ÅRSSKRIFT 2001 – G. IVELANDS GRUSTAK

ÅRSSKRIFT 2001 – G. IVELANDS GRUSTAK

Uttak av grus til ulike formål har vært en stor og viktig næringsvei for mange på Stallemo. Her kan du lese hva Gunnar Iveland fotalte om dette.

G. IVELANDS GRUSTAK PÅ STALLEMO

 G. Iveland knuseverk starta opp i 1953.  Det var det fyrste knuseverket i vide omkretsar.  Det var ikkje knuseverk i Kristiansand, så vi hadde mykje levering der og til Oddernes og Vennesla som var egne kommunar.  Det var mest veigrus, men etter hvert leverte vi mykje støypesand, då det viste seg at sanden var av svært god kvalitet.  Det var til bygg i Kristiansand og rundt i distriktet.  Store mengde leverte vi til kraftutbygging, til Steinfossen, til dammen ved Beihølen,  til ombygging av kraftstasjon og fabrikk ved Vigeland Bruk, lagerbygg på Hunsfoss og til brua over fra Moseidmoen til Vennesla sentrum.  

Vi begynte levering av sand og singel til asfaltverket i Kongsgårdbukta.  Det skulle vise seg å bli så omfattende, at vi måtte starte opp fleire knuseverk i sammen med andre.  På det meste kjørte vi med 8-10 biler.

Dei fyrste 10 åra var det ikkje hjullaster, grusen vart dratt inn til knuseren ved bruk av vinsj og vaier.  Vi henta grusen med graveskuff frå opp til 200 meter vekk frå knuseren.   Men då vi fikk hjullaster i 1964 vart det mykje enklare å bruke den til å hente grus, og til planering der vi hadde tatt ut grus. 

Alle lastebiler og all transport i Stallemodalen i dag har sitt utspring frå grus og knuseverk.

 

Gunnar Iveland

kristoffer