ÅRSSKRIFT 1997 – SKOGSAKA

ÅRSSKRIFT 1997 – SKOGSAKA

Stor interesse for skogsaka i Øvrebø

Me kan kanskje seie at Øvrebø kommune er inne i ein kvileperiode nett nå. Storplanar og storarbeid er ikkje på tapetet nett nå, seier ordførar Skarpengland til Agder Tidend’s medarbeidar. Etter mykje vegbygging og storlyft på skuleområdet må ein ha eit pusterom.

Øvrebø er elles ei skogbygd og ei jordbruksbygd og når det gjeld desse sakene kan ein ikkje snakke om kvileperiode.

Når det gjeld skogsaka må ein seie at ein ligg godt an, som det heiter. I 1955 vart det sett ut 15000 gran- og furuplanter i Øvrebøskogane, eit tal som er høgare enn det ein reknar med i skogreisingsplanen.

Ein kulturgjeng er i gang, noko som avgjort er til fordel for at det verkeleg skal verta utfortr eit storabeid.

Litt meir småindustri kunne ein gjerne hatt i Øvrebø, kan hende ikkje så mange då tok ut til dei store industrisentra for å få arbeid. Nå går det ikkje mindre enn to arbeidsruter frå bygda kvar dag.

Ordføraren ser med glede på nyue lovande industritiltak, og nemner planane til Bjørnshei sitt lakkeringsverkstad på Mølla. Ein har alt kome langt på tomta til dette bygget og ein vil helsa nybygget med glede når det ein gong er ferdig.

Øvrebø Sagbruk har 12 mann i arbeid

Øvrebø sagbruk på Homme i Øvrebø vart starta i 1953 og er i dag ein av dei beste verksemder i bygda. Det er 12 mann i arbeid på sagbruket nå om dagane. Sagbruket er i dag fullt ut moderne i sitt slag og utviding med omsyn til lagerplass er alt på tapetet. Sagbruket er for det meste basert på byggematerial, og markedet er vidt…..

(Agder Tidend 1957/Åsulv Håverstad)

Lars