ÅRSSKRIFT 2003 – GUNNAR IVELAND

ÅRSSKRIFT 2003 – GUNNAR IVELAND

Gunnar Iveland har i mange år vært en trofast bidragsyter til årsskriftet. I 2003 var det hans interesse for gamle biler som han fortalte om.

Fra Gunnar Iveland har vi fått lov å skrive en del av det han har funnet ut om en biltraktor de har på gården på Stallemo. Dette er en del av  et prosjekt som han har for Agder Motorhistoriske Klubb:

Historia om Reinert Quales Listerbuss:

På garden har vi ein Reo, ca. 1926-modell. I 1939 kom far heim med den, som då var ein Reo buss. Den hadde han kjøpt av Ole A. Iglebæk i Kristiansand og betalt med 1,5 mål ved. Motoren måtte han overhale. Osmundsen, som var på verkstedet til Ole A. Iglebæk, gjorde den jobben. Iglebæk var generalagent for Reo i Skandinavia. Bilane skrudde dei saman i Kristiansand. Det som eg visste om denne bussen var at den var gått i rute Lista – Farsund. Ettersom den nå har gått over frå å være bruksgjenstand til å bli historie, ville eg prøve å finne ut mest mulig om han som buss, mellom anna om det kunne finnes bilete av han. Etter samtale med rutebilfolk fekk eg nye kontaktpersonar frå Lista til Eiken. Det viste seg at dette var for langt tilbake i tid, så derfor må eg skrive ned det eg veit i dag. Alle ting blir historie med tida.

Eg hadde merka meg fine forteljingar i bladet av ei som heitte Turid. Eg ringte henne og spurte om ho kunne tenke seg å finne ut om tida den gjekk som buss og så skrive om dette. (Dette vil senere komme i medlemsbladet, se ovenfor). På eit medlemsmøte i vest hadde eg med skiltet: K-7046 Rutevogn. Dette var eit Flekkefjord-nummer. Eg var inne hos bilsakkyndige Svein Haugen for å spørje om denne bussen. Han måtte ned i kjellaren for å leite. Då eg seinare kom innom fekk eg kopi av registreringa av Reinert Quales to busser.

Om bruken av Quales Listabuss frå 1940 til 1950-åra på Stallemo:

Då far kjøpte bussen tenkte han å bygge den om til lastebil. Men då krigen kom vart den til biltraktor i staden. A.G.Føreland verkstad kappa ramma og korta den inn slik at kardangen gjekk rett på gearkassa. Skjermer og alt overflødig var fjerna.

Okkupasjonsmakta såg med velvilje på landbruket og vi fekk tildelt bensin av jordstyret. Seinare i krigsåra var det vanskelegare. Då vart det eit spørsmål om den kunne gå på solarolje. Det kunne den ikkje! Vi fekk litt bensin frå Arne Iglebæk frå bensinstasjonen, som var mellom jernbanestasjonen og rutebilstasjonen, med forklaring til tyskarane at tankane måtte renses for slam.

Det var ikkje noen løfteanordning for redskaper, så dei måtte henge baketter i kjettinger. Biltraktoren med to ploger kunne pløye 23 mål på ein dag!! Den var litt høgt gira så dei som styrte plogen måtte halvvegs springe etter. Då fann dei på å henge på ein planke som den eine foten kunne stå på. Då vart det lettare. Det blei og laga tippkasse så vi kunne køyre ut husdyrgjødsel. Vi reiste rundt på nabogardane for harving. Reo traktoren vart og bruka til nydyrking av mange mål med furuskog. Det skjedde ved å feste ein vaier to tredeler opp på stammen og så dra i trea så dei rotvelta.

Gunnar Iveland, Stallemo november 2003

Kristioffer Berntsen