ÅRSSKRIFT 2009 – Øvrebøfolk
- – er vel stort sett kjent som et rolig og sindig folkeferd, men noen ganger har det nok brust opp til noe som ligner mistenkelig på en bygdestrid. Diskusjonen om hvilket sted som var sentrum var kanskje lettere noen hundre år tilbake i tid da Øvrebø var så dominerende, selv om mange ting tyder på at Stallemo kanskje var et like viktig område. I nyere tid har vel striden stått mellom Homstean og Mølla/Skarpengland, begge vil være størst og mest betydningsfull.
- Et konkret eksempel på dette er diskusjonen om hvor skolen skulle lokaliseres da det ble nødvendig med sentralisering. Både Stallemo, Øvrebø og Eikeland (nå Songdalen), viste seg å tape i kampen om å få beholde skolen i bygda si. Det måtte bli Ilebekk/Homstean og Mølla/Skarpenglandsom ble de nye skolekretsene. Men lokaliteter hadde ingen av de til å ta i mot alle eleven, og det måtte bygges nye skolehus. Men hvor var det nok ikke full enighet om. Vi refererer her litt fra de dokumenter som vi har fra den tid:
Klage til Øvrebø Forliksråd, Øvrebø.
Klagar: fleirtalet i Øvrebø skulestyre.
1: Olav Upsahl, Øvrebø , 2: O.S.Ilebekk, Øvrebø, 3: T. Mindrebø, Øvrebø, 4: Georg Iveland, Øvrebø, 5: Oskar Eikeland, Øvrebø
Innklaga: 1: Formannen i tilsynet for Mylla skulekrins; Harald Witsø, Øvrebø, 2: Formannen i tilsynet for Øvrebø skulekrins, Toralf Drange ; Øvrebø
Saka gjeld: I skriv av 22. februar 1947 frå Mylla krins til Øvrebø skulestyre heiter det bl.a.: «19/2-1947 var det krinsmøte i Mylla krins då fleire av foreldra hadde kravd det. Det møtte i alt 50. Desse vedtok samrøystes å sende denne protesten til heradstyret:
«Mylla skulekrins vil på det mest bestemte protestere mot samanslåing av Mylla og Ilebekk krinsar til ein skulekrins, likså vel som mot bygging av eit skulehus som er mynta på full sentralisering av alle krinsane i bygda, noko som kjem klart fram i referat frå skulestyremøte 8/2-47 i Fædrelandsvennen.»
Grunnar: 1: Avrøysting i krinsane hausten 1946 viste at 100% av dei frammøtte i alle krinsane i bygda var i mot full sentralisering. Berre Iloebekk krins var føre delvis sentralisering, d.v.s. samanslåing av Mylla og Ilebekk krinsar, og berre når skulen vart bygd i deira eigen krins. Den heilt egoistiske framferd som fleirtalet av skulestyret har vist i denne sak ved å gå slik stikk i strid med folkeviljen, gjeven klårt ved avrøysting i fjor, er beint fram utoleleg av folkevalde representantar. Det er med undring og harme ein ser at denne prøysermantaliteten framleis kan få lov å råda i ei bygd, og krinsen vil ta dei kraftigaste rådgjerder mot slik framferd
2: Dei pedagoigiske føremuner med en 4-delt skule, samanlikna med ei 3-delt, ser firne ut på papiret, men i røynda er den 3-delte langt betre. Den fremste autoritet pedagogiske spørsmål i landet vårt, Erling Kvistvik, hevdar at 3-deling er den pedagogisk beste skuleordning. (Jamf. Lærebok i pedagogikk for lærarskulane «Læraryrket»). Det er og klart at for folk som vil tenke at den personlege kontakt, som har så umåteleg stor verd i folkeskulen, vert langt større når barna er delt i 6 klassar enn når det berre er 4 klassar. Foreldra krev at borna får den beste opplæring ein kan gje dei, og dersom skulestyremedlemer set sitt personlege og interesse føre barna si opplæring og dermed barna si framtid, har dei svike si oppgåve og burde aldri ha sete i eit skulestyre.»
Skrivet er også – etter Witsø`s foranledning – kunngjort i Sørlandet torsdag 27. februar 1947.
I skriv av 25/2-47 frå Øvrebø krins til heradstyret heiter det bl.a.:
«Det er dessutan kjent at Ilebekk krins er i mot å slå saman Ilebekk og Mylla krinsar om skulebygget vert ved Mylla. Øvrebø krins vil difor på det mest bestemte ta avstand frå ein plan som er grunna på så egoistiske motiv. Krinsen vil også med dette rå til at heradstyret forkastar den vedtekne skuleplan og lagar det slik at kvar krins får sitt eige skulehus.»
Skuldingane er usanne. Ved de nemnde skuldingar har de rettstridig tilføyd klagarane en ærekrenkelse eller medvirket hertil. Videre har de innklagte søkt å bevirke eller medvirke til at noen finner tiltro, eller egnet til å skade klagarenes gode navn og rykte, eller utsette desse for hat, ringeakt eller tap av den for deres stilling eller næring fornødne tillid.
Klagarane akter derfor å forfølge saka ved retten med påstand om straff, mortifikasjon, erstatning, oppreisning og omkostninger, liksom de innklaga vil bli påstått tilplikta å offentliggjøre dommen på egen bekostning.
Vi ber derfor Harald Witsø og Toralf Drange innkalt til forliksrådet til forliksmekling i saka. Prisessfellesskapet er hjemlet i tvist §68.2. Klagen i 4 ekspl. Øvrebø 23. april 1947. for klagarane