ÅRSSKRIFT 2003 – ANDRE VINTERVEIER

ÅRSSKRIFT 2003 – ANDRE VINTERVEIER

Vi øser av Torfinn Hageland`s uendelige kunnskaper om gamle stier og veier – denne gangen om vinterveier som var i bruk tidligere.

Torfinn Hageland:

Andre vintervegar (sledevegar):

Ein vinterveg for hest og slede gjekk frå byen opp Dalane (Gullringsdalane), gjennom Strai, over den illgjetne Auklandskleiva til Mosbø. Dei for au med hest og slede over isen på Torridalsåna (Otra) frå byen til Mosbø. (Før dei moderne industri- og kraftutbyggingane var isen meir sikker og stabil enn i dag).

Når dei var komne til Mosbø, kjørte dei med hest og slede bratt opetter Vestre Fjellmannsvegen til Homstean.

Men det var vondt å kome over Auklandskleiva. Der kunne både hest og mann skride beint ned i Otra som renn djupt nedanunder. Og der var bratt og fælt opp langs Vestre Fjellmannsvegen.

Den eldste vintervegen gjekk derfor frå byen gjennom Dalane (Gullringsdalane) til Ytre Strai, svingde seg inn i heia der, gjekk over isen på Aurebekkvannet, opp om Enghaug, Enghagen og kanten av Røyrmyr, langs kanten av Homevannet, opp Homevannsdalen og fram til Fjellmannshola. Dette er ein hellar under vestre foten av Hesteheia der fjellmennene brukte å raste. Vidare over isen på Timrevannet, Hemingsvannet og Buevannet til Bue på Vestre Fjellmannsvegen. Denne vintervegen som følgde så noenlunde den nåverande Røyknes-løypa, (nå hovedturløypa), var i bruk til så seint som i 1870-åra.

Vintervegen gjekk vidare over myrane på Homstean og Birkelågen, opp Vormbrokka, over Sandrepheia ned til Reiersdal, over Langevannet, om Espeland, over Eikelandsvannet, gjennom Hægeland gard og ned til Kile, og så på isane nordover.

Vintervegen blei brøytt. Men det var ikkje brøyting i moderne meining av ordet. Hesten gjekk føre og drog plogen etter seg, slik at snøen blei nedtrakka og utjamna, men ikkje høvla heilt ned.

kristoffer