ÅRSSKRIFT 2003 – TORFINN HAGELAND

ÅRSSKRIFT 2003 – TORFINN HAGELAND

Den gamle Prestevegen – hvor gikk den. Torfinn Hageland kan gi svar.

Prestevegen:

Når presten med Øvrebø skulle til annekset Vennesla, reiste han over Drivenesheia og med ferje over til Vennesla.

Når presten skulle til annekset Hægeland, reiste han Vestre Fjellmannsveg.

Etter kvart blei Vestre Fjellmannsveg omlagd og skipa så pass at han far kunne kome fram med hest og slede om vintrane…

Denne sledevegen gjekk frå gardsbruket Vollen på Øvrebø om Rønninga til og over Skolandsmyra. Ved Li sag kryssa han nåverande bilveg. Sledevegen gjekk opp Flatåsen noe lenger til høgre enn nåverande bilveg. Sledevegen gjekk gjennom Horrisland direkte mellom gardsbruka langt vestanfor nåverande bilveg, og sledevegen kom opp til Tjomsås til venstre for det nåverande bilvegkrysset.

Sledevegen gjekk fra bruksnummer 4 ”Der aust” på Tjomsås skrått opp til høgt over baksida av bruksnummer 6 ”Røynehammen” på Tjomsås, derifrå inn til bruksnummer 12 ”Der inne” på Tjomsås som nå er huslaust.

Så langt blei sledevegen gjort om til kjerreveg lenger fram i tida.

Frå ”Der inne” på Tjomsås gjekk vegen langs austsida av Lauvåstjønna, men er nå blitt omgjort til traktorveg. Men sledevegen er bevart vidare høgt over austsida av Maurekleivtjønn, og der er han mura opp med ei høg borg. Nær bytet mot Bringsvørd er der bru-kar etter ei stokkebru over eit lite gjel. Sledevegen kom ikkje opp i tunet på Bringsvørd, men i ein myrdal like austafor. Sledevegen eignar seg godt som turveg.

Vidare nordover følgde sledevegen truleg Vestre Fjellmannsvegen, seinare felles-låma av Fjellmannsvegen, over Skyllingsheia til Hægeland kyrkje. Denne strekningen går over myr og flate berg og kunne brukast som sledeveg slik som lendet var frå naturen si side.

Det er uvisst når denne sledevegen blei bygd. Det ligg nær å gisse på tida mellom 1800 og 1845. Han har same breidd som ein kjøreveg der han går på austsida av Maurekleivtjønn. Ein mann på Røyneland har til og med kjørt vegen med hest og karjol. Men han ber mindre preg av kjøyreveg over til Eikeland, for der kunne dei utnytta flat berg og myrar. Iallfall må han ha falle meir eller mindre ut or bruk, iallfall som presteveg, etter 1845. Men han var ein viktig snappveg til kyrkje og kommunalt styre og stell for folk i den sørvestre delen av Hægeland sokn heilt fram til mellomkrigsåra. Dei gjekk då til fots. Ei gammal jente frå Lauvås ”gjekk Skyllingsheia” når ho skulle besøke Hageland, heilt fram til 1930-åra.

Kristioffer Berntsen