ÅRSSKRIFT 1999 – Gunnar Iveland: Transport i Setesdal.

ÅRSSKRIFT 1999 – Gunnar Iveland: Transport i Setesdal.

I mange år før siste utbygginga av Vatnedalsdammen var eg årvisst oppe og fiska der. Båt fekk eg låne av gamle Sjur Vatnedalen. Det var alltid ei glede å treffe han, og tale om jakt og fiske. Stod vinden på frå nordvest var det dårleg fiskever, meinte han. Under siste kraftutbygging rundt 1980, hadde eg og bror min mykje transport med tankbil for Esso. Vi fekk 5-års kontrakt for køyring av diesel til anlegget, mest til Vatnedalsdammen, men og til Ormsa, Breive og Mjåvassdalen. På det meste to turar til dagen frå Kristiansand. Aldri var eg lei av å fare opp og ned dalen.

Tidt har eg tenkt på det far min, Georg, har fortalt om eit oppdrag han hadde i Setesdal. Det var då Hovden Høgfjellshotell vart bygd i slutten av 30-åra. Far min og andre lastebileigarar tok på seg køyring frå Kristiansand. I januar 1937 skulle han transportere ein fyrkjele opp til Hovden. Han hadde då ein Reo lastebil, 1930-modell med K-1341 skilt.

Det var ein stor snøvinter. Vegen var nedsnøa frå heimen hans på Stallemo over Homstean. For å kome bort til Setesdalsvegen jekka dei fraamakselen opp på ein stuttslede. Ein køyrde bilen, og ein sat inne i bilen og gav gass. Slik kom dei seg dei seks kilometrane bort til Homstean. Fyrkjelen vart lasta på i Kristiansand ved hjelp av krana på Smith`s kai. Så bar det oppover Setesdalen.

I Kiledalen kryssa jernbanen over vegen i bru. Det viste seg at fyrkjelen med nød og neppe kom under. Men derimot gjekk det ikkje med eit lass høy. Det var for høgt. Han var ikkje rådlaus, ved å skru av framdekka på bilen, smaug han seg så vidt under!!

Fyrste dagen rakk dei til Byglandsfjord. Andre dagen til Oveinang. Tredje dagen til Bykle. Her fakk han høyre at det var von om å få brøytt vegen til Hovden neste dag. På slettene ved Byklestøylane låg det mykje fokksnø. Bilen vogga frå side til side etter som han spant seg framover. Fyrkjelen kom vel fram til Hovden, og vart nytta i høgfjellshotellet til det brant i 1946.

Setesdalsruta hadde gåt tom for bensin på Hovden. Dei fekk noko bensin frå eit fat han hadde med seg i bilen. På heimvegen fylgde Sjur Bjåen med ned til Byglandsfjord. Då far kom til Hornnes, traff han Moi der som hadde brøytinga ned mot Hægeland. Han fekk då høyre at vegen var open, men at det var utsett for snøras ein stad, så det kunne hende han måtte skuffe seg veg. Det slapp han, men då han kom ut til Kiledalen og ut mot Kile, hadde toget køyrt så mykje snø ned på vegen at han var stengt. Far min fekk då sett bilen ned ved Frivold`s sag. Det var seine kvelden, og han tok til fots på jernbanelina til Gåseflå til søster si for overnatting.

Neste dag var det ikkje brøyta over Sandripheia, men han kom seg over, og sette bilen på Skarpengland. Der vart han ståande til våren. Den siste mila heim gjekk han til fots. Betalinga for turen var 150 kroner. Det var dobbelt av det vanlege fordi det var så tungt last!

Lars