ÅRSSKRIFT 2004- ILEBEKK KVINNEFORENING II

ÅRSSKRIFT 2004- ILEBEKK KVINNEFORENING II

Anders Wehus skrev om Ilebekk kvinneforening til 100-års jubileet.

Til Iglebæk kvinneforenings 100 års fest 18 – 3 – 1984

Påskemorgon då frelsaren opp av grava stod var kvinner dei første som fekk det bod: Fortell at eg er oppstanden.

Og kvinnene gjekk og fortalde alt, til brødre og søstre og fleire med, så alle skulle få del i det, som har med vår frelse å gjere. Og då han føre si Himmelferd, gav læresveinane den siste ordre: Forkynn evangeliet for alle folk, ætter og tungemål, der skal de vere min tolk.

Og lovnaden fekk dei i same stund: Eg alltid vil vere med, og gjeve dykk mot og signing og råd, og veit at dykk står på sikker grunn, så lenge verda står.

Evangeliet spreidde seg meir og meir, snart til Makedonia og Rom. Og etter som tida gjekk det nordover kom, også til heimlandet Norge. Som Blix segjer: ”Du sende ditt ord til Norges fjell, og ljos over landet strøymde”.

Og mange tok i mot det glade bodskap og samlast til bøn og arbeid. Dei sa: Dette må vi dele med andre, noen fikk serskildt kall frå Gud til å vandre, – til fjerne land – fortele om Jesus så dei bergast kan, frå hedenskapet det mørke.

Misjonsselskap blei stifta, misjonærar sendt, til Zulu, Madagaskar og China. Men det gjekk både vinter og vår, før den første hedning blei døpt – det segjest i fjorten år -.

Men trass motgang og sakn, misjonærane heldt fram, i tru og von,  – ditt rike må vekse fram -. Martyrer sitt minne vil lyse klart, i vemod i farne år -. Det er som ein haustvind som sukkar sårt -, men varslar om betre vår.

Men å sende misjonærar til fjerne land, kosta pengar og offer og sakn, og derfor samlast kvinner til bøn og arbeid, for at evangeliet skulle nå lenger.

I dag går vi tilbake hundre år, og minnast dei første som byrja kvinneforening i bygda vår. Det var i det små, med bøn til Gud, om signing og helse til dei som drog ut – og framgang og vekst for Guds rike. Dei samlast i stovene, karda og spann, og laga så mange slags varer. Så selde dei lodder, og pengar kom inn, – og glade blei og dei som vann. Ja, folk kjøpte lodder og skreiv seg på bok, dei kom frå gardane – ja, mest frå kvar krok – i von om gevinster å hente.

Og midler blei sende til fjerne land der misjonærer arbeidde så godt dei formådde.  Dei gav med glede ei hjelpande hand, der sjukdom og hedenskap rådde.

Og kyrkjer blei bygd og hedninger døpt, og ordet om riket gjekk fram. Og sidan har takk ifrå frelste der ute nådd oss i vårt heimlege land. Og takken gjekk også til Gud, som sende livets ord, frå oss her i det høge nord.

Ja, kvinneforeningane i Norge har frå første stund, vore med og gjeve misjonsarbeidet ein økonomisk sikker grunn. Og slekt etter slekt har fortsatt der dei gamle slapp.

Me bøier vårt hoved for alle dei som glad – følgde kallet til arbeid her heime år etter år. Til dei frå bygda vår, som nå er borte, ein minnekrans me bind, om deira panne i dag.

Mi gratulerer kvinneforeninga med dei hundre år, og er glad for at yngre krefter vil halde fram, etter som tida går.

Så samlast me alle i takk og lov, til Gud som har hjelpt til i dag. Og veit at han også i dagar som kjem, vil signe vårt Misjonslag.

 

*********

kristoffer