ÅRSSKRIFT 1997 – ØVREBØ HERADSTYRE 1937 – I

ÅRSSKRIFT 1997 – ØVREBØ HERADSTYRE 1937 – I

Øvrebø heradstyre:

Øvrebø aukar trygdesummmen for bustadlaan med 30.000 kronor

Heradrekneskapen syner eit lite overskot.
Øvrebø heradstyre hadde møte laurdag 30/1 styrd av ordførar O. S. Ilebekk. Det var stort mannefall millom representantane for skuld influensa og uframkomelege vegar, men med hjelp av to varamenn kom talet opp i 10. Møtet var tillyst kl. 10, men kunne fyrst byrja kl. 13 daa storparten ikkje rakk fram fyrr - ja einskilde kom ikkje fyrr i 15-tidi.
Det laag fyre melding fraa overingeniøren at kr. 2000 vart aa bruke til framhald av vegbygget.
Fraa Øvrebø Likning var kome framlegg um at aldersgrensa for klassefraadrag vert auka fra 15 til 16 for heimeverande born. J.Skuland tala for framlegget, daa det i desse tider er vondt um arbeid for born i den alderen. Ordføraren var og av same meining. Edv. Vehus trudde ikkje det kom til aa lette for dei som Førde reknskap og kunde ikkje røysta for framlegget. O. Upsahl var helst av same meining som Vehus, men vilde ikkje røysta mot. Framlegget var vedteke mot 1 røyst.

Sorenskrivaren bad heradstyret koma med nytt framlegg til gjeldsmeklingsmann, daa Anders Skarpengland hadde sendt søknad um aa verta fri det yrket, daa han som landhandlar hadde utestaaande krav hjaa dei fleste bøndene i Øvrebø, og matte difor reknast som inhabil i mange saker. Dei fleste i heradstyret var samd med Skarpengland, men aa finna eit feilfritt emne var ikkje saa liketil. Etter ei lang mannjamning vart Ole Strædet fyreslege med 6 røyster. Til varamann vart Ole Nordli fyreslege smrøystes.

Etter søknad vart Karl Mushom friteken som formann i skylestyret daa han er kommunevald ettersynsmann. Han held likevel fram som medlem av nemnde styre.

Fraa arbeidsnemndi laag fyre uppmoding um å fastsetja lukningsvedtekter for handelshusi, i medhald av lov um arbeidarvern. Formannsskapet hadde vald ei nemnd til aa fyrebu saki, og den kom med framlegg um aa halda forretningane opne fraa kl 8 1/4 til kl. 18. Etter litt prat vart nemndi sitt framlegg vedteke samrøystes.

Heradsrekneskapen for 1935 – 36 laag fyr i ettersedd stand og synte eit samla overskot paa ca. 400 kr. Kyrkjeklassa hadde eit underskot paa 50 kr. Fatigkassa do. kr. 300. Heradskassa do. 100. Ettersynsmennene fann ekneskapen i fin orden, men mange av skatteytarane hadde store restansar.. Noko burde gjerast so skattane kom betre inn. Det vart og gjort merksam paa at heradskassa hadde lagt ut kr. 1600 for dei interesserte i vegfondsvegen på Vehus. Heradstyret fann at dei interesserte laut ordna seg med laan. Elles vart rekneskapen godteken etter revosoranes merknader.

(Ref. T.M.)

Lars