt», men frå 1. januar 1861 blei Vennesla skild ut som eige herad. Øvrebø og Hægeland var då sams herad fram til 1. juli 1896. Sidan har Øvrebø vore eige herad. Det meste av busetnaden ligg i dalstrok som sume stader er breie og romslege, såleis Stallemodalen, Øvrebø-Sangeslandsgrenda, og Homme-Homsteangrenda. Største høgda har Knutane (358 m), og mange andre høgder kring 300 m, såleis Høgåsen (308 m) aust for Sangeslands-vatnet, Blåhei, Slottsheia, Tunballen nær Loland på grensa mot Vennesla, Skulebergåsen og Vardehei. Leinheia aust for Fjellestad er 349 m. Riksvegen Kristiansand – Setesdal går gjennom heradet i ei lengd på 18 km.
Matrikkelskylda i Øvrebø er 262,33 mark. Det er 37 gardsnummer. Størst er Loland med 16 bruk, medrekna dei bruk som har gått ut derfrå. Songdalselva går gjennom heradet fra Finslandsgrensa framom Greibesland, Rollestad, Stallemo, Åsen og Kravlen. Nedanfor siste gården ligg Kravlefossen, 1 km lang og med 90 m samla fallhøgd. Frå gamalt kallar dei eine fallet for Femtenalenfossen og eit anna for Meinurda. Det var leitt å fløyta last her. Alt i1730-åra dreiv kristiansandsborgaren Samuel Mule med store mineringsarbid i fossen. Han hadde fleire mann i arbeid to-tre sumrar og kosta ut nokre hundre dalar på dette. Frå Sangeslandsvatnet renn ei elv om Skarpengland og Engeland, vidare inn i Hægeland og fell i Otra ved Røyknes. Det har blitt flota mykje tømmer i desse elvane. Største vatna er Sangeslandsvatnet, Lolandsvatnet og Hægelandsvatnet. Det finst jettegryter i Kravlefossen, Greipslansfossen og andre stader. Ved Homme er det ei hole i fjellet. Segna seier at det ein gong sprang ein hund inn der. Han kom att på Kile og var då snausvidd. Litt lenger vest i same heia er det ei anna hole som ber namnet Ulvs smie. Holet fortel greit at ho har vore brukt som smie. Ulv Bertorson budde på Homme fyrst i 1700-talet. Namnet hans står hogge i dørhella i huset til Berte Engeland. «V.B.H. 1727» står det.
Det er mange gravhaugar i Øvrebø. Dei fleste ligg på furumonen nord for Stallemogardane. Elles har det vore mange gravhaugar på Greibesland, Loland, Sangesland, Øvrebø, Hægeland og Reiersdal. Sumaren 1922 var konservator, dr. Helge Gjessing til stades og granska 16 av haugane. Det var Øvrebø Sogelag som fekk han hit og heldt gratis arbeidsmannskap dei to vekene granskinga heldt fram. Gjessing var nøgd med denne ferda. Mykje forvitneleg kom fram under utgravinga – leirkrukker, bronsespenner, sylvhekter, toleknivar, spinnehjul o.a. Dr. Gjessing tidfeste haugane til folkevandringstida . kring 400 e. Kr. Dei fleste funna blei gjorde på Stallemo. Der var det under jordarbeiod funne ein sers fin flintdolk frå yngre steinalder, kring 2000 f. Kr. Denne kjøpte Gjessing til Universitetets oldsaksamling. Grav haugane på Reiersdal var lite kjende då, så Gjessing kom diverre ikkje dit. Ånund Reiersdal har sidan funne mange haugar på garden, både kring jordet og i skogen. Han trur og å ha funne leivningar etter gamle hustufter. Det har vore folk frå Oldsaksamlinga og sett på desse, men enno (1956) har dei diverre ikkje blitt granska. Bygdeborga på Prestheia bak Øvrebø Kyrkje er heller ikkje fagleg granska, men det er utan tvil ei bygdeborg som skriv seg frå folkevandringstida.
Alt i 1756 blei det bygd kapellansgard her. Det blei teke ei halv hud krongods frå Øvrebøgarden og ei halv hud krongods frå Sangeslandsgarden og lagt til denne. Fyrste kapellanen var Henrik Ulfson Fordahl, fødd på austre Føreland i Hægeland. Foreldra hans var Ulv Touson Fordahl, fødd Beienestveit, og kona Ragnhild Guttormsdotter, fødd Føreland. Fordahl døydde i 1760 og er gravlagd på kyrkjegarden her. Fyrste soknepresten var Bernt Smith (1814 – 1836). Etter han kom presten Axel Kristian Pharo (1837 . 1846), ein sers myndig herremann. Han var fyrste ordføraren i Øvrebø/Hægeland, og han bygde ny prestegard i 1839, dei husa som står enno. Det er ein sers stilrein og vakker bygning. Pharo flytte seinare til Grimstad og Fjære der han dreiv som skipsreiar.
Av dei meir kjende prestar her er G. Chr. Thorkildsen (1877-1890), seinare biskop på Agder. I 1905 blei Vennesla hovudsokn, og presten då – Mons Olaus Herberg – flytte dit. Då ble prestegarden selt til Øvrebø herad og blei bruka til gamleheim ei tid, men er nå bustad for hjelpepresten i prestegjeldet.
Øvrebø kyrkje ligg sers vakkert til på ein haug tett ved prestegarden mellom Sangeslands- og Øvrebøgardane. Kyrkja blei kjøpt av ålmugen i 1723. Det er ei vakker korskyrkje. I seinare år (1952), er det drive mykje restaureringsarbeide på henne. Gamle farga og bilete har kome fram, og ho er sers pen og uneleg. Alterstaupet er frå 1751. Det blei kjøpt i staden for det eldre staupet som blei stole eit par år før. Kyrkjetjuven var Anders Olsen Høfding,fødd i Sigdal prestegjeld i 1715. Han var illgjeten denne Anders og hadde mange tjuveri på samvetet. Ein gong stal han 220 riksdalar frå ein lensmann i Nedenes len. To gonger braut han seg ut av fengsla og kom på frifot. Hausten 1749 braut han seg inn i Øvrebø kyrkje, og dagane før hadde han brote seg inn i Vennesla og Iveland kyrkjer. Då presten saman med fir soknemenn kom til kyrkja om søndagen, fann dei «bortstjålet kalk og disk som var sølv, og for nogle år siden forgyldt overalt». Tjuven hadde også brote opåp kyrkjekassa og stole pengane. «Ligeledes fant de et menneskes skarn ved alteret at være lagt, samt to skilling på alteret». Fire Ovrebø-karar tok på leiting etter tjuven snarast råd. Det var Kristen Rollestad, Vrål Stallemo, Anders O. Hægeland og Anders E. Håresland. Dei fekk straks spurlag på «en ukjendt mandsperson med et kvindfolk at have reist». På Midtbø i Bjelland hadde han fått ein messingsmed, Knut Sundet, til å smelte kyrkjesylvet. Laurdag morgon, etter ei vekes jakt, kom karane over tjuven på Mjåland ved Lysefjord i Ryfylke. Han blei førd til Kristiansand, og saka kom føre i byting og ekstrarett. Høfding blei dømd «efter Lovens 6. Bogs 17, cap 39. artikkel og forordning af 4. mars 1690 ei alene miste sit liv, men endog efter lovens 16. cap., 4. artikel legges paa hjul og steile». I minesterialboka for Øvrebø har presten skrive søndagen etter kyrkjeranet: «Ve den som berøver, han skal igjen berøves». Presten fekk rett.
Den kristelege verksemda i haradet er gledeleg stor. Sokneprest H. Nordgaard seier m.a. om dette: «Den kristelege onteressa er stor, og det kristelege arbeidet intenst. Personleg kristen tru og medvete kristenliv er det mykje av her. I tidlegare tider har det vore en del større åndelege vekkjingsrørsler, men mindre i det seinare. Den nye generasjonen har glide meir stille inn i det kristne miljø, liv og arbeid».
Vennesla prestegjeld, som Øvrebø høyrer til som anneks, hadde inntil 1939 berre ein prest, soknepresten, med bustad i Vennesla hovedsokn. Men i 1939 blei det tilsett hjelpeprest, som bur i den gamle prestegarden på Øvrebø. For det kristelege og kyrkjelege arbeidet, ikkje minst i anneksa, rorer ein nok seia at denn auka geistlege innsatsen har hatt ein del å seia. Her blir halde fleire gudstenester, folket få oftare sjå presten i heim og skule, ved sjukeseng og rundt om på bedehusa. Over alt er presten velsett og velkomen. Rett nok er det etter måten ein rett sterk kyrkjelyd som høyrer til Den evangelisk-luthersek frikyrkje. Alt frå 1880-åra har dette kyrkjesamfunnet hatt rot her. Men tilhøvet mellom dette og Den norske kyrkja har serleg i dei seinare åra vore stort sett godt.
Det er liten overgang frå det eine kyrkjesamfunnet tilhitt. Nattverdsøkjinga steigsterkt i slutten av 1930-åra og under krigen. Sidan har det halde seg jamt høgt. Søkjinga til sundagsgudstenestene må seiast å vera god, om enn noko ujamn. Dette siste kan skriva seg frå at kyrkjevegen er lang for mange. Når ver og føre ikkje er bra, verkar dette inn på oppslutninga. Ei god hjelp har det vore åra etter krigen med kyrkjeruter som køyrer noså jamt preikesundagane.
Interessa mellom folket for kyrkjehuset har gjeve seg mange tydelege utslag. Nokså omfattande oppussing- og restaureringsarbeide som nemnt utført med kyrkja,som gjenom dette er blitt mykje vakrare og betre. Det kristelege lekmannsarbeidet blir drive rundt i krinsane. Menn og kvinner i ikkje lite tal står trufast i tenesta på ymse vis.Sundagsskular og ei heil rekkje foreningar for indre og ytre misjon er i gang. Organisasjonane desse er tilslutta er Det Norske Misjonsselskap, Misjonssambandet, Santalmisjonen, Finnemisjonen, Landsindremisjonen, Det Vestlandske indremisjonsforbund, Det Blå Kors o.fl. År om anna blir det ofra mykje pengar til misjonsarbeidet. I vinteråret serleg er møteverksemda intens, ofte med møte kveld etter kveld, veke etter veke, ved tilreisande emissærar.
Øvrebø fekk ordna skuletilhøve med den «skuleordinansen» som blei vedteke på Odde i Oddernes 1764. På det møtet var det målsmenn frå kyrkja, amtet og ålmugen. Etter dette vedtaket skulle sokna delast i to «skoledistrikt», eit vestre og eit austre med ein lærar i kvart. Læraren i vestre distrikt var samstundes dekn ved Øvrebø kyrkje. Lårarane ble lønte av ålmugen med ei viss avgift på kvar hud skyld. Deknen hadde dertil noko offer. Denne omgangsskulen rådde grunnen kring 100 år framover. Læraren traska rundt frå gard til gard med læremidla i eit skrin på ryggen. En flokk born fylgde han i næraste krinsen. Skuletida var så ymis, fra ein dag opp til 10 – 12 dagar på kvar gard, etter storleiken på garden. Husfolket på garden skulle gje husvære og mat til læraren så lenge han var på garden. Det same fekk born med for lang veg til å gå heim. I 1820-åra fekk born jamt over kring 12 skuledagar årleg. I 1841 drøfta dei eit framlegg om fast skule i Øvrebø. Heradstyret meinte at «locale omstændigheder hindrer samme i at være hensigtsmæssig». Likeeins fall eit framlegg frå bispen om å tilsetje ein tredje lærar.
I 1850 blei det likevel vedteke at det skulle vere fast skule i Øvrebø. Ved kongeleg resolusjon blei soknepresten plikta til å gje grunn frå prestegarden til tuft og lærarjord. Men også i 1862 nekta heradet løyving til ein tredje lærar. Det var fire skulekrinsar då. I 1865 blei det skipa ein femte krins. Då var godgjersla til læraren for kost og hus 20 skilling, og for fatigborn 8 skilling døgeret. I 1879 var det 140 skuleborn i sokna, og av desse var 136 i fast skular. Det vart då kjøpt hus til skulen i Ilebekk krins. Der det ikkje var skulehus, hadde dei leigd «rotestover» til skulen. Med skulelova i 1889 blei heradet meir suverent i skulestyringa. Då kom det eit heradvalt skulestyre i staden for «skolekommissionen». I 1892 var det todels skules i alle krinsane så nær som Eikeland krins, og det same året kom det framlegg omframhaldsskule saman med Hægeland. Ein fekk avgangsprøver for uteksaminerte elevar fra 1905. Nynorsk blei samrøstes teke til hovudmål i skulen i 1909. Frå 1920 er det skulehus i alle 5 krinsane.
I tida 1918 – 1924 hadde heradet framhaldsskule saman med Hægeland og Finsland. Nå har Øvrebø hatt obligatorisk framhaldsskule i mange år, med 18 veker teori, 6 veker handarbeid og sløyd, dertil 4 veker husstellopplæring for både gutat og gjenter. Bygda er svært glad i denne skulen.
Etter kommunevalet hausten 1955har heradstyret 13 medlemer. Av desse har Arbeiderpartiet 2 representantar, Kristeleg Folkeparti 2 og borgarleg samlister 9 representantar. Det er ikkje tilsett heradsekretær. Heradet er skuldfritt. Det eig den gamle prestegården, ein verdfull eigedom, og vidare er det eigar av ei stor tyskerbrakke, der det har ymse kontor for heradskassa, lensmann, forsyningsnemnd o.a. Det disponerar vidare 9 husvære i dette og andre hus det eig. Det har også lagt opp ymse fond. Etter krigen har det vore store utlegg til skulehus og vegbygg, så det har vore vondt å få balanse i budsjettet. Skattøret er 18, tabell A. Truleg er heradet nå over verste kneiken.
(Neste del av Jon Åsen´s beskrivelse av Øvrebø i 1950-årene kommer i Årsskriftet for 2011.)