ÅRSSKRIFT 2007- andre del av Øvrebø som eget herred
Fyrste løyvingssak: Etter prostevisitas kom det krav um å få bygt sakristi ved Øvrebø Kyrkje. I møte 31. august 1838 gjorde formann og representantar for Øvrebø vedtak um å likne ut 1/2 spd. pr. sk. dalar til dette.
Vegar: -1838: Heradstyret uppmodar futen um snarast råd å få gjort vegen betre frå Augland i Torridal til Kile og syte for betre vedlikehald enn hittil… -1848: Umleggjinga av vegen frå Mosbø ferjestad til garden Vennesland godkjend med den fyresetnad at heile tinglagetvert med i kostnaden…. -1852: Søknad frå uppsitjarane um stønad til vegen frå Sandland til Hægeland. Avslegen. Året etter er vegen upparbeidd privat, farande med hjul. Søknad um å få han til offentleg veg. Samrøystes tilrådd. I same møtet søknad for vegen Greibesland – Under-Åsen, – tilrådd for vegstykket Fidjevabru – Under-Åsen -, og for vegen Hageland – Saurdalen, – tilrådd for vegstykket Fjellestad – Saurdalen. Fylket kravde desse vegane sett betre i stand fyrr det kunne bli offentlege vegar. -1854: Bygdevegen i Vennesla frå Iveland grense til Samkom bru (kostnadsrekna til 1100spd.). Vedteke å likne ut 2 mark pr. sk. d. til vegen, mot at fylket tek resten.Same dag avslege søknad um offentleg vedlikehald av vegen Ruenes – Honnemyr. Vennesla form. og rep. gjer vedtakum å ta åleine det som fell på Øvrebø prestegjeld ved kostnadsoverslag av Kvarstein bru. -1856: Framlegg frå fylket um å leggja um Stupstadstøyten. Uppsitjarane vil ikkje yte noko. Heradstyret vel då å setje vegen i stand i den høgd han hev. -1857: Krav frå Vennesla til fylket um at vegen gjenom sokna må bli hovudveg. Framlegg frå Evje um å løyve det som trongst til veg frå Omdalsvadet um Skjervedal – Voreland til Iveland grense. Løyvt 200 spd. delt på tri år frå arbeidet tek til på vilkår at ein slepp med det. -1859: Løyvt 80 spd. til umbygging av vegen ved Grødal og Stupstad mot at fylket skyt til det same. -1860: 200 spd. frå heile heradet til to vegumlegg på vegen gjenom Vennesla (kostnadsrekna til 697 spd.) «Prestevegen» (fra Skarpengland til Drivenes) var det mykje strid um fyrst i 50-åra. Øvrebø og Vennesla ville helst leggja han ned, dei hevda t Hægeland skulde ta sin part av utgiftene anten til vedlikehald av vegen eller til presteskyssen um Mosbø. Hægeland vilde fyrst ikkjerøysta i denne saka, men fylket kravde samla røysting. Fleire avrøystingar, stødt eit heller stort mindretal mot nedleggjing. Mindretalet kravde saka inn for riksstyret. -1852: Uppsitjarane i Vennesla søkjer fylket um å sleppa vedlikeghald og snøbrøyting på «prestevegen» i Tveit. (Frå Vennesla um Kriastiansand 2 – 4 mil unda).
Jormor. -1843: Departementsbrev vedkomande jormor. Heradstyret vedtek samrøystes at det ikkje var naudsynt. Ein kunde hjelpe seg som fyrr, «og man aldrig var i Forlegenhed i paakommende Tilfælde at kunde erholde Hjælp fra Christiansand». (Fyrste jormora, «Madamme Evensen», vart tilsett i 1853).
Eikeskogen: -1844: Fyrespurnad frå futedømet um eikeskogen. Det vart svara at eikeborken hadde vore i 2 spd. skippundet dei seinare år og ein flettar vanleg berre tre det ikkje skader å hogge. Borkedrifta er ei næring her og øyder ikkje skogen. Einskilde driv nok for hardt, men då for å løysa skulda på garden. Ein finn såleis ikkje at det bør bli nokor minking i denne drifta.
Fangst og freding. Nokre år seinare set heradet skotpremien for vaksen ulv upp til 8 spd. og for ulvunge til 4 spd., og uttalar seg for heilt forbod mot å bruke fallstokkar og snarer, eller i det minste i tida 1. mars til 12. november.
Skatteting. Folk skulle betale skattane på hausttinget på Lahellle. i 1849 søkte Øvrebø og Hægeland um å få betale på eit manadsting i Øvrebø Dette gjekk fyrst gjenom i 1849.
Husmenn. I 1850 var det 68 husmenn i Vennesla, 18 i Øvrebø og 14 i Hægeland. Formannsskapet meiner at tilhøva millom husmennene er skrale; ikkje få av dei fær hjelp av fattigkassa. Grunnane til dette er noko arbeidsløyse og noko mindre arbeidshug, særleg dei årstider då arbeidsløna er lita. Hjå sume kan styr og stell i heimen vere skuld i det. Ein trur det vil tene husmennene um det vert lovbode at festebrevet aldri lyder på mindre enn 10 år. Dette vil tvillaust hjelpa upp jordbruket.
Pengetrong. -1850: Brev frå Hornes og Iveland med uppmoding um å segja si meining um lånetilhøva. Heradstyret seier at ein finn det særs gagnleg å gjeve ålmugen på landet lettare høve til pantelån, «da der ogsaa finder sted stor Pengemangel her i Districtet». Denne trong til pengelån må ein sjå i samanheng med dei offentlege tiltak til å fremjekommunikasjonar og nydyrking.
Myrdyrking: I våre bygder var det gode tider ut etter 1850-åra, og interessa for myrdyrking var svært stor. Statsagronom Lindequist stødde godt til. I 1855 tilrådde heradstyret tri demonstrasjonskurs i myrdyrking: eitt på Eikeland i Hægeland, eitt på Reiersdal og eitt på Grovane. Det var berre eitt for alle tri soknene, på Loland sumaren 1855. Men det var samla 153 interesserte som fekk «Anledning til at se en Myrdyrkning gjennom de forskjellige Stadier, indtil den bar sin afgrøde, og bleve Flaahakking, Brænding og Plyning udførte i de Forsamledes Paasyn, og alt til deres særdeles Tilfredshed«. Alt då rekna Lindequist med kring 300 mål myr under dyrking i Øvrebø prestegjeld. Heradstyret løyver same året 40 spd. «til Oplærelse af een Elev under de i Statens Tjeneste antagne Agronomer», 5 spd. til å kjøpe jordbruksbøker for utlån, og set opp premiar: ei på 8 spd. til den som leiger dugande karar til å flåhakke og brenne, og 1 spd. pr. mål til den som fyrst kunde syne full grøde på nydyrka myr utan gjødsel. I 1858-59 vart det gjeve heradstrygd for lån av staten til myrdyrking for i alt 1024 spd., mest i Hægeland.
Kornpris. For året 1850-51 sette heradstyret medelprisen på bygg til 2 spd. 96 sk. I 1856 var prisen 4 spd. 36 sk., og 3spd., alt pr. tunne og med transportkostnader medrekna.
Heradskasse. -1854: Vedtak um å skipe heradskasse for dei utgifter som ikkje galdt Kyrkja, skulen og fatighjelpa. Fute (iMandal) var fyrste kasseraren. I 1859 eigen heradskasserar. Ordførar Alf Robstad vart tilsett med 1% i løn.
Arkiv. -1856: Heradstyret løyvde pengar til «en laasferdig kiste» til arkivsakene.
Bank: I 1875 gjorde Vennesla upptaket til eigen bank. Planen godkjend året etter. Det var fyrste bygdebanken i fylket. Øvrebø og Hægeland skipa bank saman i 1858. (Sjå 70-årsskriftet for Ø. & H. sparebank).
Tronge tider: Slutten av 1850-åra var tunge økonomisk. 1859 var turkeår og 1860 kaldt regnår. Mange trong hjelp, men få greidde betala fatigkassa i rett tid. Hægeland sokns heradstyre søkte i 1860 um å få låne 500 spd. av Bygdemagasinfondet. Øvrebø søkte um 300 spd. Og våren 1861 fekk prestegjeldet fra «Comiteen for Indsamling af Bidrag til Chr.sands. Opland» 40 t. såkorn som gåve. Formennene og soknepresten selte ut og gav Hægeland 18 t., Øvrebø 13 1/2 t., og Vennesla 8 1/2 t.
Deling. -1851: Søknad frå Vennesla um eige formannskap, – etter uppmoding frå nokre gardbukarar. -1857: Vennesla gjer framlegg um å bli skild ut som serskilt herad. Øvrebø og Hægeland einige. -1860: Framlegg frå samla heradstyre um at futen kallar i hop til møte um saka på fyrste skatteting for Odde og Øvrebø tinglag. (F.m.sk.lova §1). —Frå 1. jan, 1861 vart so Øvrebø formannsskapsdistrikt delt i to: 1: Vennesla 2: Øvrebø og Hægeland Heradskassa, løyvingar og tilskot skulde delast etter matrikkelskyld.
Ordførar desse åra: Sokneprest Pahro, 1838-39 og 1848-43 H.P.Smith, 1840-41. 1846-49 og 1852-55 Alf Robstad, 1844-45 og 1858-60 Ole A. Egeland, 1850-51 og 1857 J. Boysen. 1856.