ÅRSSKRIFT 2002 – AGDER TIDEND/UTHUSBRAND

ÅRSSKRIFT 2002 – AGDER TIDEND/UTHUSBRAND

Lørdag 29. august 1930 skrev ”Agder Tidend”:

Uthusbrand i Øvrebø i gaar kveld.

Huset hjaa heradskasserer Iglebæk brunne upp med avl,

maskinor og reidskap.

Buskapen vart redda ut i siste liten.

 

Fraa Øvrebø vert meldt til Agder Tidend. I gaarkveld i 10-tidi kom det eld laus i uthuset til heradskasserar Bernt J. Iglebæk. Elden spreidde seg med rivande fart, men til all lukke vart elden uppdaga straks av eigaren, som hadde vore ute ein tur. I fjøset sto 4 kyr, 2 kvigor, 4 grisar og ein hest. Alle dyri vart berga ut, men heile avlen og alle gardsreidskapar og maskinor strauk med. Huset var trygda for kr. 3400. Avl og reidskapor var ogsaa trygda.

Sætehuset stend noksaa nær uthuset, men det var stille ver og vinddraget stod fraa, so det var ikkje større fare for sætehuset. Korleis elden kom laus veit ein ikkje, men ein gissar paa kortslutning fraa dei elektriske leidningane.

Krøteri vart sett inn hjaa grannen i sumarfjøset.

Gamle hus

(Bilde av gården ”Der nede” der uthuset brant. Uthuset er ikke med på dette bildet, men sto nederst i høyre billedkant. I bakgrunnen ser en hovedgården på Ilebekk ”Der heime”, som de andre gårdene er skilt ut fra. Det er gården som Torgeir Ilebekk eier nå. Bakenfor denne , oppe i lia,skimter en ”Der oppe”, gården til Fuskeland. Hovedhuset på ”Der nede” ble revet ca 1950, og deler av det ble nyttet i det nye huset til Sverre B Ilebekk (nå Thor Sangesland). Loftsetasjen ble benyttet til å bygge en hytte på Mushom.)

kristoffer