ÅRSSKRIFT 2011- Lærer O.P. Fivelstad
Fra Helge Hageland har vi fått artikkelen nedenfor:
Lærer O. P. Fivelstad var født i 1875 på Fivelstad i Marangsdalen på Sunnmøre, ikke langt fra Hellesylt. Han var lærer fra 1899 – 1944, mesteparten av tiden i Øvrebø. Alle hadde en veldig respekt for Fivelstad. Han var dessuten kirkesanger og sløydlærer etter 1913 da de startet med sløyd i Øvrebø- Han døde i 1959 og er gravlagt ved Øvrebø kirke.
Da han sluttet som lærer i 1944 ble det holdt fest for han og en elev skrev sangen nedenfor:
Til Lærer O.P.Fivelstad – 20. august 1944. Melodi: Op på fjellet.
No er det lenge sidan fyrste dag, «her på skulene». Me sprang og leika i ville jag, » her på skulen». Og av og til var me sur og vrang, men då kom Fivelstad og brukte tvang, «her på skulen».
Me fekk ei ABC bok så fin, «her på skulen». Også ei kladdebok å skrive i, «her på skulen». Me byrja stave frå til Ø, men då stod bokstavane reint i kø, «her på skulen».
Og åri gjekk og me lærte meir, «her på skulen». Me lærebøker fekk meir og meir, «her på skulen». Og vil me vita korleis me var, i karakterboka som har, «kan me sjå det».
I stil og rekning det moro var, «og fysikken». Men stundom fekk me nok om igjen «grammatikken». Me las og lærde om folk og land, til sist me kjende kvar einaste mann, «i vår soge».
Det vart nok ofte litt støy og stok, «her i stova». Då sette Fivelstad oss i ein krok «her i stova». Han måtte blande med ris og ros, for han såg alt i det rette ljos, «til vårt beste».
Dei barneåri gjekk alt for fort, «her på skulen». Og mangt me ynskjer vart umattgjort, «her på skulen». Ein takk til Fivelstad er hjertets trang og derfor syng me ein liten sang, «om vår skule».