ÅRSSKRIFT 2006 – BYGDEAVIS I ØVREBØ

ÅRSSKRIFT 2006 – BYGDEAVIS I ØVREBØ

Fra lederen i Øvrebø Bygdekvinnelag, Daghild Greibesland, har vi fått lov å referere fra et blad som Bondekvinnelaget ga ut, første gang i 1938, senere med jevne mellomrom fram til 1950-tallet. Den fikk navnet Øredølen. Det fortelles om dagliglivet i bygdesamfunnet i Øvrebø,kanskje med en humoristisk og noe fantasifull penn. Det er artig å se hva folk var opptatt av den gang, og det er tydelig at bondeyrket hadde en større plass enn nå. Legg også merke til hvor mye skrivemåten, og dermed dialekten, har forandret seg.

Bladet vort. . 1. nummer 11. november 1938.

No hev me fenge vor eigen avis. Den hev me sakna i årevis.

Tenk på alt det me skulde ha fram, Um dyran, huset, unger og mann.

Lat oss no skrive og dikte om kapp. Kvart einaste medlem må no ta fatt.

Vevkurs 1938.

Eit vevkurs me hev å du for eit strev.

Ei vike me spolte og nøsta og rente – 10 jente.

Me var sinna og lei for ingen duga det blei.

Men Anna Foss kunne segja at veven og skjeia

snart kom i sving – å du syn for store ting.

Eit divanteppe vart ferdig i eit blunk

Med rosengangsborder så stort og flott.

Gyngestolteppe – og kaffeduk til gjestebodsbruk.

Me vev i lin og renninga svinn.

Handklæ i dreil og vaffel må tru.

Ei kaffekvild må til, hyss stoppa det ein bil?

Ragna og Agnes spring ut som ei pil.

Det er lukka det gjeld, det lier mot kveld.

Me må vaske rydde og slokke og lokke.

Januar 1939
Gode bladstyrar!

De spør um mat til avisen. Det er eg ring til å laga, men vil allikevel sende nokre ord og for det fyrste gratulere b.kv.laget med avistiltaket, som eg vil vone dykk fær mykje glede og nytte av. Du skriv ikkje kva navn bladet hev fåt. Kan hende det ikkje har vore til dåpen enno. No hev ikkje eg noko med å blanda meg burt i namnet, men eg ville gjærne stå fadder til det, um det kom til å heite ”Øredølen” som eg ville ha fyreslege um bondelaget hadde fåt ein avis. Ja, bondelaget, det tykjes halde på å visne burt. Hev dyk gjordt dei arbeidslause? Det ser so ut. Men ret kan det ikkje vera, Det er arb og uppgåvor for dei og å take fatt på. Er dykk samd so gjev dei ein dult og skriv i bladet, og hjelper ikkje det, so send dei ein liten pakke med idear. Ja, for der må einkvar til å finne ideen, skal noko koma upp og fram. Hugs på at i Bondelaget er Dykkar eigne menn og kjæraster.

Eg hev all respekt for b.kv.lagets arbeide og dei tiltak som de hev set i sving dei få arbeidsåra de hev havt. Men eg trur ikkje det i lengda vil føre til bygdas beste med berre skjørtetiltak. Der er saker som bør dryftast av kvinnor og menn kvar for seg – men so hand i hand kvinne og mann, gjenta og gut til felles tak for bygdas framgong.

Det einaste eg er redd dette bladtiltaket, er fåren for å bli settja på prent av kona mi når eg ikkje er snild gut. Men no lovar eg for meg sjølv, å vera så hjelpsam og grei som eg kan få det til for framtida.

Og no skal dyk ha tur til Nomeland. – Ja, Oline kona mi skal og vere med og ho spurde om eg og vilde. Menno vert det ikkje noko denne gongen, for eg skal vere heime og passe ungane og kalvane. Oline er no alltid så roleg av seg, men eg lengtar etter å sjå korleis ho er etter turen til elektrisitetsverket, tenkjer meg berre til at det fyk gneister fr ho her og der, so det vert uråd å få ein klem den kvelden.

God tur og dei besste ynskjer for bladet og laget.

Dykkar

Oliver Bakken

Januar 1939

Kjære Oliver i bondelaget!

Det var moro å høyre brevet dit i Øredølen, og det var fint gjordt av deg å la Oline kona di reise til Nomeland, å la deg tuste åleine både med ungar og kalvar. Men eg lika ikkje riktig det du sa om skjørteregimentet. Bondekvinnelaget hev då ikkje tat noko arbeid frå bondelaget. Desse jentekursa me dustar med hadde so men ikkje dykk tenkt å arbeide med likevel. Men du me vil so inderleg vel gå hand i hand med dykk, som du fyreslær, men da gjeng det ikkje å be oss vere med å skipe til fest og so ikkje la oss vere med på det styresmøte som legg programmet for festen, slik som det hende for ett år hell to sidan.

No hev me venta so svert på dette hovslagarkurset dykk vart einige um å ha, ikkje for det at eg vil gå der, men når eg står i kjøkkenvindauga og kikkar ut til han Knut, mannen min, når han skor hesten,ja, då må eg ynskje at kurset kom i gang snarast. Han er illraud i glaninga, sveiten silar av månen og ikkje er han til å tale til. Med andre ord humøret er på 0, og veit du kven får svi for at han er ukunig i hesteskoing? Jau, det er eg det, og så hesten sjølvsakt, Saumen kjem vissst ikkje alltid der han skal.

Dit forslag til namn på bladet vart samrøystes vedteke på møtet vort, og me vonar faddergåva vert eit skriveri fra deg til kvart nr. Øredølen kjem ut. Og so må du be Oline sende oss nokre ord til bladet. Eg er viss på ho er den som kan kome med ei utgreiding um hønsestell. Hønsane mine får slik ulideleg beinverk om vinteren. Tru det kan vere dei går på steingolv? Lite egg vert det, og når eg tenker på alle dei gode kokte potetene dei hev ete upp. Dei er då ikkje meir hell 5 – 6 år. Me kaupte dei på ein auksjon i Mosby.

So var det ein ting eg ville spøre deg um. Eg hev ein livkalv på ein md. tid, han får melk etter programmet til fjøsstell-læraren men so hev me ikkje havremjøl (som han anbefalte) so eg gjev han ein neve grisefor i drikket og skjer upp fint litt rå potet. Dette liker han og ser ut til å trivast, så legg eg til han lit høy, men det er lite han får tygd av det. Trur du eg må ha tran i drikket? Han meinte no det han fjøsstell-læraren, og då er det vel best å få kjøpt seg ein trandonk. Korleis tykjer du det er med grisefor til ein kalv? Sume tykjer det må linmjøl til. I fjor fora eg ein kalv etter alle kunstens regler, men han fek slikkesykja, var mager og stygg. Ja, det er eit heilt studium. Like nøye som å stelle ein revunge. Kva smører dykk minstebånet med, når ho vert sår? Eg nyttar vaselin men han vert sår likevel. Kanskje dykk hev eit betre råd?

No høyrer eg kyrne raute, det er stylletid, eg må vere på tida.

Helsing frå Eva i b.k.laget.

kristoffer