ÅRSSKRIFT 2007 – Minne om 9. april 1940

ÅRSSKRIFT 2007 – Minne om 9. april 1940

Tidleg om morgonen 9. april kunne me sjå røykdotter i lufta i retning byen. Det viste seg å vere granater som eksploderte på Odderøya. Me kunne også høyre bulder frå skytinga. Eg var 8 år. Eg hugsar det godt, men kan ikkje seie at eg var redd.

Då det lei mot kveld kom det ukjente folk til gards frå byen. Far, Georg Iveland, hadde lastebil. Han klyrde for å hente folk som ville bort frå byen. Han kom heim med lasteplanen full av folk.

Om kvelden stelte me i stand liggeplassar på golvet i stovene. Det var familiar med barn. Den eldste som kom til oss var ei bestemor på bortimot 90 år. Ho heitte Fjelltjønn. (Namnet kom frå ein gard innforbi Topstad, mellom Stallemo og Utsogn. Den tid det budde folk på Fjelltjønngardane måtte borna gå over heia kvar dag for å komme til skule på Stallemo. I dag er det rart å tenke på at dei gjekk den lange vegen.)

Ein mann hadde kome bort frå familien sin. I Vennesla fekk han vite at resten av familien hadde flykta til Stallemo. Det hadde kome eit større snøfall, 40 cm tung og våt snø. Han hadde gått med sykkelen sin over Drivenesheia. Det var ikkje brøyta og vegen var vel berre som ein hesteveg å rekne i den tida. Eg minnest han saa at om han ikkje hadde vore turnar hadde han ikkje klart å kome over heia.

I Furulunden mellom Stallemo og Åsen budde Kristian Stallemo. Han hadde ei sag med ein einsylindra motor som drivkraft. På Stallemo høyrde me smell fra motoren når dei skar på saga. Smella uka på etter som belastninga auka. Det kunne mest høyres ut som eit børseskot. Eit av barna som hadde evakuert var sikker på at det var tyskarane som skaut nede i byen. Han trudde byen måtte vere nær, ja rett bak den næraste heia. Det var vanskeleg å få han frå det.

Me hadde truleg høyrt av dei vaksne at det kunne bli matmangel. Bestefar, Gunder Iveland, hadde lagt settepoteter til lysgroing i fjøset. Der var me og lurte oss til å skrelle dei og togg rå potet. Det blei å prøve så mangt under krigen.

Tyskerane som falt i Noreg under krigen var gravlagt på æreskyrkjegarden ved Ekeberg i Oslo. i 1953 blei det bestemt å flytte heile kyrkjegården til Alfaset nord for Oslo. På «Deutcher Soldaten Fieldhof Alfaset» kviler i alt 3200 tyske falne frå tid 1940.45.

Gunnar Iveland, 2007.

Lars