ÅRSSKRIFT 2001 – 70 ÅR SIDEN

ÅRSSKRIFT 2001 – 70 ÅR SIDEN

1941/Agder Tidend:

Kommunenytt frå Øvrebø:

Øvrebø heradsting hadde møte 19. juni.

  • Frå landbruksdepartementet var kome melding um at Gudrun Timenes hev fenge konsesjon på kjøp av gardsnr. 37, bruksnr. 42 Loland
  • Melding frå fylkesmannen um at 2. halvpart av krisefondet var innsett på bankbok i Øvrebø & Hægeland Sparebank.
  • Melding um at framlegget til styret for alderstrygdi og jordstyret er godkjent, vart referert.
  • Melding fra landbruksdepartementet um at byggmeister Arne Ege ikkje hev fenge konsesjon på kjøp av gardsnr. 7, bruksnr. 13 og 20 Homme.
  • Departementets skriv um arbeidshjelp  for auka vedhogst vart referert.
  • Normalinstruks for skatteinnkrevjong vart vedteke med det bridge at det vert 2 innbetalingsterminar 1. september og 1. mars.
  • Betalingi for arbeidet i likningsutvalet vart sett til kr. 6.00 pr. dag..
  • Dei interesserte i vegen Fjellestad – Setesdalsvegen, vart løyvt kr. 400 då dei ikkje fekk noko dagsverkstilskot frå staten.
  • Til redningsselskapet vart løyvt kr. 25,-.
  • Søknad frå Olav Lundevold som hev kjøpt gardsnr. 35, bruksnr. 3 Møllen um å få overført lån i Smabruk- og boligbanken på seg imøtekomen.
  • Etter søknad vert betalingi for vegvaktarar og gruslessarar sett til kr. 1,15 pr. time, og for hest og mann til kr. 15,00 pr. dag.
  • Frå vegkontoret og lensmannen var komen melding um at Vabrua på vegen Skarpengland  – Drivenes, måtte reparerast eller stengjast for lastebiltrafikk. Det vart gjort vedtak om å løyve det som trengst til reperasjon og Torjus Eikeland og Olav Øvrebø skulde ordne med det.
  • Skattetvist mellom Øvrebø og Hægeland. Øvrebø fråfell kravet på Håkon Hodnemyrs skatt for 1937-38, men held fast på Th. Ilebekks skatt for same året.
  • Det vart vedteke å føre over kr. 4691,68 frå rekneskapen 1939-40 til post 12 på budgettet for 1940-41. Summen vert nytta til betaling av boligbanklån på Skudene kr. 1233,46, og til heil betalingfor krigsskadetrygda kr. ??? …… og til dekning av ekstrautlegg med forsyningsnemnda.

Alle vedtak er gjort utan merknad frå formennene.

kristoffer