ÅRSSKRIFT 2001 – SVERRE B. ILEBEKK/HEIMBYGDA MI

ÅRSSKRIFT 2001 – SVERRE B. ILEBEKK/HEIMBYGDA MI

Slik kunne Øvrebø oppleves for 50 – 60 år siden.

På slutten av 1950-årene og begynnelsen av 1960-tallet hadde NRK  lokalradio en kåseriserie om bygdene i Agder-fylkene. Dette var før kommunesammenslåingen med Hægeland og Vennesla, og fra Øvrebø var det Sverre B. Ilebekk  som holdt kåseriet om bygda vår. Selv om det ikke er så mange tiårene siden, kan det være artig å lese hvordan Øvrebø ble beskrevet for omverdenen:

Heimbygda mi Øvrebø

– av gamalt sa vi Ørebø.

Bygda mi er vel ikkje betre enn bygda di

men her hev eg levd mi lengste tid.

Her hev natur og omgivnad forma meg

likeeins som bygda di har forma deg.

Difor er bygda mi noko av sjølve meg

liksom bygda di er noko av sjølve deg.

Øvrebø er ein liten kommune på vel 100 kv.km med 8-900 innbyggare. Kommunen ligg på høgdedraget mellom Torridalen og Mandalen. I sør grensar den til Oddernes og Greipstad – i vest til Finsland – i nord til Hægeland og i aust til Vennesla. Frå 1838 til 1861 var Øvrebø saman med Vennesla og Hægeland som «formannskabsdistrikt», men fra 1. januar 1861 vart Vennesla skild ut som eige herad. Øvrebø og Hægeland var då sams herad til 1. juli 1896. Frå den tid har Øvrebø vore eige herad. Men nå er det alt vedteke at desse tri kommunane skal slåast saman att fra 1. januar 1964. Ja, du snakk om ekteskap og skilsmisse – det er som ein høyrde om fantane – men nå får vi vone at sambandet held, og vert til nytte for alle parter.

Øvrebø har ikkje fostra nokre store, kjende menn eller kvinner som har gjort bygda kjend – heller ikkje har den noen storindustri eller geografisk særmerke som kan orientere deg på kartet. Derfor skal vi gå ut frå to kjende ting som Kristiansand og Setersdalsvegen. Setersdalsvegen er no so rett og brei at vi er stolt over at den går tvers gjennom bygda vår, 18 km. Når vi har kjørt 15 km frå Kr.sand er vi kome til Øvrebø. Den siste halvmila opp Mosby kleive er berre stigning so vi er komen opp i kring  200 m over havet, som er noe av gjennomsnittshøgda for busettinga i Øvrebø. Eg nemde at det er små forhold her, og det tykte vegarbeidarane som bygde Seterdalsvegen her for kring 90 år sidan. For å rette på dette sette dei store namn på gardane. Fyrste garden kalla dei Amerika, og ein halv km lenger nord – på andre sida av Lona kalla dei Spanien. Midt mellom desse låg ein liten gard som dei kalla Portugal. Men Høye fabrikker bygde ein stem der for å stemma opp Lona, og dermed vart det Stemmen som var det brukte namnet. (Lengere nord har vi ei grend som heiter Engeland.) Fortsetter vi nordover stig det endå noe over Vehus. Vehusfonna var frykta i store snøvintrar og mang ein dokter- og presteskyss har måtta symje seg fram i laussnøen og snødreve. No er vegen bygd om noko, og snøskjermer hjelper godt. Her er planlagt byggeområde på 20 tomter.

So fell vegen att nedover Vehuskleivane til Homstean som er noko av det lågaste – vel 160 m over havet. Dette er/har vore største grenda i Øvrebø, men er no i hard tevling med Mølla. Homstean fekk tidleg postopneri, men det er ei vanskeleg adresse som ein må stave for alle ein seier den til. Der er det største av dei to skulehusa ein no har etter at det vart sentralskule med 5. – 6. – 7. kl. og framhaldskulen. Her er også 2 kjøpmenn.

I Leiren som ligg nord for Homstean er tri beboelseshus, kommunekontora og Øvrebø Sagbruk og Høvleri. Det er alt saman utnytting av ein russerfangeleir frå krigens dager. Få stader er det tatt vare på og utnytta så godt som her. Her er planlagt et byggeområde til 60 – 80 nybygg. Med Leiren og det nye byggeområdet vert Homstean bygd saman med Homme som ligg lenger nord. Her er slette gardar og ein del dyrkingsjord. Her er skyttarbanen og skibakken attmed ungdomshuset.

Lenger nord kjem vi til Mølla. Her er Øvrebø poståpneri, landhandel og samvirkelag. Her ligg A & G Førelands karosserifabrikk og J & S Bjørnshei sin bilopprettings og lakkeringsverkstad.

Mølla har det andre skulehuset i bygda der 1. 2. 3. og 4. klasse i folkeskulen går. Her ligg Øvrebø Frikyrkje. Også her er planlagt byggeområde for 20 – 30 nybygg, og heilt herfrå køyrer mange med bil og buss til Oddernes og Kristiansand for å gå på skule eller arbeide.

Ser vi i sørleg retning herfrå ser vi mot synsranda garden Loland. Den ligg høgt og fritt med godt utsyn til alle kanter. Vigør har sportshytte her, og ein fin vintersundag er det mange hundre skiløpere ute i terrenget kringum her.  Vegen er spesielt utbygd for parkering av biler. Her på Loland er Blå Kors sin kurheim for alkoholskadde, «Lolandsheimen».

Frå Mølla stig vegen opp Vassåsdalen over Sandrebheia der vegen ligg 290 m o h. Sandreb var eit frykta vegstykke i store snøvintrar – helst når snøen hadde «heiemon» som vi segjer. Her har vi namn som «Dalehepte» som minner om den tid setersdølane  for i lange rekker i byveg med hest og slede. Det var før Setersdalsbana kom. Dei gamle hadde mange soger å fortele om den tid. Dei var gjerne tidleg ute, før snøen blotna. Dei la ned høy på sørtur, for å hente att når dei for heim over att. Der var sume hus attmed vegen som var ulåst om nettene slik at dei kunne gå inn og få kvilt seg, sjølv om folk hadde sovna. Det var gjerne meir humør over heimturen, når dei hadde gjort diverse innkjøp. Øvrebø folk køyrde også i store flokkar til byen eller Torve i Mosby. Det var ved og stav og anna landbruksvare som vart frakta bort og mat og anna kjøpmannsvare heimatt. I snøløysinga var det vanskeleg avdi her oppe var mye meir snø, mens der var vognføre ut mot byen. Vi fekk ofte lånt vogn på Klappan, Dalan eller Strai. Folk var greie å få lånt vogn av sjølv om vi berre var smågutar eller heilt framande. Sume Setersdølar hadde vogn med på sleden når det var vanskelege føreforhold. Då Setersdalbanen kom vart det slutt med hestetrafikken frå dalen. No har alt banen uttent si rolle og vi har fått tilbake trafikken frå dalen, men no er det med bil og bussar som fer så fort at vi ser knapt snerten av dei.

 

Vegar har vi svært godt med i Øvrebø. Alle bruk har bilveg heilt til husa så nær som to hus, men også dei har sjølveigande bil. Setersdalsvegen går i retning sør-nord i austkanten av sokna. Frå den går det seks vegar i retning vest. I Vehus kleive går det veg til Stokkeland. Frå Homstean går det veg til Hægeland, Stallemo, Underåsen. Ved Mølla krysser fylkesvegen frå Drivenes som går om Øvrebø kyrkje, Greibesland, Stubstad. På Sandrebheia går det to vegar: ein over Li og Røstad til Øvrebø, og vegen til Fjellestad, Horrisland og Dynestøl. Ved Reiersdal krysser Røyknesvegen og går vestover til Finsland. Kommunen skaffar ofte gratis grus til privatvegane, og dei fleste held bilveg til gards også om vinteren.

 

Vi har tri små elvestubbar i kommunen. Frå Sangeslandsvatnet renn vatnet til Skarpenglandsvatnet og vidare til Engeland og fell ut i Otra ved Røyknes. Gjennom Homme og Homstean renn Homsåna og vidare ned gjennom Greipstad. Frå Greibesland kjem Søgneelva, også kalla Songdalselva, som renn forbi Hægeland, Stallemo og Åsen. Nedanfor her lagar den Kravlefossen som har 90 meter fallhøgd på 1 km. Det er utan samanlikning den største fossen vi har. Største fallet kalles Femtenalenfossen og ein annan Meinurda. I 1730-åra vart det kosta på mange hundrad riksdalar for å lette tømmerfløytinga. Vegen i Åse-kleive går langs denne fossen, men elva går så djupt nede i den tronge fjellklufta at ein ser lite til den. Etter som dei store fossane vert lagt i røyr vil Kravlefossen verta ein av dei som er verdt å sjå på. Under Åsen renn den saman med elva frå Gumpedalen. I desse elvane har det vore fløyta mykje tømmer i eldre tider, men no er det berre dei eldste som hugsar tømmerfløyting.

I desse og mindre bekkar har det vore ei mengd med vass-sagar. Dei fleste er nå nedrivne eller bygd om til elektrisk kraft. Minst annankvar gard har ei lita elektrisk sag der dei kan skjera stav. Kvinner og born spikrar kasser. Det er mest furuskog som veks her, men også gran og lauvskog. Skogsplantinga har tatt seg godt opp i det siste, kring 200.000 plantar til året, mest gran. Jordbruk er største næringsvegen med god støtte av skogbruket. Ja, skogbruket overtar meir og meir. Her er i alt 148 bruk over 5 dekar og 26 under 5 dekar. Gjennomsnittsarealet er kring 40 da dyrka mark og kulturbeite. For ein mannsalder sidan var her mykje sau. Den gjekk i skogen saman med kyrne på beite om sumaren. No er det slutt med sau og kyrne går på kulturbeite. Det er melkeproduksjon og litt korn- og potetdyrking som utgjer hovudinntekta. Kring fjerdeparten av bruka har gras-/potetsilo og hest og traktor. Ja der er ganske snart fleire traktorar enn det er hester. Kring femtekvar  gardbrukar har fagutdanning, men der er mange unge menn som fylgjer godt med i fagskrifter og anna. 12 av bruka vert dreven av kvinner, så her skulle vere gode sjangser for ungkarer som er glade i jordbruk til å få seg ein odelsgard. Etter tellinga 1959 var det 442 dekar korn til modning og 320 dekar poteter. Det er berre noen få som driv kornavl nå, men store arealer for skurtresking. Før var det korn til modning på kvar gard, og det er veldig store investeringar som er gjort for korndyrking her. For det fyrste var det eit kvernhus til kvar eller annankvar gard. No er det ingen att. So var det badstove som mykje bruktes til å tørka korn på. Av dei er det berre att ei hos Arne Ilebekk. Dei hadde lett for å brenne ned avdi dei fyrte i ein murt steinovn eller røys utan pipe. Det går ennå herming etter då ei av dei siste brann ned. Hans heitte eigaren. Han som hadde lånt badstova og var så uheldig at ho brann ned, sa då eigaren kom: „Å hjelp og trøyste oss for Hans, nå kjem badstova!”

I dette århundre har det vore ei omlegging og nyinvestering i kornavlen for kvart 10. år. I fyrre århundre var det flygelen som var vanleg treskemåte. Rundt 1900 – 1910 vart det anskaffa ei mengd treskemaskiner for handkraft for ein til to mann. So vart arbeidskrafta for dyr til å ha nokon til bare dra maskinen, og i perioden 1910 – 1920 vart det bygd treskehjul i kvar småbekk. I mange grender hadde kvart bruk sitt treskeverk, og der det var vannkraft til å dra treskemaskina laut dei også få halmriste for å spare folk i dumberøyka. I 1920 fekk vi elektrisk straum og motoren overtok for treskehjula som er rotna ned. I bolken 1930 – 1940 vart det investert til fullstendige treskeverk for å spare tid. Ja, mange gjekk over til å spare heile treskinga og slo til grønfor. Det står endå 26 treskeverk i kommunen og rustar bort. I bolken 1940 – 1950 tok korndørkinga seg opp, men no måtte det ombygde bilar og traktor til for å hausta fortare. I bolken 1950 – 1960 vart alle dei gamle anskaffelsane blitt gamaldagse og avlegs og verdlaus, for no vart det å leige skurtreskar. Ja, eit veldig umskifte på berre eit manns minne.

Uthusa som vart bygde i førre hundradåret vart tømra av grovt furutømmer. Sjølve fjøsen var ofte murt av gråstein med over metertjukk mur. Dei vart gjerne plassert på tvers av bakken slik at det var lett å køyre inn frå sida av låven, og ofte var det to låver. Her var det ein glugg til kvar side- minst 1 meter oppe på veggen til å lempe høy og halm inn i djupløa på kvar side. Dørene var so låge at ein måtte bøye seg, og i husdyrromma var det vanskeleg og tungt å hive høyet over simsa, som dei kalla det. Det står endå eit slikt uthus godt bevart på Mushom. (1950)

Dei uthus som er bygd i dei siste par mannsaldrar er større og bygd av reisverk med køyrebane langs etter huset. I siste mannsalder er det bygd mange moderne uthus med betong murer og husdyrrom der innredninga er av jarn. Det er lettvindt å stelle der, men det er vanskeleg å forandre på etter som driftsmåten skifter, so utviklinga går i retning av enklare bygg.

 Stovehusa var av gamalt store, dubbelhøge hus med to stover og to kammers, med gang og kjøkken midt etter. Var det både fram- og bakdør var det to ganger midt etter og kjøkken i kammerset. I kjøkkenet var det skorstein. Det er berre att 2 – 3 av desse husa no som ikkje er ombygd. Mest vanleg på gardane er likevel 1½ høgder hus med same rominnredning, men no er gjerne framganga slått saman med stova. Kjeller og loft er blitt betre utbygd. Bad og vannklosett blir no svært vanleg på gardane. Av dei vel 200 beboelseshusa har fjerdeparten fløybygning. Stovehus og uthus er bygd saman so dei slepp å gå ut i snø og regn for å kome til fjøsen. Det er nok dei store snøvintrane vi ofte har her som er årsak til alle fløybygningane. Ein kan ikkje nett tale om dårleg husrom her når det jamt over er berre 4 – 5 personar i kvart hus. Avsidesliggande hus vert tomme, og langs Setersdalsvegen bygges stadig nye hus. I alt er det planlagt areale på vel 100 tomter. Dei nye bygga er små og låge.

 Her er mange gravhauger og oldsaksfunn som syner at her har vore folk i lange tider. Ein fin flintdolk vart funnen under jordarbeide i Stallemodalen, tidfest til yngre steinalder kring 2000 f.Kr., nå i Universitetes Oldsaksamling. Eit verdfullt funn vart gjort på Mushom under grøftegraving der dei fann ei skikran som vart tidfest 2500 år attende. (Denne skituppen oppbevares på Skilmuseet i Holmenkollen og er etter nyere bestemmelsemetoder funnet å være ca. 500 år gammel, men betegnes likevel som et av de flotteste skifunn som er gjort her i landet. Red. anm.)

Det er ei mengd gravhauger kringom i bygda. Mest kjend er vel alle haugene på Stallemo-sletta, men også på Hægeland, Loland, Reiersdal, Greibesland og på Sangesland er slike hauger kjend. I 1922 var konservator dr. Helge Gjessing her og leidde arbeide med utgraving av 16 graver. Dei fann fleire ting som: leirkrukker, bronsespenner, sylvhekter, toleknivar, spinnehjul o.a. Dr. Gjessing tidfeste haugane til folkevandringstida, 400 e.Kr. På Steinvollen, aust frå Øvrebø kyrkje, var 2 – 3 serleg store og pene gravhauger. Når ein stod på kyrkje-bakken såg ein dei so fint før i tida før skogen voks opp kringom deim. Rett nord for kyrkjegarden ligg ei bygdeborg. Den ligg på toppen av Prestheia med godt oversyn til alle kanter.

”Øvrebø er relativt godt belagt med funn  og faste fortidsminne frå eldre jernalder”, skriv arkeolog Møllerup.”Serleg godt kjent er det store, prektige gravfeltet på Stallemo med til saman 32 runde og ovale hauger. Feltet ligg på ein furumon nær Søgneelva. På Reiersdal er over 20 hauger fordelt på fleire grupper. Der er og eit par hustufter fra eldre tid. Ellers er det fleire graver på kvar garden når det berre vert nøye granska. Noko av det mest interessante er likevel kring Øvrebø kyrkje. Den fine sletta mellom prestegarden og Sangesland heiter Skeia, eit namn som minner om kappløp og kappritt, so her har det vore eit viktig sentrum i si tid. Like aust herfra, på Steinvollen, ligg det retteleg store og fine gravhauger. Før skogen voks opp om dei var det ein pryd for bygda. I nordvest for Skeia ligg Prestfjellet. På toppen er det rester av ei bygdeborg. Arealet er kring 300 meter langt og 30 – 70 meter breidt. Her var godt utsyn over terrenget kringom, men no er det tilvokse med tre. På Mushom var det funne et ski som dei trur skriv seg fra kring 500 f. Kr., og er soleis eit av dei eldste skifunn vi har. Den ligg på Skimuseet i Oslo”.

Kyrkja står på Sangeslandsgården, og var i gamal tid kalla Sangislands kirche (1625). Seinare vart det Øffrebø kirche som var anneks under Oddernes til 1814. Då vart Øvrebø prestegjeld skildt ut. Øvrebø vart då hovudkyrkje med Vennesla og Hægeland som anneks.

I 1756 vart det bygd kapellansgard her. Det vart teken ei halv hud krongods frå Øvrebøgarden og ei halv hud krongods frå Sangeslandsgarden og lagt til denne. Første kapellanen var H.U. Fordahl, født på austre Føreland i Hægeland. Han døydde i 1760 og er gravlagd på kyrkjegarden her.

Fyrste sokneprest var Bernt Smith (1814 – 1836). Etter han kom presten Pharo, ein sers myndig herremann. Han var fyrste ordføraren i Øvrebø, og han bygde ny prestegard i 1839, dei husa som står nå. Det er ein stilrein og vakker bygning, retteleg prestegardsstil.

Av dei meir kjende prestane er G. Chr. Thorkildsen (1877 – 1890), seinare biskop i Agder.

I 1905 vart Vennesla hovudsokn, og presten då, Mons Olaus Herberg (1892 – 1921), flytte dit. Då vart prestegarden seld til Øvrebø herad, og vart nytta til gamleheim ei tid, men er nå att bustad for kallskapellanen.

Øvrebø kyrkje ligg vakkert til på ein rund haug med utsyn over Sangeslandsvannet og Sangeslandsgarden. Det at den ligg attmed Skeia og like under bygdeborga på Prestefjellet, skulle gje prov for at her har vore kyrkje i lange tider. Frå 1660 har vi fleire regnskap om inntekter og utgifter og verdsetting av inventar. Inntekter er millom anna korntiende i tønner og notting og ”kyrkjekyr” som vart bortleigd på gardane til ”kirken sitt beste”. Her er nemnd om tilbygg til kyrkje som og skulle tale for at det har stått kyrkje før 1620. I 1723 vart kyrkja seld av kong Fredrik 4. til ålmugen i Øvrebø for 20 riksdaler. Denne vart riven og ny bygd i staden i 1799. Det er ei pen korskyrkje. Den er restaurert seinare og har fått pene fargar. På altertavla står tala 1626 og 1649.

Av altersylvet er alterstaupet frå 1751 mest interessant. Om det fortell bygdesogeskrivaren Jon Åsen: Det vart kjøpt i staden for det eldre staupet som vart stole eit par år før. Kyrkjetjuven var Anders Olsen Høfding, fødd i Sigdal prestegjeld i 1715. Han var illgjeten denne Anders og hadde mange tjuveri på samvetet. Tvo gonger braut han seg ut av fengslet og kom på frifot. Hausten 1749 gjorde han innbrot i Øvrebø kyrkje, og dagen før hadde han gjort innbrot i Iveland og Vennesla kyrkje. Då presten saman med fire soknemenn kom til kyrkje på sundagen ”fant de bortstjålet disk og kalk av sølv”. Tjuven hadde og brote opp kyrkjebøssene. Fir Øvrebømenn tok på leiting etter tjuven snarast råd. Dei fekk snart høyre om ”en ubekjendt mandsperson med et kvinnfolk at have reist”. I Bjelland  hadde han fått smelta sylvet. Laurdag morgon ei veke seinare kom dei over tjuven på Mjåland ved Lysefjorden i Ryfylke. Han vart ført til Kristiansand og saka kom føre i byting og ekstrarett. Høfding blei dømd ”etter Lovens 6. Bogs, 17. cap.,  39. artikkel og forordning av 4. mars 1660 ei alene at miste sit liv men endog efter lovens 16. cap., 4. art., legges på hjul og steile”.

Kyrkjeklokka er gamal. Den vart omstøypt i 1753. Den har soleis no kalla på folket i Øvrebø i 210 år, både i sorg og glede. Den har ein gong falle ned, so det er ikkje so sterk lyd i den lenger, men mor og bestemor fortalde om at dei på jolaftan var ute på Mushom og Ilebekk og lydde etter kyrkjeklokkene når det var godt underfrosen.

Kring kyrkja er det ein pen kyrkjegard. Dei seinare år har folk synt stor interesse for siste kvilestaden åt farne slekter. Vi har ingen bauta over kjende menn eller falne krigshelter. Vi slapp vel gjennom farne krigsår. Vi har fått alle våre heim att med liv og lemer i behold, og det er vi glade for, sjølv om vi lett gløymer dei som var ute og ofra og leid.

Vi kan med full rett syngja: ”Her ligg dei grav i grav, frå hei og ned i dal”. Om vi ikkje kan visa til dei som ofra liv og blod, so passer det likevel so godt: ”Her ned i grunnen sveiten rann, trufast åt fedrane våre”, og vi kan gjerne føye til blodsveite, for det har vore ein hard strid og mange tunge tak som er tekne ned gjennom tidene i so pass karrig og barsk natur som her.

kristoffer