ÅRSSKRIFT 2013 – Ragnhild i Tøa – del 2
Av Ådne Fardal Klev.
I 1859 gifta Ragnhild seg med oldefar min, Nils Nilsen (1821 – 1875).Han var fødd på Lian, men hadde kjøpt eit lite bruk under garden Heggland som dei kalla Tøa. Her hadde og den fyrste kona hans Ingerid, budd, og saman fekk dei fem born. Ingerid døydde i 1857, 34 år gamal. Då var yngstesonen ganske liten. Borna var elles Odd fødd 1845, kom til Søgne, Nils fødd 1847, til sjøs i 1875 som matros i Nord-Amerika, seinare til Kristiansand, Tobias fødd 1851, blei gift til skår i Øyslebø, Torborg fødd 1853, kom til Støa under Høye i Øyslebø, og Nils Andreas fødd 1857, reiste til Amerika og døydde der. Alle desse borna tok Ragnhild seg av. Sjølv fekk ho og Nils sju born på rekke og rad. Eldste sonen, min bestefar, fødd 1860, skulle etter oppkallingsraeglane i denne tida vore kalla Anders etter morfar sin, men han ble oppkalla etter sin morbror Aanen som då var død. Han kom etter kvart til Fardal i Sør-Audnedal og tok dette gardsnamnet til etternamn.
Den neste i rekka fekk namnet til faren Nil`s fyrste kone slik skikken den gong var. Ingerid – kalla Inger – fødd 1862 kom til Øyslebø sogn, ho var gift, men dei hadde ikkje born. Den neste var Anna, født 1864. Ho kom tidleg til USA, gift og busett i Chicago med ein som heitte Grover til etternamn, dei hadde sju born. Kristen fødd 1866 kom også til USA, han budde i California og var gift med ei svensk dame med namn Berta. I USA nytta han namnet Christ Ugland. Dei hadde ein son, Nils. Deretter var de to born som døydde små: Olaf (1870-1871) og Gurine (1872-1872). Den yngste i flokken var Olaf Hegland, fødd 1874. Han var gift med Margit frå Setesdal og dei budde fyrst i Kristiansand, seinare i Skien. Dei hadde seks born.
Nils veit me heller ikkje mykje om, og det finst ingen bilete av han. Familien fortel at han blei mykje brukt som kjøgemeister i bryllaup, han var edrueleg og god til å halda orden i bryllaupshuset. Truleg har han hatt ein del dagarbeid attåt gardsdrifta. I 1865 var det 3 kyr, 4 suer og 5 geiter i Tøa, og utsådewn var 1 tønne havre og 2 tønner poteter. Familien bestod då av åtte personar; ektefolka og deira tre små born og dessutan dei tre minste borna frå mannen sitt fyrste ekteskap. I 1866 blir det opplyst at beitet er lagleg, men ringt. Då minstesonen var omlag eit halvt år gamal, døydde Nils, 16. mai 1875. Han hadde vore med på tømmerfløyting tidlegare, blitt forkjølt og dette gjekk over til lungebetennelse. Den gongen var det ikkje bot for slikt. Ragnhild tyder visstnok «stridskvinne», og ei stri tørn fekk ho sikkert som ung enke med fleire born å ta seg av. Året før ho blei enke, selde også foreldra hennar gardsbruket på Heggland og flytta til henne i Tøa. Av bilete kan ein sjå at ho har vore ei myndig kvinne, og det måtte ho sikkert vera for at kvardagen skulle henga i hop. Ved folketeljinga i 1875 ser det ikkje ut til å ha vore krettur i Tøa, men det blei sådd 1/2 tønne bygg og 1/2 tønne poteter. Berre borna Kristen og Olaf budde heime, mannen sin son Nils frå fyrste ekteskap var matros og fråverande, men båe foreldra til Ragnhild budde der då. Ein tradisjon i familien er at Ragnhild var mykje brukt som «hjelpekone», altså fødselshjelpar utan utdanning. Det var berre eit fåtall eksaminerte jordmødre rundt om i bygdene på 1800-talet, og kvar bygd eller grend hadde då oftast slike koner som hadde opparbeidd seg ein kompetanse på området. Dei fleste hadde jo sjølv fødd born, og det var vel kanskje den einaste – og beste – kompetansen dei hadde i så måte. Som enke blei det nok vanskeleg å klara seg i Tøa for Ragnhild. Ho selde bruket til eldstesonen Aanen. Han var ungkar då, og budde her visst nokre år medan mora stelte for han. I 1884 bytta han gard med Endre Hortemo i Greipstad og flytta dit. Aanen og mora var dei siste som budde i Tøa, og han flytta visstnok husa med seg til Greipstad. Etter få år blei mestedelen av Tøa kjøpt av eigaren på grannebruket, og blei såleis hangande i hop med det bruket som Ragnhild i si tid var fødd på. Med dette var Tøa slutt som sjølvstendig bruk. No står berre murrestar at, og vitnar om ei tid som var. Det einaste synlege minne eg har derifrå er ein slipestein. Ragnhild flytta truleg med sonen til Greipstad, og ho har blitt verande der etter at Aanen gifta seg og flytta til Villeheia i Øyslebø i 1890. Ho dødde 29. august 1897 på «Ugland» i Greipstad, og det må vere den garden som i dag blir kalla Augland. Ho døydde av magekreft, 64 år gamal.
Livet til Ragnhild bar preg av mykje slit og arbeid, og eg meiner ho kan stå som eit godt døme fra levd liv på 1800-talet i Øvrebø. Menn sleit, men kvinnene ikkje mindre. Røysterett fekk ho aldri, men røysta hennar og arbeidet hennar tydde likevel uendeleg mykje i familien og bygdelaget i samtida.
Kjelder: Intervju med eldre slektningar gjennom åra – Mørck, Marit Ljøstad: Greipstad. Gård og slekt. Bind 2. Songdalen kommune, 2007 – Statistiske Tabeller vedkommende Underviisningsvæsenets Tilstand i Norge ved Udgangen af Aaret 1840, Christiania 1843 – Sveinall Paal: Øyslebø. Gard og ætt I, 1976 – Åsen, Jon: Øvrebø-boka I Gard og ætt. Kristiansand 1951 – Åsen, Jon: Øvrebø-boka III. Kultursoga. Kristiansand 1967.