ÅRSSKRIFT 2001 – FRIKIRKEN

ÅRSSKRIFT 2001 – FRIKIRKEN

Frikirken har i mange år hatt en viktig plass i menighetslivet i Øvrebø. Her kan du lese hvordan det hele startet.

DEN FØRSTE FRIKIRKEMENIGHETEN I ØVREBØ

(Utdrag fra Øvrebøboka Bind 3 Kultursoga)

Frikyrkjemenighet i Øvrebø

Me har før sett at frikyrkjerørsla tok til å slå rot i Øvrebø og delar av Hægeland i 1870 åra.

Det er hevda at Stokkeland synte veg for indremisjonsvenene i Øvrebø og Hægeland då han gjekk inn i frikyrkja i 1883.   Me hugsar at pastor Thorkildsen og peika på samanhengen med Stokkeland.   Me har dessutan vore inne på at forstandar Findreng i Kristiansand reiste ein del i bygdene her.  Han blei kalla til det av indremisjonsvener.   17. August 1885 blei dei 6 fyrste frå Øvrebø opptekne som medlemer i menigheten i Kristiansand.   Desse var: Olav G. Knollen og kona Tone, Nils J. Stallemoliene, Jens N. Rollestad og kona Gjertrud og Ole Olsen Topstad.  I 1886 kom dei fyrste frå Hægeland.   Fleire kom etter, og då århundreskiftet var runda, var flokken så stor at ein tok til å tenke på eige forsamlingshus for ”Øvrebø og omegns frimenigheter”. 

  1. juli 1904 var nokre av venene samla i Vormebrokka med tanke på ”eget samlingshus eller kirke”.  O. Sannes opna møtet med Guds ord og bøn, og heile flokken ba om Guds signing og leiing i saka.  Dei blei samde om at dersom det let seg gjere å samle inn kr. 1500 i frivillig gåve innan 24. September., skulle dei bygge.  Knud O. Skoven og Tellef A. Omdal blei valde til å stå i leiinga for innsamlinga.  Fylgjande har skrive under protokollen for dette møtet:
  2. Sannes, Anders J. Robstad, S. Andersen Iglebæk, Omund Robstad, Jens Rollestad og Osmund Langeland.

Då dei samlast til nytt møte 18. Oktober hadde dei samla inn kr. 1240, men fleire hadde lova gåve, blei avgjerda utsett til 18. Nov. same året.  Me må tru at dei likevel kjende seg sikre på hus alt den 18. Oktober for same dagen blei dei samde om ” at udse pladsen hvor kirken burde stå”.  To menighetslemer,  Jens Fjellet og Anders Sangesland, hadde lova tomt.  Tomta i Vormebrokka blei vald.  Dei valde og byggekomite på dette møtet.  Det var Ole Knollen, Søren Ilebæk og Tellef Omdal.   Protokollen syner at dei arbeidde intenst med saka.  Utanom møta 24. Juni og 18. Oktober, var det 3 møter til det året.

  1. november var målet for innsamlinga nådd og i møte 7. Desember tok dei mot tilbodet frå Ole N. Egeland (Reiersdal) og Ole Osm. Øvrebøe om å bygge kyrkje for kr. 2600.  (”Kakkelovn, komfyr og maling ikke medregnet”).  På same møtet blei det semje om å ta opp eit lån i Øvrebø og Hægeland Sparebank.

Arbeidet tyktest gå fort framover.  Sommaren og hausten 1905 må det ha vore stor aktivitet i Vormebrokka.  I februar 1906 blei det gjort vedtak om at heile kyrkja (og to sider av stallen) skulle målast.  Likeeins var det semje om å gje kyrkja namnet ”Soar”.

  1. april 1906 var vigslingsdagen.  Det var ”en glædens dag for menighedsflokken her” skreiv

Sannes i protokollen.  Frå kl. 10.00 til kl. 19.00 var 500 menneske samla i den nye kyrkja som elles ”var bestemt til at rumme” kring 300.  Forstandar Findreng frå frikyrkjemenigheten

i Kristiansand tala varmt og inntrengande til den store flokken.  Eit songkor frå Kristiansand var og med.

Kr. 3300 hadde samlingshuset kosta og gjelda ikkje større enn kr. 1250.  Menighetslemene hadde teke store lyft og heldt fram med å gjere det.  Veneflokken i Øvrebø ”og omegn” hadde synt offervilje og ansvarskjensle.

Året etter, 22. Juni 1907, blei Øvrebø eigen menighet.  Medlemstalet var då 74.

Findreng frå Kristansand vart kalla til den fyrste forstandar.

kristoffer