ÅRSSKRIFT 1999 – MER OM FLESKÅSEN

ÅRSSKRIFT 1999 – MER OM FLESKÅSEN

Karen Kalleberg forteller på Kjentmannsturen til Fleskåsen 30. mai 1999.

(Noen av opplysningen er lik de som Ragnhild Suvatne har med i sitt foredrag om Fleskåsen, og noen er ulike, men vi tar de likevel med her også.)

Det er litt rart for meg å være her i dag, for herfra har eg mine røtter. Tippoldefar var født her i 1777. Han var gift med Anna Hansdatter Greipsland og heitte Søren Olsen. Han overtok denne gården i 1802.

Denne Søren Olsen var med i offentlige ombud fra han var 25 år gammel! Han var en foregangsmann i bygda og greidde med så mangt: vaksinerte mot kopper, trakk ut verketenner, dyrka mark etter Lindkvistlæra, og sist, men ikkje minst var han veidemann. Han fanga mellom anna 7 bjørner, 400 rever, mange skrubbar og anna vilt.

Han fekk namnet «Revesøren» mellom bygdefolket, og det bar han med ære. Flink spelemann var han, og som felemakar var han framifrå!

Søren og Anna hadde fem born som voks opp. Eit av desse blir altså min tippoldefar. Han var fødd i 1806 og gifta seg i 1827 med Inger Ånonsdotter Reiersdal. Han heitte Ole Sørensen. Det er blitt fortalt at han også var svært musikalsk og laga også feler, så det har nok lytt mye musikk her på garden. Og kunne dei spela kunne dei nok også synge, og sang og musikk skaper glede i ein heim. Kanskje dette var gildt å høyre for dei som eig plassen nå.

Ole og Inger hadde 7 born og det åttande var i vente då dei reiste til Amerika i mars 1850. Det var vel tronge økonomiske kår som gjorde at dei reiste. Forresten var dei adventistar, noe som vel ikkje var så populært her i bygda på den tida. Det tok 6 veker før dei kom i land i Amerika. Dei drog til Wisconsin og kjøpte jord og dreiv farm, som dei seier der borte. Hans musikalske evner kom vel med for han og noen andre starta ei frimenighet der borte. Ole blewi bare 51 år då han døde 7 år etter at dei reiste her i frå. Det er ikkje vanskeleg å forstå at det blei eit vanskeleg liv for Inger som var her frå Reiersdal, men ho levde til ho var 88 år. Det er mange slektningar etter dei i Amerika….

Men ein av gutane ville ikkje vere med på Amerikareisa. Han heitte Ånen, og blei altså min oldefar. Grunnen til at han ikkje ville vere med var at han var blitt glad i ei jente frå Laudal. Det er blitt fortalt at Ånen og noen andre ungdomar reiste til Laudal kyrkje ein konfirmasjonssøndag. Det var veel ikkje så mykje å ta seg til for ungdomen på den tida. Dei kjørte nok med hest, kan eg tenke. Der fekk han auge på så fin ei jente som var konfirmant. Den skal bli mi, tenkte Ånen og det blei ho. Ho heitte Sille Bertine og var frå Nedre Kleveland. Nokre år seinare gifta dei seg og fekk kjøpt eit lite gardsbruk på Sveinall i Laudal i 1854. Det er der eg er fødd og vakse opp. Ånen var og ein flink felespelar og ble mykje brukt til å spele i bryllup og begravelse. Han skulle vere ein kraftig kar og måtte ofte gå i mellom når det rauk opp til slagsmål. Det kunne bli noe mye av det sterke når desse bøndene var samla til fest. Oldefar og oldemor fekk ni barn som alle voks opp. Dessverre døde oldefar bare 49 år gammel. Dei trudde det var tarmslyng, og det var lite med doktorhjelp i dei dagane. Det blei eit strevsamt liv for oldemor som måtte skaffe mat og klær til 9 ungar. Men ho hadde både mot og krefter. Ho var flink til å veve og sydde bunadskjorter, og klarte seg som best ho kunne. Ho var fleire og nitti år då ho døydde. Så har slekta gått vidare. I dag er det Olav, bror min, som bur på garden. Han og søster mi er forresten her på Fleskåsen i dag.

(Det var også mange andre med på turen som hadde sine røtter på Fleskåsen, bl.a. Søren Stredet.)

Lars