ÅRSSKRIFT 2007- Høystakk og fiske

ÅRSSKRIFT 2007- Høystakk og fiske

I krigsåra var det vanleg å slå gras i hei og skog for å få mest muleg for til dyra. Ein sommar tala bestefar; Gunder Iveland, om å slå og sette stakk innmed Krossvatn. Eg trur det også var for å lære meg korleis ein høystakk skulle settast opp. Det var ein times gange på heie mellom Stallemo og Utsogn. Fordi det er lettare å slå når det er dogg i graset, tok me ut før sola rann. Me gjekk opp Orehei over Langemyr og forbi Kollfjellet med løa som har vore i bruk i generasjonar. No er ho borte. Eit tre velta og øydela taket. Mange hadde skore bokstav og årstal med kniv inn i stokkane. Det eldste eg fann var frå 1797. Ned mot Krossvann kunne me begynne å slå. Eg hadde eigen ljå, tilpassa alderen. På ettermiddagen var det å breie og vende for å få tørka graset. Innimellom fiska vi i Krossvatnet og Flottervatnet. Der kunne me få fine aurar og skjebber. Fiske snøret laga vi av tråd som gjødselsekkane var sydd med, og den sette me inn med bek så den vart heilt svart.

Der stakken skulle stå sette me ned ein stokk som var 3 meter høg. Fyrst la me bjørkegreiner kring den i botnen, så bar me høy og kjemma ogla det rundt midstokken opp til 2,5 meter. Deretter la me torv på toppen med hall mot kanten så vatnet kunne renne ned utan å trenge inn i stakken. Då vinteren kom, var me av stad og henta høy med hest og slede. Det kunne hende kyrne var matleie og då var det god medisin å fora dei med høy frå utslåttane.

Gunnar Iveland 2007

Lars