ÅRSSKRIFT 2009 – Gunnar Iveland: Pasientar

ÅRSSKRIFT 2009 – Gunnar Iveland: Pasientar

I 30-åra fram til nokre år etter krigen var slutt var det mange psykisk utviklingshemme sett bort i bygda. Dei budde i huset og høyrde heime i lag med familien og bygda. Me kalla dei for pasientar. Nokre var kanskje berre originale.

Var det av medkjensle eller var det inntekter frå helsevesenet som gjorde at det kom så mange pasientar? Eg trur helst det var inntekter som var årsaka. Det var tronge tider med lite pengar så nokre kroner kom vel med. Men det var mykje ekstraarbeid, særleg for kvinnene medklesvask og matlaging. Særleg når me veit at dei ikkje hadde dei hjelpemiddel me har i dag.

Nokre av pasientane var med i arbeidet på gardsbruka, og dei såg ut til å trivast med det. Me som vaks opp i denne tida var aldri utrygge for dei sjølv om det ein gonmg kom bod om å hjelpe til å binde Olsen da han var blitt farleg.

Olsen og Aksel var titt med og bada i elva. Aksel sitt standarduttrykk når me sat på land etter badet var: «Det er deilig å bade. Jei så en gang en som batte fint».

Det var Aksel som kom seg ned i kjellaren og åt opp kjøttkakene til søndagsmiddagen, 30 – 40 i talet. Kommentaren til Aksel etterpå: «Jei har aldri vært så god og mett».

Når me bada, hadde me ein telefonstolpe som me leika med. Ein gong Olsen heldt i den eine enden, pressa me den under vann. Olsen klamra seg til stokken. Då han kom opp, stod spruten av vatn ut av munnen hans. Då vart me redde.

Olsen var lei til å rømme. Ein gong fann dei han på Mæsel i Finsland. Då sonen huset der han budde kom for å hente han, sat han ved bordet og fekk seg mat. Korleis klarte dei å finne han? Jau, han hjadde hæljern under skoa så det var berre å fylgje spora fra Stallemo til Finsland.

Ei9n del av dei var nokså harmlause og originale, så som «Gullsmeden», Miriam og «Tellei Kjøttdeig». Miriam var bybud i Kristiansand og gjekk med kofferter. Når det var etterselskap etter ein konfirmasjon, heldt han alltid tale.

Ole Georg vart flytta til Eg asyl. Då han kom tilbake på besøk, skrytte han av det store gardsbruket på Eg. Eit uttrykk som eg minnest etter hen er: «Noen gresser og noen luker».

Etter krigen var det farlegare pasientar som me ikkje var trygge på. Ein hoppa ut fra andra høgda og sprang deretter bort til ein pasient som hogde ved. Han la handa på hoggestabben, hogde av ein finger og sette på sprang fleire hundre meter før han kom tilbake. I ettertid må me vel være glade for at det ikkje hende ulykker.

Lars