ÅRSSKRIFT 1997 – ØVREBØ HERADSTYRE 1937 -II

ÅRSSKRIFT 1997 – ØVREBØ HERADSTYRE 1937 -II

Øvrebø heradstyre heldt møte 17/4-1937

Jens Kirkehei var møtt fram og kom med munnleg søknad um at han som vevaktar maa faa lønstillegg fra 1. mai i aar. Han søkjer um kr. 0,80 pr. time. Vegvaktarane hev det siste havt kr. 0,65 pr. time. Skuland fann søknaden rimeleg og ville raa til. Skarpengland var og samd i at vegvaktarane maatte faa lønspaalegg, men han meinte tidspunktet maatte setjast til 1. juli – altsaa fylgje budgettaaret. Ordføraren meinte løna hadde vore saa urimeleg laag at han var samd med Skuland. Løni vart samrøystes sett til kr. 0,80 pr. time.

Heradskasseraren hadde fyrr søkt um lønspaalegg. Varaformannen fyrslo løni auka fraa kr. 550 til 700 gjeldande fra 1. juli 1936. Samrøystes vedteke.

E. Strandberg søkte um heradstrygd for laan kr. 7000 i tilføre av at han tenkjer paa aa gaa i gang med bureisingsbruk på Raustad i Øvrebø. Nybruket vert paa 60 maal innmark og 150 maal utmark. Søknaden vart innvilga mot 3 røyster. Mindretalet tykte arealet var for snaudt.

Byggjereglar for dei som fær trygd for laan iSmaabruk- og bustadbank. Jordstyret hadde arbeidt ut reglar for dei som vil byggje og fær trygd for laan. Dei raar til at det vert fastsett visse dimensjonar av bygningsvyrket, reglar for murane og visse krav til tufti. Reglane vart samrøystes vedtekne. Vil nokon byggje utanum desse reglane, maa dette godkjennast før arbeidet tek til.

Løni til forretningsføraren i trygdekassa. Rikstrygdeverket kann ikkje godkjenna laagare løn enn kr. 675 pr. aar til forretningsføraren. Han hev det siste havt kr. 275 pr. aaar. Heradstyret hev gjort framlegg um kr. 430.  Skuland: Eg totte dette drog «beiskeleg» naar eg skal seia som eg tykkjer. Haaberg vilde helst at kasseraren fekk den betaling som er den gjennomsnittlege pr. medlem i fylket. Skuland fyreslo aa tilraa løni sett til kr. 500 pr. aar med den grunngjeving at trygdekassen hadde lite raad til aa gaa so upp mede løni som til kr. 675. Kasseraren hev elles sagt seg nøgd med kr. 430. Men no er medlemstalet auka noko sidan. Skuland sitt framlegg vart samrøystes vedteke.

Alderstrygdnemndi hadde fyreslege pensjonsgrunnlaget sett til kr. 600 for einskildpersonar og kr 900 for ektepar med vanleg tillegg for born. Det vert daa aa løyve kr. 1100 av heradskassa. Nemndi sine satsar vart samrøystes vedteke.

Rekneskapen for trygdekassen vart lagd fram i revidert stand. Rekneskapen syner eit underskot kr. 186,50 for aaret 1936.

(Kilde: Agder Tidend 1937/Åsulv Håverstad)

Lars