ÅRSSKRIFT 1997 – 6.MAI 1927 – AGDER TIDEND

ÅRSSKRIFT 1997 – 6.MAI 1927 – AGDER TIDEND

Øvrebø – fraa siste heradstyremøte:

  • Søknad fraa Sigurd Foss, Bjelland og Lars Røynesdal, Grindheim um konsesjon paa bilrute var samrøystes svara at rutone ingi interesse hadde for Øvrebø.
  • Hagebrukslaget søkte um bidrag, men fekk ingenting.
  • Ein del søknader um ettergjeving av skatt var for det meste avslege, tvo tri fekk litevetta avslag.
  • Det var vedteka at eldre utparta skattar skal seljast ved auksjon. For forfallen skatt skal der haldast utpanting.
  • Rekneskapen for gamleheimen syner eit overskot paa umlag kr. 1100 i aar. Løni for tenestefolki var nedsett for komande aar.
  • Ein søknad um utsetjing med betaling for i aar i smaabruksbanken var anbefalt
  • Betaling for vegvaktarane var sett til kr. 150 um mnd., pr. time 0,70. Gruslessarane fær kr. 5,50 um dagen.
  • Krinssjukekassa hadde eit overskot paa kr. 1576. Rekneskapen var samrøystes godteken.
  • Til Forliksraad vart vald Alb. Skarpengland 11 r. Olav Upsahl 10 r. O.P.Fivelstad 7 r. Varamenn: Johs. Hægeland, Torjus Horrisland og O.G.Homme. Formann Olav Upsahl.
  • Gruskøyringi var burtsett til Torgny Bøhn m. fl. kr. 2,00 og 1.75 pr. kubikkmeter. Thomas Eikeland kr. 1,60 pr. kubikkmeter. Reinert Loland kr. 1,50 pr. kubikkmeter. Lars T. Greibesland kr. 7 pr. dag. Søren Bjørnshei kr. 1,75 pr. kubikkmeter.
  • Betaling for jordstyret var sett til kr. 0,80 pr. time fraa 1. juli.
  • Formannsskapets fraamlegg til budgett vart utsett.
Lars