ÅRSSKRIFT 2012 – Agder Tidend: 4. januar 1952

ÅRSSKRIFT 2012 – Agder Tidend: 4. januar 1952

Øvrebø nye heradstyre får store oppgåver å løysa.

Nytt skulehus i Ilebekk krins og fleire vegbygg på programmet. Etter at det gamle heradstyret hadde gjort frå seg nokre mindre saker, og det nye heradstyret var ferdig med skipingsmøte og dei ymse val, samla medlemene av båe heradstyra seg til ei koseleg stund kring kaffibordet. Det vart halde fleire talar, og i alle vart det peika på at i den fire års bolken som nå var ute, hadde det vore eit framifrå godt samarbeid. I denne tida har det vore livall byggjeverksemd i heradet, med vøling av dei eldre hus kommunen har, og med å få ferdig eit nytt skulehus, som kom på over 100.000 kroner. Elles er det bygd nye vegar for 215.00 krone, og fleire gamle vegar er gjort betre. Det er kjøpt inn mykje utstyr til kontora og. Av serlege oppgåver det nye heradstyret får å arbeide med er, om det vert gjeve byggeløyve og ein har pengar til det, blir å få bygt nytt skulehus i Ilebekk krins, eit bygg som og kan gjeva plass til framhaldskulen. Likeins må ein freiste å få til eit samarbeid med Hægeland om bygging av vegen ZEngeland – Samkom. Hægeland skulle vera mykje interessert i å få dette vegbygget fremja så snøgt som råd er. Elles har ein vegen Vikeland – Skarpengland, som og må førast fram.

Agder Tidend 16. januar 1952: Vegen Samkom i Hægeland – Engeland i Øvrebø På siste møte i Hægeland heradstyre dryfte ein m.a. spursmålet om fremjing av vegbygget Samkom i Hægeland – Engeland i Øvrebø. Hægeland er interessert i at denne vegen vert bygt så snart som råd er. Vegen er i 1920 oppgått og kostnadsrekna til kr. 140.000,-, og i 1949 er den skjønsmessig kostnadsrekna til kr. 300.000,-. Heradstyret fann at kravet til ein slik gjennomgangsveg er brigda på så mange omkverve, at det er grunn for ei ny oppmåling og kostnadsrekning av veglina, og bad Vest-Agder vegkontor om å få vegen oppgått og kostnmadsrekna på ny så snart som råd. Det er truleg at det kan bli val av litt annan plass til vegen.

Lars