ÅRSSKRIFT 2004 – BORGHILD NORDLI

ÅRSSKRIFT 2004 – BORGHILD NORDLI

Borghild Nordli – 41 år i helseteneste, av dei 36 år i Øvrebø, Hægeland og Vennesla

Eg er fødd i Bjelland i 1921. Alt i 13 – 14 års alderen var eg fast bestemt på å bli sjukepleier. Grunnen var, trur eg, at eg var så glad i ei nabokone som var utdanne sjukepleiar. Ho sette eg veldig høgt, ho var mitt ideal. Eg var hushjelp hjå dei eit par år etter at eg var konfirmert. Den gongen trong befolkninga ikkje gymnas for å kome inn på sjukepleiarskulen, men folkehøgskule, husmorskule og ei god anbefaling – ein vandelsattest – som eg fekk av ho nabokona, var det som skulle til. Ein måtte vere fylt 20 år for å kome inn på skulen. Det var Norske Kvinners Sanitets sjukepleiarskule i Oslo eg søkte, og vart teken opp som elev etter første søknad.

I verste krigstid, januar 1942, begynte eg. Det var litt nifst å reise til Oslo, men eg fann snart ut at sjukehuset var ein trygg og god stad å vere. Det var ganske bra med mat og tryggare for bombing og sabotasje enn andre stader.

Eg trur nok at me hadde ei meir strevsam og annerleis elevtid enn sjukepleiarstudentane opplever i dag. Me var elevar, hadde meir praksis og mindre fritid. Sjukehusa hadde billeg arbeidskraft av elevane i den tida. Me hadde også mykje teori, dei tre fyrste månadene hadde vi berre teori i forskolen. Så blei me sendt ut på dei ulike avdelingane på Rikshospitalet, Bærum Sjukehus, Dikemark og Kysthospitalet i Stavern. Då hadde me også lekser me måtte gjere om kveldane eller på fridagane. Det var karakterar for kvar avdeling me avslutta, og den siste månaden var det bare teori.

Den siste avdelinga eg hadde som elev, var på føde- og barselavdelinga på Bærum Sjukehus. Eg likte meg veldig godt på fødeavdelinga, der var liv og glede og ei hyggeleg stemning. Så der tentes gnisten til at eg søkte jordmorskule, som eg begynte på etter 1 års praksis på Bærum sjukehus.

Innvielsesfesten etter endt sjukepleiearutdanning var 7. mai 1945. Så sjøl om det var tungt og trist å begynne midt under krigen var det ei stor glede og oppleving å avslutte skulegangen på sjølvaste frigjeringsdagen. Det var ein stor fest på elevhjemmet med tre kull som avslutta utdanninga. Masse folk og mange taler av professorer og andre som vi hadde hatt kontakt med under utdanninga. Vi kunne sjølv invitere foreldre eller andre som sto oss nær. Det var ikkje mange som hadde med foreldra, for det var vanskeleg med reisetillatelse og kommunikasjon like etter krigen. Vi kom til elevhjemmet i tretida om ettermiddagen. Det var ei merkelig stemning på trikken innover frå Bærum, nesten ikkje folk og ingen tyskere å se. Vi tenkte ikkje noe over det.

Det var morosamt då eg fekk gratulasjonstelegram frå nabokona heime, og tenk at ho hadde fått greie på at det skulle vere innvielsesfest. Eg fekk og gratulasjonar frå mor og far. Telegramma vart lese opp ved middagsbordet. Vi var ferdig med utdelinga av det offentlege godkjennings-beviset og nåla og vi sat rundt middagsbordet, det var forresten betasuppe som var hovedretten. Plutseleg vart døra reven opp og ein kom stormande inn og ropte: ”Det er fred, det er fred!!!” Det blei eit heilt rabalder og ut med alle saman frå bordet, frå middagen. På elevhjemmet var det eit flatt tak så vi kunne gå opp der, og skulen ligg på Akersbakken, så vi kunne se over heile byen. Det synet som møtte oss der med dei norske flagga som vart heist, det kan ikkje beskrives! Det var altså så fint! Seinare for vi ned til byen, og der kan du tru det var liv! Blendingsgardiner, bilete av Quisling og Hitler blei kasta ut av vindauga og på bålet midt på Karl Johan. Politiet reid rundt på hestar som var heilt dekka av norske flagg. Å, for et styr, det kan ikkje beskrives! Vi var bekymra for korleis vi skulle kome oss på trikken og tilbake til Bærum. Det var jo veldig spennande, ville tyskerane gjere motstand? Men det heile gjekk jo veldig greit og vi var vel heime utpå natta. Men den natta var det ikke godt å få sove.

Søster Borghild utenfor jordmorskolen ved Haukeland sykehus, Bergen, 57 år etter utdanninng.

Eg valde Bergen jordmorskule og byrja altså der etter eit pliktår på Bærum. Jordmorskulen varte i 12 månader, uten ferie! Det var ikkje vanleg å fylgje skuleåret med fri i jula, påske, pinse og andre heilagdager slik som nå. Men likevel, der trivdes eg veldig godt. Me budde saman på skulen og me fekk eit veldig godt miljø. Det var sers mange fødslar det året – fredsborna kom – det var over 3000 fødslar! Dette var året etter at krigen slutta, så det var born av alle slags nasjonalitetar – britiske, russiske, tyske, franske, svenske og amerikanske. På fana som vi bar i 17. mai toget hadde vi laga ei teikning av babyar med flagga til dei ulike nasjonane og teksta ”FN’s folkemottakere 1946.” (Se bilde på neste side).

Etter jordmorskulen var eg så heldig å få jobb på Bærum sjukehus på fødeavdelinga der eg var i 2 år. Deretter var eg 1 år i Sverige på ei stor fødeavdeling på sjukehuset i Borås. Det var ei lærerik tid. Der tok eg mot Sverige’s største barn, 59 cm langt og 6,2 kg. Hendinga sto det skrive om i Aftenposten i Oslo: ”Sverige’s hittil største barn født i Borås!”

Men så byrja eg å lengte attende til Sørlandet. Mor mi var svært sjuk den tida, så eg ville gjerne vere nærare heime. Gjennom kjente fekk eg spørsmål om å søke sjukepleiarjobben i Øvrebø då den stillinga hadde vore ledig ei stund. Eg bestemte meg så for å prøve meg som sjukepleiar på landsbygda. Eg kom til Øvrebø 4. januar 1950, til Greibesland der sanitetsforeningsstyret hadde fått ein liten hybel, berre eit lite rom, til meg. Eg hugsar at eg tykte det var veldig i utkanten av kommunen med dårleg rutesamband og ingen telefon! Det var naboen som måtte varsko meg når nokon ville tale med meg. Eg kan sjå det for meg ennå. Nabokona sto og blåste i en lur, og var det ein lang ljod var det til meg det var telefon. Men elles var det formannen i sanitetsforeninga som bestemte kor eg skulle pleie.Og den løna eg hadde var innsamla penger. Ein stor kompebasar på Greibesland om hausten gav mange pengar.

Det var lite eg hadde bruk for hybelen, for det meste av tida var eg ute i pleie. Den dagen eg kom til Greibesland, sto det allereie ein mann på tunet som skulle hente meg!! Eg fekk berre sette inn kofferten og ta med meg det eg trong mest. I den tida var det ingen gamleheim, så eg kunne bli fleire veker på ein plass i pleie hos den gamle, sjuke.

Det var på den tida at penicillinen vart teken i bruk. Då doktoren høyrde at det var tilsett sjukepleiar, var det ofte mange plassar at eg måtte avstad og sette sprøyter, og så tilbake i arbeidet med å pleie. Det var ikkje så mykje snø den vinteren, så eg brukte sykkelen mykje sjølv om det var glatt og kaldt. Uff ja, det var så eg angra på at eg hadde flytta frå Bærum, med fin leilighet og ordna arbeidstid.

Helsestasjonen for speborn og småborn vart starta i mars 1950 på Mølla gamle skule. Det vart nok litt ”kaotisk” første gongen, – eg var jo ikkje vant til å organisere slikt. Det møtte fram så mange og eg hadde ikkje tenkt på timebestilling. Men barnelege Benestad tok alt så med ro og det gjekk greit til slutt. Og det synte jo at folk hadde tillit til og tru på dette nye som vart innført.

I den tida var det ikkje helsesøster. Først i 1963 vart det tilsett ei helsesøster i Vennesla, Øvrebø og Hægeland. Så var det å reise rundt på skulane, vekt og lengde skulle kontrollerast, og doktoren undersøkte ein gong i året.

Den sumaren, 1950, tok eg sertifikatet. Eg var vel kanskje litt framsynt og tenkte at dette måtte bli framtida. Bil torde eg ikkje tenkja på med det første, då det ikkje kom på tale med støtte korkje frå sanitet eller kommune. Eg hadde rett nok 15 kroner i året i godgjersle for sykkelen og 300 – 400 kroner i månaden i løn! Men då ein norskamerikaner skulle reise tilbake til Amerika fekk eg kjøpt bilen hans billeg. Ellers måtte eg slutte, det var så tungt med all den syklinga, og lang tid tok det også. Eg vart nok rekna for å vera litt stormannsgal kanskje, men det var jo heilt meiningslaust å måtte reise rundt til alle døgnets tider og i alle slags ver på sykkel og ski. Men den vinteren, 1951, då eg hadde fått bilen kom det så mykje snø at eg måtte sette den bort og då måtte eg ta fram skiene. Det hendte nok at dei kom og henta meg med sluffe og hest, men for det meste måtte eg bruke skiene. Vegane vart brøyta til uti januar, men så måtte dei slutte. Det var ikkje framkomeleg til Homstean. Det var så mange som vart sjuke, serleg dei gamle. Eg vart kjend med Hanna Upsahl, ei gamal sjukesyster som hjelpte til med å passe ei sjuk kone på Mushom. Du verda så god ho var med dei sjuke. Eg lærte så mykje av henne. Ho var så roleg og god med dei gamle. Ei myndig dame, men samtidig så audmjuk og god med dei. Men alle vegar var det sjuke folk. Ein gong var eg borte i Gumpedalen hos nokre sjuke. Då kom det telefon i 10-tida om kvelden at eg måtte kome til Mushom. Eg hadde gått på ski til Gumpedalen og hadde ikkje anna måte å kome meg til Mushom på. Heldigvis var det så fint måneskin, eg tykkjer endå eg ser det for meg. Eg gjekk ned til Under Åsen og opp til Åsen, til Stallemo og over Hægelandsvatnet og opp lia til Mushom. Det einaste eg kunne gå etter var skispora etter skuleborna, og så var det heilt klart og måneskin, elles hadde eg ikkje funne fram. Eg høyrde elgane gjekk i skogen like ved og var nok litt redd, men kom fram til Mushom i halv ett tida. Slik var det. Det var både natt og dag eg måtte ut. Men eg følte aldri anna enn at det var slik det skulle vere, ein visste ikkje om noko anna. Ein måtte gå til ein var ferdig, det var ikkje klokka som bestemte. Overtid visste me ikkje kva var.

Eg kunne bli i lange tider og stelle dei sjuke, ja, ein plass var eg i 2 – 3 månader og hadde nattevakt! Men du verda så fin ei oppleving det likevel var. Eg kan enno sjå føre meg dei fine vårmorgonane, fuglesongen var spesielt fin der på Lolandsbakken. Eg har så fin ein engelsk brodert duk som eg fekk av Signe, ho eg pleia. Ho var så flink i handarbeid og hadde sjølv brodert den.

Men elles kunne oppgåvene vere svært varierte. Det hendte at eg stelte fjøset når dei som skulle ha gjort det var sjuke. Ja, eg hugsar at eg tok i mot ein kalv ein gong.

Det hende også at eg måtte hjelpa til når det hadde hendt ulykker, noko som kunne vere ei stor påkjenning.

I 1952 gifte eg meg med Olav Nordli og flytta inn i det huset eg bur i nå.

Her i Stallemodalen var det så moro for eg følte at mange hadde tiltru til meg.

Eg vart bodsendt både til folk og fe, ja, endå til var det ein som stolte meir på meg enn på røntgenfoto: Ein mann, han gamle Jørgen, hadde skada foten sin då hesten trødde på han – og eg vart bodsendt. Eg sa at dersom han ikkje vart betre dagen etter, så måtte han nok heller vere med meg til byen slik at me kunne få teke røntgenbilete. ”Eg vil så mykje heller at du kjem ut og ser på den”, svara mannen.

Han gamle læraren her i bygda hadde så gjæv hest, Vesle Lassi, som han var så umåteleg glad i. Ved eit uhell hadde den fått eit sår. Han hadde visst hatt dyrlege til å se på dette såret, men så ringa han opp til meg om eg kunne kome å stelle det. Ja, det gjekk greit, etter nokre skiftingar var såret grodd. Mannen ville betale meg, men eg ville ikkje ta i mot. Eg tykte det var betaling nok å sjå den overlykkelege mannen. Men dagen etter kom han med ein fin blomst til meg. Det var jo moro, og nesten så eg var kry då han sa: ”Eg trur du er den første dama eg har gitt blomster!”

Ei skulegut skulle skrive stil om ”Eit uhell”. Og han skreiv at han hadde vore ute og klatra i eit tre og vore uheldig å ramla ned og slo hol i hovudet. ”Men det gjorde ingenting, for pappa køyrde meg berre ut til jordmora og så sydde ho det saman att.” Så det gjekk så greit. Heldigvis var det nokså lett å få tak i lege. Mange gonger fylgde eg pasienten dit eller til sjukehuset.

Blant borna var eg populær for det var eg som kom med babyane. Eg minnest at ein liten gut på 4 – 5 år spurde om han kunne få ein baby dersom han vaska bilen min. Og det lova eg, då eg visste at mor hans venta baby. Og guten vaska så skummet skvatt og var så fornøgd og glad. Og ein bror fekk han. Seinare då han fekk ei syster var det guten sa: ”Det er noko forunderleg rart med søster Borghild. Nå skal ho ned til Nodeland på stasjonen og hente ein baby igjen.” Ei lita jente ynskte så inderleg at det var ei lita syster ho skulle få, men det vart ein gut. Då sa ho til den eldre broren: ”Du kan berre ha ”duten” du, eg skal nok få ei ”nente” av Borghild.” Ho gjekk til og med i svevnen og skulle henta jente. ”Kor skal du hen?” sa mora. ”Eg skal ut til Borghild og henta ”nenta”!” Men så etter eit par år fekk ho ei syster og då kan du tru ho vart glad. Eg kan aldri gløyme ho kom ned til meg. Mora hadde steikt smultringar dagen før. ”Ja, var det ikkje det eg tenkte, nå kjente jenta mi lukten av smultringar og kom til meg.” Etter det var det så stas med meg. Ein gong seinare var ho med meg i bilen, eg skulle setja ei sprøyte ein stad. ”Du, når eg blir stor skal eg bli som deg og då er du sa gammal at eg kan vel få den kofferten din med alt det rare i, — og bilen din også!”

Ja, sjølv mine eigne born hadde sine meiningar om kor borna kom frå. Var eg lenge borte hadde eg reist langt. Ein gong som det tok lang tid, sa guten min då eg kom heim: ”Måtte du heilt til Amerika for å hente denne babyen?”

Eg har også eit barndomsminne frå då eg var 6 år: Jo, da kom jordmora heim til oss med ein liten bror ”i veska”. Eg trudde heilt sikkert at det var jordmora som kom med han. Eg vart så begeistra for den jordmora, det kan ikkje beskrivast – slik skulle eg bli når eg vart stor! Men så kan eg også minnast at eg vart lei skrikinga av han broren min. Og da var det eg hadde sagt til mor: ”Eg tykkjer jamen det er stygt av Asborg (jordmora) å gje bort noko ho ikkje vil ha sjølv! Kan me få bytta han?”

Nei i den tida var det eit stort mysterium for borna om korleis babyen kom til. Var det storken eller jordmora? Heilt fram til 1950 – 60 talet skulle det haldast hemmeleg. Me minnast dei barnetimane Anne Cath Vestly hadde i radioen – det var langt utpå 1950-talet. Ho fekk mykje kritikk då ho opent fortalde om Ole Alexander fille-bom-bom-bom og mora hans som hadde baby i magen. Det passa ikkje å seie slikt – heilt forferdeleg!!

I 1955 slutta eg som sjukepleiar. Susanna Ilebekk som var distriktsjordmor gjekk av for aldersgrensa. Eg søkte stillinga og fekk den. Så sjølv om ei overjordmor sa at ingen kunne tene to herrar, med det meinte ho at ei jordmor ikkje måtte vere gift, så fann eg ut at det kunne gå likevel. Men av og til kunne det vere vanskeleg for meg som hadde eigne born og som måtte vere borte lenge av gongen når nokon skulle føde. Eg fortalde at eg måtte av stad og hjelpe konene som var sjuke, men det var ikkje så lett når guten min sa: ”Du kan ikkje tru så fælt det er for meg når du gjeng til sjuke koner!”

Stillinga gjaldt både Øvrebø og Hægeland då, men etter 1963 vart den slått saman med stillinga i Vennesla då jordmora der vart sjuk og måtte slutte. Dei fyrste åra, då det berre var Øvrebø og Hægeland, var det ikkje så mange fødslar, ca. 20 – 30 i året. Likevel var ein bunden og måtte vere heime og passe på telefonen. Det hende ikkje så reint sjeldan at eg var lei heile telefonen. Men då Vennesla kom til vart det fart på fødslene, nokre år hadde eg over 200 fødslar i året! Men venndølane var liketil og greie folk å ha med å gjere, så det gjekk greit.

Dei fleste fødslane var på klinikk og fødeavdeling, men nokre heimefødslar hadde eg. Særleg hugsar eg at i 1959 var det ein epedemi med fæle svullar, og då var det fleire som heller ville føde heime. Å vere jordmor er eit veldig gildt og interessant arbeid, men og ansvarsfullt og krevande. Du har ansvar for to liv, og ofte er det langt til doktor og sjukehus. Då må eg seie som sjømannen som var ute i stormver: ”I slike netter får du bøner, Gud!”

At jordmora blir kjent med pasienten før fødselen med kontroll og anna råd i svangerskapet er veldig viktig. Den fødande må føle seg trygg og lære litt om fødselens gang. Eg tykte det var ei veldig grei ordning då mannen eller veninna av pasienten kunne vere med under fødselen. Ein kunne sjå at pasienten slappa betre av. Først i 1970-åra byrja vi med svangerskapskurs. Det var ikkje så vanleg i den tida og mange meinte at dei ikkje hadde høyrt noke så galnesleg. Men mange møtte opp. Det var jordmor, helsesøster og fysioterapeut som hadde ansvar for kurset. Fysioterapeuten hadde ei svært viktig oppgåve: å læra pasienten å slappe av. Jordmora hadde om svangerskapet, fødselens gang og barseltida. Mennene var også med på kurset, og at dei fylgde godt med skjøna eg etter ein time me hadde om tida etter fødeselen. Den er ofte vanskeleg for mødrene. Dei er trøytte og nedstemte, så eg sa til mennene at det måtte endeleg vere snille og flinke til å hjelpe til i den tida. Då var det ein som spurde: ”Kor lenge må me vera så snille?” Det vart mykje moro ut av spørsmålet, men me vart einige om at dei alltid skulle vere snille og hjelpsame med kvarandre.

Men så i 1984 vart eg oppsagd og distriktsjordmora blei borte. Alt må forandrast på for tida. Nå er ho kome meir inn i helsesektoren og driv med kontroll på gravide og nyfødte og heiter kommunejordmor. Og det er absolutt ein positiv jobb. Det er slutt med heimefødslar. Korkje familien, bustad eller samfunn er lenger innstilt på slike heimlege begivenheter. Men det var koseleg med heimefødslar når eg tenkjer tilbake – for ei glede når alt var vel over. Å høyra første skriket frå babyen var den finaste lyd eg høyrde. Ein fødsel er jo ein naturleg funksjon og i 95% av gongene går den jo heilt normalt. Men god kontroll i svangerskapet er viktig og då kan ein som oftast få den hjelpa som er nødvendig for at alt skal gå bra.

Kor mange born eg har tatt i mot er eg ikkje heilt sikker på, men over 2000 – ca. 2500 er det sikkert. Også 6 borneborn har eg fått hjelpt til verda. Eg slutta som kommunejordmor i 1986.

kristoffer