ÅRSSKRIFT 1997 – AGDER TIDEND – FRAA ØVREBØ 1927

ÅRSSKRIFT 1997 – AGDER TIDEND – FRAA ØVREBØ 1927

Dette sto i avisen Agder Tidend 27. april 1927

No er det snart slut paa vinteren og snøen er mest burte paa slettene. I skogen er det enno ein del att og isen ligg framleis paas vatni. Det hev vore ein lunefull vinter, og eit svært kleint føre, baade i skogen og etter vegane. Snø, slut og regn um ein annan, mest jamt, og lite godver hev det vore. Sume stader hev snøen gjort ein del skade paa ungskogen. Det hev vore ein del skogdrift i vinter som elles, men dei fleste driv ikkje meir enn dei kan greida sjølv utan leigd hjelp. Det er mest kassestav og sildekassor folk hev arbeidt med, og det er selt mange tusen kassor i vinter. Ein del ved er drive fram, likeeins er det skore litt tunnestav.

Eit snikkarkurs hev vore halde på Øvrebø gamleheim i vinter. Det vara i 8 vikor og slutta med utstilling sundag 3. april. Det hev vore arbeidt mange sers fine og nyttige ting paa kurset, mellom anna befear, sengjer, skaap, kommode, stolar vaskevatnsbord, sofaer o.a., i alt var det utstilt ting til ei samla verd av 2000 kronor. Det var møtt fram mykje folk til utstillingi, men der burde ha vore endaa fleire. Det hev vore 12 elevar paa kurset, og det er T. Eikild fraa Aaseral som hev vore lærar. Han heldt eit liknande kurs her for to aar sidan.

Folk hev teke til med vaararbeidet men truleg kjem ein til aa byrja paa om ei vekes tid, avdi det er så kaldt um nettene. Sume klagar yver at høyet er udrygt aa taka av i vinter, og fleire lyt kjøpa ein del for aa berga seg yver vaarknipa.

Lars