ÅRSSKRIFT 2013 -Om fela til Nils Stupstad

ÅRSSKRIFT 2013 -Om fela til Nils Stupstad

Sverre Strai, bosatt på Nærbø, men opprinnelig fra Torridal, har vært svært delaktig til at «The Black Fiddle» ble oppsporet og kom til Norge for å ble reparert. Nedenfor refererer vi det skrivet Sverre Strai sendte til historielaget.

Om fela til Nils Stubstad «I bokverket «Norske bygder i Vest-Agder, Jon Griegs forlag, Bergen, 1925», er ei avhandling av folkemusikaren dr. O. M. Sandvik. Her omtales Nils Andersen Stupstad frå Øvrebø mellom «de spillemenn som har hatt mest å si for Vest-Agder musikken». Sandvik har også skrive ned etter Gudtorm Eftestøl, slåtten «Det gamle reiselage» i Nils Stupstad si form. Denne slåtten når folket var på heimveg etter bryllaupsfeiring. Nils Andersen Stupstad var født i 1802.»

Strai Siterer så fra Jon Åsen: Øvrebøboka, Gard og ætt, 1951:

«Anders Anderson S., f. 1762, og sonen Nils Anderson S., f. 1802, var dei beste spelemenner Øvrebø har fostra. Dei spela i ei mengd bryllaup vida ikring. Dei hadde uvanleg gode feler. Søren Sørenson Fleskåsen hadde laga ei til kvar av dei for 11 spd. kvar fele. Søren var beste felemakaren her ikring då, seier dei gamle. I bryllaupet til Hans Olsen Greipesland og Kari Olsdotter Lauvsland, måndag 7. juli 1851, var Nils Stupstad spelemann. Bryllaupet sto på Haugen. Her blei Nils så skamslegen av to finslendingar i kikkarflokken, at han døydde alt torsdagsmorgonen i bryllaupstunet på Haugen. Den mæte fela hans blei og øydelagd då»

Så skriver Sverre videre:

«Som enkemann, 54 år gamal, gifte Nils sin far, Anders Stupstad seg upatt med Aase Jakobsdtr. Heivollen, Finsland. To born frå dette ekteskapet voks opp, Olav f. 1918 og Jakob f. 1822. Mora var tidleg enke, og gifte seg att og vart busett på Røyseland i Finsland der desse halvbrørne til Nils voks upp. Olav vart gift til gard i Finsland. Jakob, 1802 – 1902, vart gift med Ingeborg Reiersdtr. Krossen, Øyslebø. Han var handelsmann i Karten, Finsland. Fire av sønene deira reiste til Amerika og slo seg ned i Wisconsin. Ein av desse, Aanen Jacobsen Roiseland, 1860 – 1934, slo seg opp som fotograf i Black River Falls, Wisconsin. Kona hans, Karen Amble, kom fra Brumunddal, der bror hennar i si tid starta Globus Maskinfabrikk som seinare vart ein del av Kvernelandskonsernet. Son deira, Adolph Jorgen Roiseland, 1905 – 1972, var rektor (principal) ved So. St. Paul (Minnesota) Jr. & Sr. High school. I eit notat fra kring 1950 skriv han:

«My grandfather, Jacob Anderson Stupstad Roiseland, had a halfbrother, Nils Stupstad, who was a spellman (violiplayer). It was told he was a very exellent player and was asked to play at many weddings and dances. At one of these parties an argument developed and someone jumped on the chest of my grandfather´´´´´s halfbrother and chrushed it in. He diesd shortly thereafter. In the fracas the fiddle was broken. This fiddle was known as Svartefela (the black fiddle). My father. Aanen Jacobsen Roiseland, came into possision of the fiddle and had it repaird. I have the fiddle now in my posession st South Saint Paul, Minnesota. It has said thet the fiddle never played as well afterwards as it did before it was broken.»

Fela er no hjå Adolph sin eldste son, professor Donald Roiseland ved Wartburg College i Wawerly, Iowa. Dette er soleis ei fele laga av Søren Sørensen Fleskaasen. Syvert Mæsel, Finsland, som har god kjennskap til lokalsoga, fortalde at det skal finnast ei onnor Fleskaasenfele hjå ein person i Greipstad eller Søgne, men kunne ikkje hugsa kven. Det ville vore interessant å få Nærare kjennskap til dette.»

4350 Nærbø, den 15. april 1991. Sverre Strai

Lars