ÅRSSKRIFT 2013 – Annonser og aktuelle notater 1950 –…
Øvrebø: Dei som har hund i 1950, må betale avgifta kr. 25,- innan 15. februar d.å. Heredskassereren.
Øvrebø: Det årlige misjonsstevne på Greibesland fk. søndag kl 11 og 14.30. – Talere: pastor Elle og emissærene Mjåvatn og Rolf Lorentsen. – Øvrebø bl. kor. – Ta med mat og kopp. Kaffi og melk å få kjøpt. – Bil frå Homstean kl. 10.15 om Loland. -Kollekt til Santalmisjonen
Øvrebø og Hægeland Sogelag: Støtt lagene ved å kjøpe lodder i gavelotteriene. Lodder hos handelsmenn, Torjus Eikeland og Tellef Omdal.
Øvrebø kyrkje: 150 års jubileum – Festgudsteneste kl. 11 ved biskop Smemo. – Offer til utsmykking av kyrkja. – Kl. 15.30 jubileumsmøte ved biskopen, sokneprest Tønnesen og prestane i kyrkjelyden. – Korsang av Øvrebø bl.kor. – Ta med mat og kopp. Drikke å få kjøpt. – Kyrkjebilane går om Loland og Stallemo og om Grødal.
Opplæring Øvrebø: – Sykurs ved Mølla skule i januar. – Søknad til Øvrebø skulestyre innan 1. januar.
1 nytt tilfelle av poliomyelitt – denne gongen i Øvrebø. Etter det Agder Tidend får vita i middags av overlækjar Rosendahl ved Sykehuset i Kristiansand, er det kome ein ny poliomyelittpasient til sjukehuset – ei vaksi kvinne frå Øvrebø. Ho er medels hardt teken, og vert det ikkje verre, vonar ein det beste.
Poliomyelitt i Øvrebø Ei lita gjente i Øvrebø, den 6 år gamle Anne Lise, dotter åt Ingemann Ilebekk, har fått poliomyelitt, og er lagd inn på sjukehuset i Kristiansand. Det er båe beina som er vorte lamma.
Militærbil utfor vegen i Øvrebø i går kveld. Dei to som var med bilene heldt på å brenna inne i førarhuset. Fårleg glatt føre. Frå Hægeland vert meldt til Agder Tidend: I 18-tida i går kveld køyrde ein militærbil utfor vegen ved Sandrep i Øvrebø. Bilen skulle til Evje der det i dag skulle vera skjermbildefotografering. Føret var glatt og vanskeleg og då bilen kom rundt ein sving, gleid han utfor ei 2 meter høg skråning. Bilen køyrde i gir, og hadde til all lukke ikkje noko større fart, så han vart liggjande på kant. Dei to mennene som var med i bilen vart ikkje skadde, mendet braut ut brann og dei to som var inne kunne vanskeleg koma seg ut. Etter mykje bal greidde dei likevel å berga seg ut, og elden fekk dei sløkt med snø. Det er dette føret som er så fælt, fortel meldaren vår. Det er så glatt at det er reint livsfårleg å koma ut. Hadde ulukka hendt 10 meter lenger nede, ville bilen gått utfor ein skråning som er mange meter høg, og då er det uvisst korleis det hadde gått. Det var eit godt stykke frå folk ulukka hende, og så ein ringde Evje etter hjelp, var det ingen som torde ta ut. Meldaren vår som var på ulukkesstaden i går kveld, opplyser at det var rådlaust å sjå om skjermbildeapparata var skadde.
Øvrebø: Søster Borghild Trygsland er ansatt i Øvrebø Helselag frå 4. januar 1050.
Øvrebø framhaldsskule: Framhaldsskulen hadde avslutningsfest nå søndag på bedehuset på Homstean. Som vanleg når framhaldsskulen har fest, var huset fullset. Lærar Mindrebø helsa velkomen og heldt ein stutt tale. Lærar Jon Aasen talte so og fortalte fra skulen i gamle dagar, særleg frå Øvrebø og Hægeland. Som sogeskrivar har hanm ei rik kjelde å ause av og det var mykje interessant å høyra. Borna i gamle tider, (200 – 250 år sidan), måtte tidleg greie seg sjølv. Lova sa då at når barnet var 7 år skulle det sjølv tene til mat og klæde. Elevane hadde sjølv mykje underhaldning, og fekk folk i retteleg godlag, slik at både ungar og gamle lo. Formannen i skulestyret, S. B. Ilebekk, takka lærarane forutifrå godt arbeid, og likeså elevane for den trott dei hadde synt. Ordførar Eikeland takka frå foreldra og frå kommunen og nemnde den fordel ein har som har fast framhaldsskule. Frk. Gunda Mæsel som har handarbeid og kjøkkenstell, las ein prolog som synte arbeidet i skuleåret. M. Abelseth som sløydlærar, takka for godt samarbeide. Kvar av lærarane fekk kvar sin blomst av elevane. Pastor Elle avslutta med andakt og ein stutt tale.
Skuleskirenn i Øvrebø Skulane i Øvrebø hadde sitt årlege skuleskirenn i Donebakken på Homstean 16. mars. Mest alle elevane i folkeskulen og nokre gutar i framhaldsskulen var med. Oskar Skeie frå Øvrebø Idrettslag var med som domar saman med T. Mindrebø. Gutane hadde hopprenn og det var tevling mellom skulane om N. L. sitt vandreskjold. Resultattet vart at Stallemo skule vann ein aksje i skjoldet med 125 poeng i medeltal. Nr. 2, Mølla skule med 113 poeng. 3: Øvrebø skule med 103,5 poeng. 4: Ilebekk skule 65,6 poeng. Framhaldskulen (utanom konkurranse om skjoldet): 115 poeng. Dei beste einskildresultat: 1: Olav Iveland 142 poeng 2: Harry Thorsen 138,6 poeng 3: Oddvar Roland 135,5 poeng 4: Kåre Drange 135,1 poeng Etter hopprennet hadde gjentene utforrenn. Dei beste vart: 1: Anne Signy Strandberg 2: Tone Kleveland 3: Helga Bjerland
Tillaup til skogbrann i Øvrebø Ved 13.tida i går ettermiddag tok det til å brenna i .skogen på Varen ved Ilebekk i Øvrebø. Elden loga kraftig opp, men det kom straks så mange folk til at den vart avgrensa før den hadde gjort nemnande skade. Det har stått vakt ved brannstaden i heile natt og vakthaldet må halde fram. Det er så turt i jorda at det er grunn til å syna stor varsemd med eld i skog og mark. Meldaren vår seier elles at hadde det ikkje kome så mykje folk til stades så snøgt, kunne det lett ha vorte storbrann. Like ved der brannen tok til er det nemleg verdifull skog.
Framhaldskulen i Øvrebø på Danmarkstur – Vitjar ein dansk skule I går kveld reiste 17 elevar i framhaldsskulen i Øvrebø til Danmark. Lærar Mindrebø, som er reiseleiar, fortel i ei samrøde med Agder Tidend at dei skal vitja ein skule i Øllebjerg, 19 mil frå Hirtshals. Læraren ved denne skulen har fleire gongar vore på vitjing i Norge og Mindrebø kjenner han godt frå før.Elevane vil verte godt mottekne og innkvarterte hjå skuleelevane der nede. I juli kjem den danske skulen på vitjing hit opp og da får ein høve til å gjere noko att. Ein samla skule som reiser over til Danmark får moderasjon i billettprisen, så reisa skulle ikkje verta så dyr, sjølv om ein skal leiga buss frå Hirtshals til Øllebjerg.