ÅRSSKRIFT 2002: UTGRAVINGENE PÅ STALLEMO

ÅRSSKRIFT 2002: UTGRAVINGENE PÅ STALLEMO

Årsskrift 2002: Jon Aasen, forfatteren av Øvrebøboka og av mange av den eldre garde kjent som lærer, skrev 3. juli 1922 et stykke i Agder Tidend om utgravingen av gravhaugene på Stallemo.

Gravhaugane i Øvrebø – Litegrand um utgravingi

Det er `kje for katten aa gjeve seg ikast med aa opne gravhaugar.  Det er berre godt ein ikkje paa førehand veit kor pass mange spadetak det lyt til. For ikkje aa tale um oplag av tolmot. Men saa held han naa stikk ennaa – gamle satsen, at kjæraste barnet er det dei hev stridt mest for.

 Ikkje nett så høgtidssamt er naa dette heller.  Men de skulle vata kor motet og vona seig i bringa paa ein vesal pedagog, daa me fire fulle dagar til ende hadde fare gjenom liksaa mange haugar og ikkje funne dusta forvitneleg.

 Det er ”en tolmodighetsprøve De først trenger”, segjer dr. Gjessing og kveikjer pipa med god ro og same lune smilen som daa me sette spaden i fyrste haugen. Han hadde rett! Naa hev me vitja 16 haugar – gjort funn i tridjeparten – og naa er me nøgde – pedagogane og – .

Jau, her var bra felt aa ta fatt paa. Paa 5 – 6 gardar kring i sokna er godt og vel 50 haugar. Av desse er dei 32 samla paa eit lite felt på eigedomen til  Anders Kristensen Stallemo. 11 av dei 32  er utgravne. Dei runde haugane er fraa 8 – 14 meter i tverrmaal, og dei lange haugane fraa 12 – 18 meter lange og kring 6 – 7 meter breide. Høgda sviv vel millom 0,8 – 1,4 meter.

 Naar ein saa gaar inn i rundhaugane med ei  4 – 5 meter breid gang, og i langhaugane optil  7 – 8 , er det lett aa skjøne at det gjev arbeid. I dei største haugane  blei kring 80 – 100 lass grus hive ut. Og saa skal alt dette leggjast paa  plass att. Haugane skal sjå like prydelege ut naar herr Gjessing reiser som daa han fyrst la hand paa dei. Dette er han særs var med, og takk skal han ha for det. Haugane maa ha krav paa like mykje vyrdnad etter at dei er opna, ja helst meir. —

Kva løyner saa haugane? — Leir krukkene dominerer mest, I dei haugane som hev leivt noko, er funne 13 krukker, Sume av desse er fint fraaseggjorde. Vidare er det spinnehjul, toleknivar, bronsespenner og naaler. Eit par naaler var av sylv.  Det er branngraver dei fleste, saa det syner seg kolrestar imest kvar cm under jordflata paa feltet kringom. Midt i haugen, 75 cm over liket var reist 3 smaa flate steinar i pyramideform. Over denne ei flat steinhelle og kringom dette 6 heller store kvartssteinar ( kattesteinar). Dette var ei kvinnegrav som hev vore rikt utstyrt. Det syner merke etter 3 trebytter, 2 leirkrukker, 4 bronsespenner, 3 bronsenaaler og 2 sylvnaaler. Kring nokre av spennene er det leivningar av ty, som endaa greit syner traader og veving. Eit lag never hev berga dette. Denne grava er fraa eitt til halvanna hundre aar yngre enn dei andre,  som hev gjeve noko. Altsaa fra 6. hundradaaret. Det syner seg  saa over det meste av Sørlandet, segjer Gjessing, at det er etter maaten sein busetjing. Kystranda er daa undanteken. Det fins nok av og til steinreidskapar som er nokre tusen aar gamle.  På Stallemo fant dei saaleis for nokre aar sidan ein gild flintdolk som er kring 4000 aar gamal. Men faszt busetjing fraa den tidi hev det nok ikkje vore.

 Sers rikt er kje nett dette tilfanget av gamalt som er grave fram her. Det  plar det elles sjeldan vere i i slike større gravfelt. Likevel, det er nok til aa klaara mykje som ein før har bisna paa.

 ”Kvi grev de”, spør folk ”naar de ikkje finn noko verdfullt?”  Ne gull og sylv hev haugane leivt lite av.  Men det er anna som kan ha verde for vitskapsmannen. Sjølve gravane – utan reidskap eller smykke kan fortelje mykje.  Nokre steinar inni, koss desse er lagde – kva slag stein o.a. , det er noko arkæologen kan lese paa.  Lite kan det synest saa ein kanskje dreg paa smilen. Det kanme elles la vere. Det er dei mange ting – ofte smaating – som her gjev store oversyn og samanhengen.  Lat bygd etter bygd kome med sine smaa tilskot, og lat vitskapsmannen leite og granske, samanlikne og dra slutningar. Og soga vil vekse i indre samanheng, klaarleik og tyngd. Det vil stige fram meir og meir skjønleg og kjært, livet til fedrane vaare – jamvel her på dei heimlege tufter. Det er om deira verk og ferd me syng: ”Fedrene bygde, sønene trygde heimen som odel til ættene gav.”  Me kan gjerne vere med aa gjeve stønad til dei som i trottig strev vil leite grei veg attende og klaare opp i ”tidernes taake.”

 I gaar for dr. Gjessing fraa Øvrebø att. –

 Dei som fylgde han noko i dette arbeidet, vil ha sterke kjensle av kor det høgtid og helg over yrket. EIn kan saa godt skjøne naar han stend framfor noko nytt og uklaart i ein haug og segjer: ”Man blir stadig styrket i sin ærbødighet og respekt for deres religiøse opfatning og hensyntagen til de døde.” Det er Sørlandet som er felt for herr Gjessings vidare granskingar. Eg vil ønske han lukke til og vone han maa ha like for strevet.

 30. juni 1922

JON AASEN

kristoffer