ÅRSSKRIFT 1999 – TORVSTRØFABRIKKEN TIL NILS B. HANSEN

ÅRSSKRIFT 1999 – TORVSTRØFABRIKKEN TIL NILS B. HANSEN

Nils Bertinius Loland (Nils B. Hansen), starta med å lage torvstrø rundt 1927. Det var Anders Lian, far til Inga Lian, som bygde den svære bua som en nå ser bare rester av. (Den samme Anders var også god til å fikse klokker). Då bestefar starta, kjøpte han ein landbruksmotor og nye river til å rive torv med. Det var ein kar på Stallemo som visstnok hadde bare ein arm, Kristian Stallemo, og ein nabo av bestefar, Hommeren, som dreiv med torvstrø samtidig.

Korleis laga ein torvstrø? Torva var spadd opp av myra og hengt til tørk på nokre trehesjer. Somme tider fekk ein bare to innhaustingar om sommaren. Når torva var tørr, vart den køyrd inn med trillebår på banen (låven) og heven i rivemaskinen. Det var ein fæl jobb! Det støva og rauk så du kunne ikkje se folk. Etterpå ble den revne torva spadd opp og heven i pressa. Dei vart pressa i firkantballar som var om lag ein meter, med trespiler i bunnen og toppen og 3 ståltråder rundt. Kvar balle vog 40 – 60 kg. Det var Theodor Almedal som hadde laga pressa. Ein pleidde mykje å presse om lag 28 – 30 ballar om dagen. Bestefar fyrte også med torv. Den tok dei opp litt lenger nede i jorda.

Dei som var med og arbeidde på fabrikken: Her er ein oversikt over ein del av dei.: Nils, Sverre, Søren og Gunnar Almen, Oskar Engeland, Anders Birkås, Ivar Abusland, Gerhard Gøttsen (Mosby), Olav Steinsland, Harry Eriksen (gullgraver i Australia), Arne Loland, Sigvart Bakkan, og barna til Nils: Henry, Anna og Ragna var jo også med. Det var mykje to – tre stykker om gongen. Lønna var rundt 4 kr. dagen, og Nils fekk 2,50 kr. for kvar balle.

Torva ble frakta rundt i distriktet: Nils bytta bort hesten sin med ein 1924 modell Chevrolet lastebil hos Nils Eikeland på Hægeland. Han brukte lastebilen til å kjøre ballane med. I 1926 fekk han en ny Reo lastebil. På den kunne han laste ca. 30 ballar. Seinare fekk han en Diamond lastebil, 1933 modell med maskintipp. Anders Homme køyrde og ein del for han. Det ble levert torvstrø til Drivenes, Moseidgården, fanteheimen i Greipstad (Birkeli), Christianssands Bryggeri (til hestane og parken.) (Olanda Berås var forpaktar på bryggeriet og budde hos Olav Lian på Homstean).

Det meste av reidskapen var heimelaga: Eg kan huske det var mykje sjau heime når bestefar skulle skjere speler og materialer til ballane. Den svære landbruksmotoren som dreiv saga, kunne vere heljelig vond å få i svev. Då måtte ein sende bod etter Leiv Grindland. Han var mykje heime og fiksa dersom vi ikkje kunne få det til. Eg tykte det dundra og rista i heile bakken når den svære motoren sveiv. Det må ha vore ei voldsom makt i den.(Oddvar Helgesen)

Lars