ÅRSSKRIFT 2009: Jon Åsen: Øvrebø og Hægeland – del…
Skulen: Ei dagbok frå vestre Hægeland syner skuletida vinteren 1826 – 27 på dei ymse gardane slik:
14 dagar: Robstad i 2 turar 12 dagar: Haugland, Gunstveit 11 dagar: Tjomsås 9 dagar: Åmdal i 2 turar 4 dagar: Røyneland, Sandland, Hageland, Histøl, Bringsverd, dei to siste i 2 turar 3 dagar: Føreland, Einstabland, Vigstøl 2 dagar: Frustøl 1 dag: Buåsen, Skogupsa
Skulen tok til 1. oktober og slutta 23. juni. Skuledagane i året ymsar frå 75 dagar til 2 dagar for kvart barn. Jamt over 14 skuledagar pr. elev det året. Yngste elev var 4 år (Eli Simonsdtr. Sandtveit). Fire gutar var 5 år. Eldste elev var 14 år, 3 gutar.
I 1838 vert «Skoletolden og Skoleholdet» lagt etter den nye matrikkelen. Ikkje noko bruk skulle då ha skulen stuttare tid enn 1 døger. Gjer lokale tilhøve det naudsynt, vert skulen på eit bruk 2 døger, mot å vere fri året etter.
1841: Spursmål um fast skule i Øvrebø. Heradstyret meiner at «locale omstændigheder hindrer samme i at være hensigtsmæssig». Likeeins fall uppmodinga frå bispen um å tilsetje ein 3. lærar.
1850: Vedtak um fast skule i Øvrebø. – Kongelig resolusjon at soknepresten er pliktig til å gjeve grunn frå prestegarden til tuft og lærarjord. Avgift for det burtfeste stykket «Stenvolden» sett til 1 spd. årleg. Retten til eit kubeite saman med prestekyrne 60 sk. årleg.
1862: Begge soknene avslær søknad um løyving til ei tridje lærar.
Skulebudsjettet: Øvrebø: 53 spd.+ 10 spd til krinsstover. 18 veker tvungen skule ved den faste skulen. Hægeland: 45 spd. Krinsstovene skal prøvast.
1865: Begge soknene 5 krinsar (før 4). Ingen sumarskule. Godtgjersle for kost og hus til læraren 20 sk., for fatigborn 8 sk. døgeret. Sist i 1870-åra blei det kjøpt hus til skulen i Ilebekk krins.
1879 Øvrebø: 5 krinsar, 140 skulepl. born. 136 i faste skular, 9822 lovfesta skuledagar, 2012 forsømde skuledagar, 3 lærarar, 60 lovfeste veker. 1879 Hægeland: 4 krinsar, 140 skulepliktige born, 134 i faste skular, 9648: lovfesta skuledagar, 3518 forsømde skuledagar, 2 lærarar, 48 lovfesta veker.
1889 Øvrebø: 5 krinsar, 126 skulepliktige born, 126 i faste skular, 7564 lovfesta skuledagar, 1280 forsømde dagar, 3 lærarar, 72 lovfesta veker. 1889 Hægeland: 6 krinsar, 124 skulepliktige born, 124 i faste skular, 8928 lovfesta skuledagar, 1826 forsømde dagar, 3 lærarar, 72 lovfesta veker.
1893 Øvrebø: 5 krinsar, 126 skulepliktige born, 126 i faste skular, 7564 lovfesta skuledagar, 1286 forsømde dagar, 3 lærarar, 72 lovfesta veker, 82,- lærarløn in natura, 105,- klokkarløn, 1320,- lærarløm 1893 Hægeland: 6 krinsar, 124 skulepliktige born, 124 i faste skular, 8928 lovfesta skuledagar, 1826 forsømde dagar, 3 lærarar, 72 lovfesta veker, 60,- lærarløn in natura, 60,- klokkarløn, 1024,- lærarløn.
Siste sams skattelikning: på faste eigedomar kr. 3844,-, på formue 2 promille kr. 2389,-, på inntekt (Øvrebø 11,2 %, Hægeland 12,4 %) kr. 10930,-. I alt kr. 17163,-.
Frå 1. juli 1896 blei kvar sokn sjølvstendig herad.
Ordførarar medan Øvrebø og Hægeland var saman: Alf A. Robstad, Hægeland, 1861. O. A. Egeland, Hægeland, 1862 – 1873. A. Stubstad, Øvrebø, 1874 – 1875. Osm. J. Neset, Hægeland, 1876 – 1877. Nils O. Homme, Øvrebø, 1878 – 1885. Anders A. Robstad, Hægeland, 1886 – 1889 Kristen Vehus, Øvrebø, 1890 – 1891. Anders A. Robstad, Hægeland, 1892 – 1895. Torje Horrisland, Øvrebø, til 1. juli 1896.