ÅRSSKRIFT 1996 – JUBILEUMSSKRIFT

ÅRSSKRIFT 1996 – JUBILEUMSSKRIFT

Da Vest-Agder fylke ga ut et jubileumsskrift for 100-årsjubileet for formannskapslovene i 1937, sto det også litt om Øvrebø i boka.

Øvrebø og Hægeland – 1. Januar 1861 – 1. Juli 1896:

(Kilde: Vest-Agder fylke. Til 100-årsjubileet for formannskapslovene 1837 – 1937. Trolig skrevet av Jon Åsen)

Hovedveg og trafikk (1864): Det er prosjektert omlegg av hvovedvegen. Lensmann A.O.Lie tek upp framlegg at vegen vert umlagt fra Geitevadstea um Vehus til Løebakken ovanfor Homme.

Fire menn på vegne av heradet hadde røkt etter og funne ei onnor line betre, gjenom Helvedesdalen til Skarpenglandsmyra. Denne lina finn dei langt betre enn dei andre prosjekt, og bed um å få ho undersøkt.

Heradstyret ber fran fir amtet ei sterk grunngjeving kor naudsynt umlegget er. Det var særleg Skottedalskleiva som måtte burt. Men amtet vert også mint um Vassåsdalen og Kiledalskleiva. Trafikken er veldig. Sume tider kliv 100 – 150 hestar med lass dagleg Skottedalskleiva. Etter ”paalidelig kilde” vert det ført upptil 300 tønner kornvarer dagleg til Kile i ”sesongen”. Privat var teikna 852 spd. Til vegbygget – frå 107 personar.

Fattigstellet: Soga um dei fattige er sår og tung. Dei sosiale tilhøve var slik at dei fann det naturleg å dele bygdesamfunnet i ei velstands- og ei fattigmannsklasse. Midt inne i det vesle bondesamfundet var rangstigen ein realitet. (Tenk berre på stoldelinga i kyrkja.) Fatigkona streva halve mila og meir skogvegs og i ulende etter mjøl- og kornposen. Legdekallen sleit segfram ein tung veg frå hus til hus. Heimlaus! Borna til slike fylgde skulen som ”fattigbarn” hjå framande som hjuring eller i onnor teneste.

Men dei menn som bygda hadde sett til vern kring dei fatige tok visseleg oppgåva med alvor. Dei ytte hjelp ”in natura” (mjøl, korn o.s.b.) og i pengar. Det var fast legd, omgangslegd og burtsetjing. ”Korleis hadde dei fatige det?” spør eg ein 92-åring, han hadde havt mykje med dette å gjera. ”Æ veid kje ko æ ska seie. Dei som stræva og ville greie sæ sjæl, dei hadde det vondt! Men det va nok some som holdt sæ framme.”

Me les mykje i det svaret, Det minner oss om ei tid då sjølberging prega samfundet. Nokre data frå Øvrebø fatigprotokoll vil truleg gjeve eit tolleg rett bilete kring dette:

1865:

  • Ei 40 år gamal sjuk og tomset kvinne burtsett i 14 månader for 9 1/3 tønne mjøl og 3 1/3 spesiedalar.
  • Fatiglem Torborg Godåsen døyr det året. Ho hadde bud på plassen Godåsen sidan 1814. Fatigstyret hadde heile tida betalt leige med i alt 200 spd. Dottera Ingeborg ofra seg heilt for å passe mor si, og heradet gjer vedtak forebils å reide ut leiga også for henne, som ei påskyning ”for dette sjeldne træk af barnlig kjærlighed og ufortrøden opofrelse”. Ingeborg skal også få ha eignelutene etter mor si, endå fatigstyret hadde rett til dei. Slike ”effekter” etter avlidne fatiglemer ble elles selde på auksjonar.
  • Fatigstyret kjøpte inn ”uld, hør o.a.” og let dei fatige som trong hjelp få ei høveleg løn for å spinne, veve og sy det til klede som skulde delast ut.
Kristioffer Berntsen