ÅRSSKRIFT 2009 -Kontroll med reingjering av skulehusa.

ÅRSSKRIFT 2009 -Kontroll med reingjering av skulehusa.

Til Øvrebø skulestyre

Kontroll med reingjeringa av skulehusa vart gjord i november mnd. Det er fleire ting som vanskeleggjer reinhaldet, so som dårleg skureklut, såpe og børste. Målinga er og dårleg om der i det heile er nokon og då dei i Ilebekk skulehus hadde fenge måla golva, måtte det vel gå ann og få måling til dei andre skulehusa og?

I Mølla skule er VC til gutane i uorden, dei skulde ha ein vask, slik som det er i dei andre krinsane, og nokre bord i golvet. I gangen stend eit fille skap som det skulde vera ei dør i, best var det å riva det ned og få eit meir høveleg i staden. Døra mellom dei to skuleroma ar vanskeleg å få opp.Kan hende De tenkjer å gjere noko meire alvorlegt med heile skulehuset, men ei lite grann kunde der vel rettastsd på allikevel.

I Øvrebø skulehus er golvet i gonga på «gyngande grunn», strøa er vel gåen.

Tilsynet i Stallemo krins hadde nett vore på skulehuset for å sjå etter om det var noko som skulde rettast på den dagen eg var der.

I Ilebekk skulehus er det ikkje noko serleg å nemne.

Øvrebø 5/12-45 Vyrdsamt s. Agnes B. Ilebekk

Lars