ÅRSSKRIFT 2005 EIN BYTUR OG EI GRAV

ÅRSSKRIFT 2005 EIN BYTUR OG EI GRAV

Gunnar Iveland deler nok et minne med oss

Ein bytur og ei grav

Det var i mai 1945. Nokre dagar etter at freden kom, fylgde eg melkeruta til byen. Det var to mann til på ruta. Nedover Høiekleivane tala dei om ein tyskar som ikkje ville overgje seg då freden kom. Dei hadde høyrt at han vart skoten av sine eigne. Han skulle vere gravlagt i furumonen utanfor leiren på Augland.  Ruta gjorde ein stopp der og vi gjekk innover i furumonen. Der var grava. Det var ein trekross med ein tysk hjelm på toppen. Truleg var det ein høgare tysk offiser. Grava låg 5-6 meter ut frå innerste kanten, om lag midt på fotballbanen som er bygd i ettertid. Dei to på melkeruta hadde høyrt om hendinga frå heimefrontfolk. Eg kan ikkje minnast at det var andre som tala om dette eller at det stod noko om det i avisa. Då eg skulle skrive om dette, ville eg prøve å finne ut meir om hendinga.

Det viste seg å vere vanskeleg. Eg spurde eldre torridøler, men nei, dei hadde ikkje høyrt noko om dette. På Arkivet fekk eg kontaktpersonar som gav meg nye namn. Etter mange omvegar kom eg fram til Audun Leland. På den tida dette skjedde budde han ved sida av leiren og var så godt som vitne til hendinga.

Han fortel:

Det var det tyske sikkerhetspolitiet som var i leiren. Norske fangar vart brukt til å bygge leiren, 3-4 brakker og eit større bygg for bil og motorsyklar vart sette opp.

Mot slutten av krigen var norske hirdfolk i leiren. Dei dreiv med oppstilling og marsjering. Nokre dagar etter at freden kom, gjekk framleis tyskarane i leiren med våpen. Ein dag kom det bilar med militære og motstandsfolk. Dei svinga opp maskingevær framfor den tyske vakta. Dette såg skummelt ut. Dei fekk forklart at dei ikkje skulle ense tyskarane, men skulle ta hand om den norske hirden. Hirden hadde avvæpna seg sjølv ved å leggje våpna i ein haug. Ein del hadde nok stukke av. Det vart noko høgrøysta bråk og uro blant tyskarane. Ein full tysk offiser ville ikkje fylgje ordre, han ville heller ta dei norske militære.  Han vart skoten der og då av den tyske sjefen i leiren. Den tyske disiplinen var beinhard sjølv i fredsdagane. Leland såg ikkje sjølv hendinga, men høyrde skotet. Då hirden reiste, var det oppstilling og Hitlerhelsing med handa.

Leland fortel at tyske Vehrmacht-soldatar heldt til i skulehuset på andre sida av vegen. Når han tala med dei, fekk han inntrykk av at det var dårlege forhold og at dei ikkje ville vere saman med tyskarane i leiren.

7. mai, fredsnatta, var det oppstilling utanfor skulen. Dei sang den tyske nasjonalsangen.

Det tykkjer eg var tankevekkande.

Stallemo, november 2004

Gunnar Iveland

kristoffer